-
Innlegg
10 272 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av torbjornen
-
https://www.nrk.no/mr/overrasket-over-at-det-ikke-var-flere-folk-i-geiranger-1.17025706 Kan det vere slik at folk flest er lei av både prinsessa og halve kongeriket kongefamilien?
- 117 svar
-
- 1
-
-
Märtha Louise har forlengst mista tittelen "kongelig høyhet". Prinsesse er derimot noko ho er, uavhengig av kva ein måtte meine. Og for den slags skuld også uavhengig av om Norge er eit monarki eller republikk.
-
Også den norske kongen kan velje å abdisere. Dei kongelege står til disposisjon så lenge dei sjølv vil, og så lenge Norge vil ha dei.
-
Når ho ikkje har noko formell rolle er det ingen grunn til at ho skal ha apanasje.
- 117 svar
-
- 1
-
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Litt på sida av temaet, men eg vil tru at det har interesse likevel: -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Eg trur vi eigentleg er einige. Poenget mitt er at ignore-knappen ikkje bør brukast anna enn som ein siste utveg for å sleppe å irritere seg over troll eller andre som eigentleg ikkje er interesserte i sakleg diskusjon. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Mette Frederiksen er ei tøff dame, det såg ein også under pandemien. Støre viser derimot skuffande lite handlekraft. -
Det kjem ikkje til å skje. Om den dagen skulle komme at Norge endrar styreform kjem det ikkje til å skje på den måten.
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Ignore-knappen bør etter mi meining ikkje brukast anna enn i heilt spesielle tilfelle. -
Så lenge kongen følgjer "råda" har dette ingen ting å seie.
- 117 svar
-
- 1
-
-
Om status påvirkar utfallet av rettsaker får ein eit problem med tilliten til rettstaten. Det gjeld uavhengig av om det er kongefamilie, politikarar, forretningsfolk eller andre kjendisar som er innblanda eller har tilknyting til dei involverte. Ein løyser ikkje dette problemet med å skifte om frå monarki til republikk.
-
Den eine gongen ein norsk konge i moderne tid har sagt nei plasserte iallefall denne kongen på rett side i historiebøkene. Vi kan vere einige om at kongen i fredstid i praksis ikkje har politisk makt, bortsett frå at han kan foreslå ting i statsråd.
- 117 svar
-
- 3
-
-
Kva ho måtte meine som mor er like irrelevant som kva andre mødre måtte meine om borna sine. Det er domstolane som avgjer, og det kan verken Mette-Marit eller nokon annan gjere noko med.
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Naturvernarar ville ha tak i han, og det var vel bestemt at han skulle flyttast både hit og dit. Eg vil tru at dette har ei naturleg årsak. Når han ikkje kunne få vere i fred trur eg at det var best for han at naturen gjekk sin gang på denne måten. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Sjølve hovudet burde kanskje ikkje ha vore måla, men elles er eg einig. Eg elskar den ukrainske humoren. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
McCaul sa at Huset/kongressen ikkje hadde lagt restriksjonar på støtta, men at det er Biden-administrasjonen som har gjort dette. Eg er ganske sikker på at han ikkje lyg. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Korleis går det med russarar som overgjev seg, og som sidan blir utveksla med ukrainske krigsfangar frå Russland? Om eg hadde vore russisk krigsfange i Ukraina ville eg ha vore mest redd for å bli sendt tilbake til Russland. Forresten ville vel eit alternativ vere å melde seg som frivillig til dei russiske rebellane? -
Kunne det vere mogeleg å få til ein avtale med grunneigar(ar), kommune, idrettslag og/eller andre frivillige der ein sette opp grindar, rydda skog og kratt, laga gruslagt eller steinsett sti og evt. klopper gjennom våte område og trapper der det er bratt? No veit ikkje eg om bonden er grunneigar der stien måtte leggjast, men dersom han er det burde han vere positiv sidan han då slepp å få turfolk rett forbi husa eller i vegen for rygging med traktor eller maskiner i tide og utide.
- 47 svar
-
- 1
-
-
Märtha Louise er prinsesse. Det er ho fødd som, og altså noko ho er. Ho representerer ikkje kongehuset. Marius har aldri vore nokon prins, og har aldri hatt noko rolle som representant for kongehuset. Heller ikkje Lorentsen-familien eller Ferner-familien representerer kongehuset. På den andre sida er alle desse i familie, og det er heilt naturleg at sjølv ein konge snakkar med dottera si og har normale familiære relasjonar privat. Og då har du kanskje allereie forstått kva eg vil fram til. Så lenge dei som faktisk representerer kongehuset, altså kongen, dronninga, kronprinsen, kronprinsessa og Ingrid Alexandra gjer ein god jobb, og det meiner eg at dei gjer. Så meiner eg at dei skal halde fram med dette. All støyen i media om meir perifere medlemmer av kongefamilien er irrelevant for den jobben som kongen og dei andre som eg nemnte gjer. Og etter mi meining finst det langt viktigare saker som media kunne ha skrive meir om enn rotekoppen (og kvinnemishandlaren?) Marius Høiby.
- 117 svar
-
- 4
-
-
-
https://www.nrk.no/urix/det-israelske-forsvaret-atvarar-mot-_jodisk-terrorisme_-pa-vestbreidda-1.17023244 Trass i at Israel har ei ytterleggåande høgrevridd regjering er det deler av det israelske systemet som fangar opp det som skjer på Vestbreidda, og som forstår at busetjarvalden kan føre til at situasjonen kjem ut av kontroll.
- 309 svar
-
- 1
-
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Brother Ursus har nemnt at dei offensive styrkane i Kursk ikkje ville ha hatt noko i ein skyttargravskrig å gjere. Denys Davydov nemner akkurat det same i si siste youtube-oppdatering, som elles i si heilheit er via den kritiske situasjonen på austfronten. Denne gongen er han ikkje nådig. Årsaker som blir nemnt er at andre ikkje har laga skikkelege skyttargraver i forkant som soldatane kan trekkje seg tilbake til, for dårleg kommunikasjon og samhandling, jamming som rammar eigne droner like mykje som dei russiske (berre 15% av ukrainske droner når målet sitt), underordna som lyg til overordna om situasjonen på bakken fordi dei fryktar represalier om dei fortel sanninga (kvar har vi høyrt om liknande før?), overordna som tek feil beslutningar med fatale konsekvensar fordi dei er feilinformerte - kort sagt at filosofien framleis i stor grad er eks-sovjetisk. Det er viktig at slik systemkritikk får komme fram, og at den ikkje utan vidare blir stempla som pro-russisk. Det same gjeld f.eks. innlegga frå JK22. For dersom det berre er positive nyheiter som får komme fram vil ein aldri lære noko, slik at ein får lagt om kursen. Ein får verkeleg håpe at både dei som sit på toppen i Ukraina, samt dei vestlege støttespelarane får med seg- og lyttar på kritiske stemmer.- 87 662 svar
-
- 12
-
-
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Dette er vel ikkje så ulikt NAMMO, som ikkje ville sende nordmenn til det som var "eit legitimt militært mål". Kva dersom ein byter ut ordet Ukraina med ordet Israel? Ville USA, Storbritannia eller andre ha henta heim alle eigne borgarar fordi Iran trua med å angripe med nokre hundre missil, og så berre la det stå til? Nei, då bidreg ein i staden med både luftvern og flystøtte slik at ikkje ein einaste rakett når målet sitt. Den manglande vestlege støtta til Ukraina vil nok bli hugsa i generasjonar framover. Ukraina vil måtte gjere som Polen, men i enno større grad. Ruste opp, slik at ein kan greie seg sjølv. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Eg meiner å hugse at Mike Johnson har uttalt seg positivt om å fjerne restriksjonane. Dessutan stod leiaren i utanrikskomiteen i huset (McCaul, republikanar) under grilling av Blinken og viste fram eit kart og fortalde at her har Russland trygge tilfluktstader for å angripe Ukraina. Han streka under at kongressen ikkje hadde lagt begrensningar på støtta - men at dette vart gjort av Biden-administrasjonen. Kunne Biden ha gjort ting verre dersom han tok republikanarane på ordet, og fjerna restriksjonane ein gong for alle? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Dette har eg ikkje fått med meg. Tyrkia sitt kjøp av russisk luftvern førte vel til at USA ikkje ville selje F35, og treneringa av svensk og finsk NATO-søknad førte vel til at dei heller ikkje fekk fleire F16 før treneringa tok slutt. Så då har tydelegvis Erdogan forstått at å støtte Russland har ein pris. -
Ei anna sak frå same lokalavis: https://www.firda.no/selja-forlag-vann-over-fosse-soskena-i-lagmannsretten/s/5-15-1489749
