-
Innlegg
10 272 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av torbjornen
-
Fyrste gong Tore Strømøy dukka opp på TV var vel her: https://tv.nrk.no/serie/gofot-paa-laaven/sesong/1992/episode/FSTL71005192 Nrk er ikkje det det ein gong var, og ein har gått vekk frå gode kvalitetsprogram som samla heile familien for å prøve å lokke til seg ungdommen. Tore Strømøy høyrer til i ei anna tid. Men det burde framleis vere mogeleg å lage kvalitetsprogram til ein annan kanal. Får vi kanskje ein eller annan gong sjå "Tore på nye eventyr" som podcast på VGTV? Eg håpar at ein ikkje har sett Tore Strømøy for siste gong. Når det er sagt, så må ein også hugse at artikkelen fyrst og fremst viser berre den eine sida av saka. Den andre sida av saka veit berre redaktørane i NRK, som stort sett har valt å halde tett. Retting: I følgje Wikipedia har han vore på TV allereie frå 1988. https://no.m.wikipedia.org/wiki/Tore_Strømøy
- 113 svar
-
- 3
-
-
-
Er det som står her feil? https://www.grontpunkt.no/aktuelt/nyheter/den-utskjelte-korken Dette er trass alt av dei mindre viktige sakene som blir bestemt over hovudet på oss, men Norge burde uansett ha plass rundt bordet når slike ting blir bestemt. Eg er elles stort sett einig i det du skriv.
-
Er det då slik at 38% heller vil ha republikk, eller er det slik at mange ikkje har noko meining verken for eller imot? Desse tala vil truleg endre seg igjen når det blir mindre støy rundt Märtha og Marius. Skulle det bli ei nasjonal krise som 22/7 vil støtta kunne auke ytterlegare. Når det gjeld politikk har folk flest dårleg hukommelse. Men når støtta til kongehuset byrjar å nærme seg 50% bør varsellampane uansett byrje å lyse raudt. Mi meining er som tidlegare nemnt at kongen, dronninga og kronprinsparet gjer ein god jobb, og at dei bør få halde fram med det. Ein politikar i same stilling ville nok også kunne gjere ein god jobb med å representere heile Norge, sjølv om eg ikkje likar tanken på det. Uansett, så er det langt viktigare saker som folk burde vere opptekne av enn dette. Eit godt eksempel er forholdet til EU. Norge innfører mange lover og reglar som blir bestemt i Europa utan at dei er tilpassa norske forhold, eksempel er alt frå kontroll over krafta vår til dei idiotiske EU-korkane som har dukka opp på alt frå mjølkekartongar til brusflasker. Her har Norge tilsynelatande ingen ting vi skal ha sagt. Samstundes rasar krigen mot Ukraina, ein krig som er like mykje mellom fascistane i Russland og sine allierte i Nord-Korea, Iran og (delvis) Kina og den frie verda med EU og USA i front. Spørsmålet er om ein i denne situasjonen ville ha vore betre tent med å slå oss saman med EU, slik at ein kunne sitje ved bordet og ha ei stemme når viktige eller mindre viktige beslutningar blir tekne. Evt. kunne ein ha meldt seg ut av EØS og gjenvinne sjølvråderetten slik britane melde seg ut av EU, men der resultatet sannsynlegvis ville vere økonomisk tilbakegang og mange ulike problem. Ein heil generasjon er komne til sidan 1994, og har aldri fått seie si meining i ei folkeavstemming. (Eg var sjølv fødd 1 år for seint, men stemte NEI i skulevalet). Skal ein fyrst diskutere prinsippielle saker er det saker som dette som er viktig å diskutere
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Eg tykkjer at oppdateringane dine pleier å vere interessante, så eg håpar at vi ser deg att om ikkje så lenge. Det er vel internett i Ukraina også, så spørsmålet er vel kanskje kva du får tid til? Det står elles stor respekt av at du gjer konkrete bidrag for å støtte Ukraina i denne vanskelege tida. (bojangles sa dette betre enn meg).- 87 683 svar
-
- 10
-
-
YouTube: Tenger hjelp [løst]
torbjornen svarte på TheDarkSycamore - SCM sitt emne i Internett og nettverk

Mobil Wifi-sone (Wifi=trådlaust nett) vil seie at ein brukar mobiltelefonen som ruter. Då kan du logge inn på Wifi-sona med PC på same måten som eit kva som helst anna trådlaust nett. Internett-kommunikasjon vil då gå via mobildata-tilkoplinga på mobilen i staden for fiber e.l. -
YouTube: Tenger hjelp [løst]
torbjornen svarte på TheDarkSycamore - SCM sitt emne i Internett og nettverk
Dersom eg brukar min Samsung S23 Ultra og går inn på innstillinger og deretter tilkoblinger får eg fram denne menyen: Skru av Wifi (dersom du har det på) og vel "Mobil Wifi-sone og internettdeling". Skru deretter mobil wifi-sone på. Noter nettverksnamn og passord frå mobil wifi-sone-menyen og bruk dette til å logge inn på nettet via PC. -
Stasjonær pc restarter av seg selv
torbjornen svarte på Mus Musculus sitt emne i Maskinen fungerer ikke
Eg var borti noko liknande for omlag eit kvart århundre sidan etter å ha skifta ut ein Pentium 166 Mhz med ein på 233. Eg meiner å hugse at eg trykte prosessoren litt fastare i sokkelen, og at det løyste problemet. Det skal ikkje meir til enn ein dårleg kontakt. -
Å kalle folk for dumme skal ein vere forsiktig med. Terskelen er gjerne lågare når det gjeld å poste i eit forum enn den er når det gjeld å trykkje på den store raude knappen. Og trådstartar har fått klare svar om at h?n bør trykkje på den raude knappen så raskt som mogeleg.
- 41 svar
-
- 2
-
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Ja, det var vel aldri slik at dei ikkje fekk bruke amerikanske våpen mot Berlin eller andre tyske byar? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Om Russland berre trekkjer seg ut og godtek dei internasjonalt annerkjente grensene som dei sjølv skreiv under på i 1994 er krigen over. Dette er ein krig som var meiningslaus i utgangspunktet.- 87 683 svar
-
- 14
-
-
-
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Dersom eg har forstått det rett har dei delt informasjon som lar Ukraina angripe okkuperte område inkludert Krim, men ikkje område inne i sjølve Russland. Den informasjonen som har vore delt har vore viktig. Så er det likevel tåpeleg med ein politikk der ein vil kjempe til siste ukrainar i staden for å ta krigen inn i Russland som trass alt er den angripande parten som er årsaka til at det er krig. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Så då er altså Lavrov lys levande, og pratar om raude linjer som ikkje finst. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Er dette meint for innanrikspolitiske føremål? Det er vel ikkje lenger mange som trur på propagandatullet, verken internt eller eksternt? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Ved å prøve å knyte seg til Harris støttar han Harris sin motkandidat, Donald Trump. -
Team Ingebrigtsen avpublisert av NRK
torbjornen svarte på Phantom Software sitt emne i TV-serier og -programmer
Og når desse som var mindreårige ikkje lenger samtykkjer er nok dette ei fornuftig vurdering.- 3 svar
-
- 2
-
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det meste av informasjonen/påstandane kom vel frå russisk side. Ukrainarane hadde vel det ein kallar operasjonell stillheit. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Kan Stoltenberg/NATO presse Biden/Sullivan til å gje etter? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det må også vurderast å sanksjonere land som India, Tyrkia eller Serbia om nødvendig. Desse landa må ta valet om dei vil støtte Russland eller handle med Vesten. Dei kan ikkje få gjere begge deler. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
JK22 pleier ofte å hevde at situasjonen er håplaus, og at moraløydeleggjande våpen er det som må til. Tenk om dette kunne vere eit aldri så lite vendepunkt i krigen. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Romaina er vel ikkje av dei rikaste eller mest befolka landa i Europa, så dette er eit stort løft. Land som Tyskland burde bidra meir. -
Har du debetkort? Og hva bruker du det til?
torbjornen svarte på mellomkjøttet sitt emne i Privatøkonomi
Trumf Visa. Debetkortet mitt vart ikkje fornya av DnB fordi det ikkje hadde vore i bruk på mange år. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Var utskiftinga av Zalushnyj fornuftig? Eg er ikkje så sikker på at Zelenskyj alltid tek gode val. Samstundes sit sjølvsagt dei styrande i Ukraina på meir informasjon enn oss som diskuterer på eit ope forum. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det går ganske raskt å bla forbi ein dobbeltpost som ein har sett før.