-
Innlegg
10 096 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av torbjornen
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det står vel her at dei russiske speidardronene er blitt vanlegare. Akkurat det er ikkje bra. -
Eit alternativ vil vel vere å få elektrikaren til å setje opp ein brytar på veggen. Evt. har ein uansett mogelegheit til å kople ut sikringskursen og skru av varmtvasstanken på den måten. Redigert: Etter å ha lese gjennom dei siste innlegga ser eg at @AndersT2 har eit godt innlegg som utdjupar dette.
- 60 svar
-
- 1
-
-
Eg er ueinig. Kongen og dronninga er både konge og dronning og foreldre. På den eine sida støttar dei dottera. På den andre sida tek dei avstand frå kvakksalveri og svindel. Dessutan dreier dette seg om å skilje mellom sak og personar.
- 117 svar
-
- 1
-
-
Offentleg støtte har dei så vidt eg veit ikkje vist, dei har vel tvert imot uttrykt at dei ikkje støttar det sjamanen driv med. Men dette handlar om at dei kongelege også er menneske med eit privatliv. Kva kongen og dronninga tenkjer om Märtha og sjamanen speler ikkje noko rolle, ho vil alltid vere like mykje dottera deira, uansett kva val ho måtte gjere i livet. Og slik burde det vere i alle familiar.
- 117 svar
-
- 1
-
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Eg lurer på om problemet her er at Labour er feigare enn toryane var. McCaul var vel tydeleg på at han hadde fått vite at dei amerikanske restriksjonane ville bli letta eller fjerna? -
Det er vel i slike tilfelle at ein treng samsvarserklæringa, og då særleg dersom det blir brann av det.
-
Det er i dag krav om at det ikkje skal brukast støpsel til varmtvasstank fordi denne løysinga er sårbar/brannfarleg på grunn av høg straum over tid. Dersom ein gjer noko med anlegget som f.eks. å skifte varmtvasstank slår kravet inn. Eg har sjølv ein slik varmtvasstank, og ved "privat" kontroll (som ein betalar for) har eg fått råd om å følgje med og å sjekke støpselet av og til. Eg meiner å hugse at dersom gummien skulle byrje å løsne er det teikn på varmgang.
- 60 svar
-
- 2
-
-
Kva dersom dottera til denne politikaren trur på ånder og giftar seg med ein sjaman, samstundes som svigerdottera sin son frå eit tidlegare forhold blir blanda inn i ei valdssak? Bør presidenten, som eigentleg har gjort ein god jobb då skiftast ut? Eller bør ein til og med endre styreform?
- 117 svar
-
- 1
-
-
I denne samanhengen må du hugse at også kommersielle kanalar som tv2 treng statsstøtte for å overleve. Så noko statsstøtte må til uansett, men den kunne ha vore redusert samstundes som ein opna for (meir) reklame.
- 113 svar
-
- 2
-
-
-
Laptopen var bestilt frå elkjop.no under black week i november 2022, og eg har funne eposten med kvitteringa. Dette må vel vere ei garantisak? Er det mogeleg å levere inn maskina i ein fysisk elkjøp-butikk?
-
Eg har ein laptop som oppfører seg merkeleg. Samsung, kjøpt for eit par år sidan. Rett som det er byrjar den å spy ut 5-tal. Samstundes virkar ikkje 5-tasten, samt at nokre av tastane ikkje virkar når eg held inne Shift-tasten for å få stor bokstav. Touchpaden virkar i periodar heller ikkje som han skal. Er dette virus, eller er det eit hardwareproblem? Er det nokon som har vore borti liknande?
-
Eller så greier Leo Ajkic å vere objektiv og å halde ein viss avstand til ei sak, der Tore Strømøy blir dregen litt for mykje med slik at han ikkje greier å vere like objektiv. Det blir fort eit problem.
- 113 svar
-
- 6
-
-
-
Vil dette bli godteke dersom det blir kontroll på anlegget?
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Løysinga er vel då å sende ein fisketrålar i førevegen. -
Det våte vêret ein har hatt i sommar gjer nok at forholda for sopp er gode. Her i Sunnfjord har det ikkje vore mange dagar utan regn sidan i juni, og augustnedbøren slo alle rekordar med god margin.
-
Her er du inne på noko. Var dette private meldingar som vart lekka? Det er ikkje noko gale i å fortelje om ei sak ut frå overgriparen sitt synspunkt. Det er heller ikkje noko gale å tru det eine eller det andre, så lenge ein opptrer nøytralt og held seg til fakta. Men feilen han gjorde var vel å uttale seg skriftleg privat om sine private synspunkt, utan å tenkje over at dette kunne bli offentleggjort.
- 113 svar
-
- 2
-
-
Men ikkje redaktør.
- 113 svar
-
- 2
-
-
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Elles er dette nok eit eksempel på Kina som utnyttar Russland. No også militært. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det er vel akkurat det som bør gjerast. Sanksjonane må omfatte all handel med varer som inneheld komponentar som kan brukast av den russiske krigsmaskina. Det same må gjelde for Kazhakhstan og andre land i Sentral-Asia som blir brukt som mellomledd. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Om Biden i utgangspunktet var redd for "eskalering" har Russland og Iran med dette allereie eskalert. Og då blir jo dette ein naturleg konklusjon. McCaul er forresten ingen kvensomhelst. Det var han som er republikanaren som i ei kongresshøyring av Blinken i mai peika på ISW sitt kart over trygge soner russarane kunne operere frå, og som sa at det ikkje var kongressen som hadde lagt restriksjonar på våpenstøtta. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Storbritannia har vel tradisjonelt vore USA sin nærmaste allierte. Ein får håpe at Starmer kan greie å overbevise ein aldrande Biden om at dei kunstige restriksjonane må vekk. -
Korleis ville det gå med fri journalistikk dersom ingen journalistar torde å ta i kontroversielle saker i frykt for å bli brukt som syndebukk av redaktørane? Er det ikkje redaktøren som har det overordna ansvaret for både sakene og journalistane sine? Her er 3 mogelege forklaringar på kva som kan ha skjedd: Tore Strømøy nektar å følgje redaktørane sine krav og velmeinte råd. Samarbeidsproblem og tillitskrise internt og eksternt gjer at han blir ei belastning for Nrk, og han får sparken. Redaktørane har gjort feilvurderingar, og skubbar ansvaret over på Tore Strømøy som blir brukt som syndebukk. Tore Strømøy nærmar seg aldersgrensa til NRK, og appelerer ikkje nok til ungdommen. Kontroversane den siste tida gjev Tore eit imageproblem, og NRK nyttar seg av høvet til å bli kvitt ein trufast medarbeidar som har jobba for- eller i NRK i nesten 40 år. Kva er rett?
- 113 svar
-
- 6
-
-
-
-
Poenget var at eg er fornøgd med monarkiet slik det er, og at eg meiner at det finst langt viktigare saker å diskutere. Men vi får evt. ta vidare diskusjon om EU i ein annan tråd.
- 117 svar
-
- 1
-
-
YouTube: Tenger hjelp [løst]
torbjornen svarte på TheDarkSycamore - SCM sitt emne i Internett og nettverk
Kva skjer dersom du skrur av adblock?
