Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    10 096
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Til mjølkemaskina brukar eg vakuumpumpeolje frå DeLaval. Den kan kjøpast f.eks. på Felleskjøpet.
  2. Her må ukrainarane vere sikre på kven dei sel til, slik at desse ikkje endar opp i russiske hender.
  3. ... med mindre dei greier å hente fleire om gongen.
  4. Om ein skulle poste verkelege bilete vil dette raskt vere i strid med alt av personvern.
  5. Før andre verdskrig rusta ein ned. Svarte det seg økonomisk for Norge med tanke på det som skjedde 9/4 1940? Kva blir billegast økonomisk: Å syte for at Ukraina vinn krigen, eller å ta kampen når Russland angrip neste land og evt. startar 3. verdskrig?
  6. Nok eit eksempel på at det tek altfor lang tid før Ukraina får den hjelpa som er lova.
  7. Det er billegare å byggje fiber til ei sendemast enn til kvart eit hus. Eg har ein frysar i kjellaren som er frå 1963, og som framleis durar og går. Kjøper eg ein djupfrysar i dag vil den neppe vare i meir enn 20 år. I etterkrigstida tenkte ein kvalitet, medan ein i dag fyrst og fremst tenkjer pris. Om fiber skulle bli utkonkurrert vil det skje fordi andre teknologiar blir både billegare og "godt nok" for mange, trass i at teknologien gjev ein kvalitet på overføringa som er betre.
  8. Det er ikkje så forferdeleg mange år sidan ein grov ned nye koparkablar til eitkvart nybygg og folk flest hadde valet mellom analogt modem eller ISDN. Så å spå kva som skjer om ein 10-20-30 år vil iallefall ikkje eg gje meg ut på.
  9. Det som står i artikkelen er direkte motstridande til det som vart sagt i Dagsrevyen(?) her ein dag. Her vart det sagt at folk hadde kasta pinnar som den hadde leika med, og at tennene var heilt nedslitne slik at den ikkje hadde fått i seg mat. Det er trist dersom dette stemmer.
  10. Eg har Chilimobil fri data + datasimkort i ruter. Maks 100 GB/mnd. Er det ikkje tilsvarande løysing hos Ice? Med tvillingsim vil vel dataforbindelsen stanse opp dersom nokon ringer?
  11. Teksten har munnleg form, og er blanding av nynorsk og bokmål. Sunnfjorddialekt er det iallefall ikkje. Eg vil uansett påstå at teksten er enkel å forstå.
  12. Ho som registrerte reklamasjonen spurte faktisk om laptopen hadde vore i kontakt med vatn, noko som eg svarte nei på. Uansett, så har eg no fått tilbake laptoppen, som virkar som den skal. Det er kanskje ikkje så overraskande at verkstaden måtte skifte ut toppdekselet. Eg er svært godt fornøgd med Elkjøp sin sørvis, og har lært at neste gong eg skal kjøpe ei relativt dyr vare er det lurt å velje ei kjede med fysiske butikkar som ein kan henvende seg til dersom ein får bruk for det.
  13. Kan manglande luftvern vere ei årsak? Nok luftvern blir viktig for at Ukraina skal kunne vinne krigen.
  14. Det er ikkje så lenge sidan Belarus måtte skyte ned russiske angrepsdroner. Så russisk inkompetanse er ei mogelegheit.
  15. Trusselen (før krigen) var vel litt den same som ein ser i dag. Det var Sovjetunionen som tok verdskrigen til Norden med angrepet på Finland. Den raude fare vart også brukt i den nazistiske propagandaen i okkupasjonstida.
  16. No var dette etter det eg forstår ei meiningsytring/kommentar frå ein journalist(?) i Nettavisen, som kjem med teoriar om kvifor regjeringa ikkje vil støtte Ukraina meir. Ein av teoriane er at Ukraina ikkje er viktig nok for Støre. Ein annan teori er at finansministeren er bremsekloss fordi han vil ha pengar til landbruket. Kva som er den eigentlege årsaka veit vi ikkje, men eg er for min del ikkje imponert over verken Støre, Vedum, Ap eller Sp. Eg ynskjer meg handlekrafta til Erna Solberg som vi såg under pandemien, og håpar på ei regjering med Høgre og Venstre godt over sperregrensa, og med Frp som støtteparti. Når eg vil ha med Venstre er det fyrst og fremst på grunn av at dei har vore tydelege i støtta til Ukraina.
  17. Det var nok mange som var skeptiske til arbeidarrørsle og kommunistar før krigen. Men dei færraste støtta tyskarane under krigen/okkupasjonstida.
  18. Det som er synd er at dei to partia (Venstre og MDG) som har den mest offensive Ukraina-politikken er dei same partia som har den mest uspiselege politikken på andre område.
  19. Hjelp til sjølvhjelp altså. Då er det viktig at Ukraina får nok luftvern til å beskytte fabrikkane, samt viktig infrastruktur som forsyner dei med straum osv. Samt at Ukraina er i stand til å få tatt ut ammunisjonslager og flyplassar inne i Russland, slik at desse ikkje kan brukast til å bombe ukrainske sjukehus, bustadblokker, våpenfabrikkar, ammunisjonslager eller flyplassar.
  20. I tillegg vil den datoen ha ein del å seie i seg sjølv, uansett utfall. Etter 5/11 kan avtroppande eller påtroppande president gjere beslutningar utan å heile tida måtte vege dette opp mot sjansen til å bli vald, eller sjansen for sin kandidat til å bli vald.
  21. Ukraina kan vinne krigen, men det føreset langt sterkare støtte frå både USA, Europa og andre allierte, samt at alle sjølvpålagde avgrensningar blir fjerna. Dette er eit spørsmål om politisk vilje. Ein må ha ein strategi der målet er at Ukraina skal vinne att kontrollen over heile landet, i staden for "vi følger situasjonen nøye" og å kjempe til siste ukrainar.
  22. Ukraina veit nok altfor godt at den einaste avtalen som vil vere verdt papiret den er skriven på er den avtalen som omfattar eit fullverdig NATO-medlemsskap der dei er beskytta av artikkel 5.
  23. No har jo aldri Trump sagt det. Skulle ein tenkje reint forretningsmessig ville det kanskje vere meir fornuftig med ein avtale der Russland fekk halvparten av det dei ville ha, og Ukraina fekk behalde resten. Då er ein kanskje ikkje så langt unna det Biden kunne akseptere. Denne krigen starta i 2014, og USA har vel eigentleg aldri gitt reell støtte til at Ukraina skulle få tilbake alle okkuperte område. USA og andre allierte har heile tida gitt Ukraina akkurat nok hjelp til at dei kan halde frontlinjene nokonlunde der dei er. Ein får håpe at Kamala Harris som USA sin neste president kan vere den som endrar på dette.
  24. Burde ikkje India ha vore med på dette?
  25. Biden vil kjempe til siste ukrainar. Trump vil svikte Ukraina. Begge er opptekne med at forholdet til Russland skal normaliserast. Og mange land i Europa er lei av krigen, og/eller har interne problem. Samstundes er det grenser for kor lenge Russland kan halde krigen gåande slik som i dag. Putin satsar på å ta mest mogeleg av Ukraina før januar, og håpar på at Trump blir president. Håpet er at Kamala Harris vinn, og at ho gjennomfører ein offensiv Ukraina-politikk som gjev trua tilbake på at Ukraina kan vinne krigen og få kontroll over dei internasjonale grensene som alle var einige om for 30 år sidan.
×
×
  • Opprett ny...