-
Innlegg
9 070 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av torbjornen
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Nettopp. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Kvinnelege agentar kan vere viktige for å oppnå tillit, enten det skjer på den eine eller den andre måten. Er det grunn til å tru at ikkje også vestlege agentar kan bruke "honeypot"-metoden? -
Eg bestilte fondsandeler no, og det stod berre namn på ASK og på delkontoane. Eg såg ingen kontonummer i det heile! Så då må ein vel kontakte dnb for å få kontonummer(a) dersom ein bestemmer seg for å flytte ASK-en. Her har ein tydelegvis prøvd å gjere dette så vanskeleg som mogeleg for kundane.
-
No viser tweeten sitert i eitt av innlegga ovanfor at han har brukt desse 8-tala i fleire ulike samanhengar. Er det rimeleg å tru at dette er heilt tilfeldig, eller er det meir sannsynleg at det må liggje noko bak?
-
Kva tenkjer du om dette? Trur du at du har fått all informasjonen som er skrive ned om deg og møtet med psykiatrien?
-
Han skriv jo at han gjer dette i samarbeid med psykolog. Meiner du at informasjonen ikkje vil vere nyttig å kjenne til for psykologen i det heile? Eg tykkjer elles at du har mange interessante erfaringar og tankar, og det er flott at du deler desse her i forumet.
- 30 svar
-
- 1
-
-
Eg har til gode å sjå ein nettbank der avtalegiroar som forfell midt i ei helg blir betalt før helga byrjar. Det same gjeld dersom ein legg inn ein nettgiro med forfall i ei helg. Då blir ikkje giroen betalt før fyrste bankdag etter forfall. (Når det gjeld Sbanken har eg aldri testa dette, sidan eg brukte den berre til aksjar og fondssparing).
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Ja, Marjorie Taylor Greene har vel trua med å kaste han sidan før påske. Kanskje blir det demokratisk speaker i huset om ikkje så lenge? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
"Alle" brukar kvinnelege agentar. Nrk.no hadde for ei tid sidan ein artikkel om den kvinnelege amerikanske agenten som avslørte Arne Treholt etter å ha blitt "venninne" med kona. https://www.nrk.no/dokumentar/xl/da-barbara-lurte-arne-1.15814163 -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/video/9adc88be-f0f5-4cfb-a146-94ed83a82198 Ubåtar er ein viktig del av beredskapen i norske og nordiske farvatn. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Då får ein håpe at ikkje russiske angrep og mangel på ukrainsk luftvern destabiliserer det like fort. -
Kjelde: Nrk.no
-
Sidan dette var nytt for meg er det sikkert det for andre også. Men Google ga iallefall "rett" svar som fyrste treff: Har det rabla heilt for denne karen?
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Minimale lager er betre enn ingen ting. Så får ein heller fylle på lagera når det blir mogeleg. Det er lite hjelp i å donere våpenhjelp etter at Russland har vunne krigen. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Ein har "avventa" i eit halvt år no. Medan Europa "avventar" smir russarane medan jernet er varmt. Før eller sidan må noko gjerast om ikkje Ukraina skal gå heilt tomme. Så får støtte frå USA heller komme som ein bonus i tillegg. Kven er det som sit på Patriot-systemet i Europa? Tyskland har vel Patriot? Er dei like lite villige til å donere Patriot-missil som Taurus? -
Ein annan bank som vart kjøpt opp og øydelagd er Ya-bank. Den brukte Eika-nettbanken, men vart kjøpt opp av svenske Resurs. Etter dette vart Eika-nettbanken erstatta med ein uferdig nettbank der det har vore ganske mykje tull. Eit eksempel er at avtalegiroar av og til berre forsvinn utan varsel. Eg har to fakturaer (avtalegiro) på forsikring, den eine privat og den andre næring som blir betalt til same kontonummer, og med forfall same dag. Dette blir då for mykje for nettbanken, og den eine betalinga går gjennom medan den andre berre blir borte.
-
Dette er heilt korrekt.
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Marjorie Taylor Greene seier det vel rett ut. Kjem ho til å felle Mike Johnson, og kan minoritetsleiaren Hakeem Jeffries i så fall bli ny speaker i representanthuset? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Er det verkeleg ikkje mogeleg å hoste opp nokre Patriot-missil som ligg lagra andre stader enn i USA? -
Det er kanskje ikkje så relevant, men dei gamle papirjournalane som fanst for over 30 år sidan finst det neppe så mykje att av. Etter det eg har høyrt kunne tilfeldige forbipasserande i ein kommune ein stad i Norge finne restar av desse på bossplassen då kommunen rydda i hyllene. I dag er det heldigvis reglar for avlevering av arkivmateriale, samt at reglane i større grad blir følgde.
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/urix/ukraina-skeptiske-pellegrini-blir-president-i-slovakia-1.16834041 Det er rart at folk i ein del austeuropeiske land tilsynelatande elskar Russland. Vi får ta med oss det som er positivt: Men -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Norges 4. største "omlastingshamn" for fisk er midt ute i ein fjord på Svalbard, og med minimal kontroll frå norske styresmakter. https://www.nrk.no/nordland/xl/en-av-norges-storste-fiskerihavner-er-drevet-av-russland-pa-svalbard-_-fa-kontroller-1.16810516 -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Akkurat det har eg ikkje så stor tru på. Men kven veit? Derimot vil Kina prøve å tvinge sitt verdssyn på andre statar, slik som då Kina støytte Norge ut i kulden etter tildelinga av Nobels fredspris. Di større avhengigheitsforhold eit land har til Kina, di lettare blir det å krevje at landet skal vere lydig og støtte opp om Kina sin politikk. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Med tanke på Russland som truar alle og einkvar: Ei av årsakene til at tyskarane tapte 2. verdskrig var vel nettopp at dei prøvde å gape over for mykje. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Kina har ikkje territorielle krav mot dei sentral-asiatiske landa, og det blir stor skilnad på å hevde retten dei meiner å ha til å styre Tibet eller Taiwan og å ta over Kazhakhstan. Så dersom NATO ikkje har evne til- eller er villige til å ta opp dei sentral-asiatiske landa (Sverige brukte 2 år på å bli medlem i NATO, Ukraina og Georgia har møtt ei kald skulder i mange år) er vel ein allianse med Kina det einaste alternativet som iallefall kan bevare ei viss grad av sjølvstyre samstundes som ein kan avskrekke Russland. Eg tykkjer det er merkeleg dersom ikkje desse tinga blir diskutert i dei landa det gjeld. Sit kashakhstanarane berre og håpar på at dette går over?