Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    10 096
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Her treffer du spikaren på hovudet.
  2. Eg snubla over dette hos Nrk: https://www.nrk.no/norge/sjokkerende-lydopptak-i-retten_-svenske-kriminelle-drapstruet-kvinne-fra-fengsel-1.17086721
  3. https://www.nrk.no/tromsogfinnmark/markerer-at-det-er-80-ar-siden-sor-varanger-ble-frigjort-1.17094743 Det er fint at ein markerer frigjeringa, samstundes som ein nyttar høvet til å ta sterk avstand frå det Russland som ein ser i dag.
  4. https://www.nrk.no/urix/putin-om-nordkoreansk-militaerhjelp_-_-var-business-1.17098284 Så er det spørsmål om det Putin har sagt er korrekt gjengitt. Det er ein viss skilnad på å bruke nord-koreanske soldatar til å forsvare Kursk og å bruke dei til å angripe Ukraina, og Putin pleier å vere ein luring.
  5. Og dermed må det same gjelde begge vegar. Det er opp til NATO og kvart enkelt land om ein vil sende soldatar til Ukraina for å forsvare folkeretten. I fyrste omgang bør ein sikre grensa mot Belarus, slik at ukrainske soldatar som har vakta grensa kan sendast mot fronten og gjere ein innsats der. Men så er spørsmålet kor sterk den vestlege viljen er for at Ukraina skal vinne. Er det Sør-Korea som skal redde Ukraina?
  6. Så får ein innrømme at det skjer, slik at ein kan ta tak i dei konkrete problema. Virkemidla må då vere alt frå fleire ungdomsklubbar, natteravnar, meir politi i gatene, bekymringssamtalar mellom born/foreldre og politi, bruk av barnevern eller fengsel. Løysinga er ikkje å berre skrike "innvandring, innvandring". Norge manglar arbeidskraft i mange sektorar som f.eks. helsevesen og transport, og innvandring er nødvendig for å halde Norge i gang.
  7. https://www.nrk.no/norge/47-prosent-av-unge-norske-menn-ville-stemt-pa-trump-1.17097282 Tragisk. Framtida ser mørk ut.
  8. Ein viktig skilnad er at Quisling aldri hadde noko særleg oppslutnad, medan Trump har støtte frå halvparten av amerikanske veljarar.
  9. Ville denne mannen ha gjort det same ovanfor Netanyahu dersom han hadde blitt invitert til Israel?
  10. Kina er ein viktig handelspartner, og det er ikkje berre Høgre-regjeringar som ynskjer å ha eit godt og avklart forhold til Kina. Men det er også viktig å unngå at ein blir for avhengig av eit land som brukar handel som utpressing når det passar dei.
  11. Det heiter då også nasjonal-sosialisme. I Norge var det Quisling-regjeringa som innførte barnetrygd, og så vart den vedteken på nytt av lovleg innsett regjering etter krigen. Nazisme og kommunisme er to heilt ulike ideologiar, men som likevel har noko til felles.
  12. https://www.nrk.no/norge/produsent-av-f-35-motorar-krev-erstatning-fra-norsk-palestina-aktivist-1.17037603 I ei tid med russisk sabotasje og hybridkrig får ein håpe at nokon har lært noko av dette.
  13. Neste post-sovjetiske land som skal avgjere framtida si er Georgia. Nettavisen har ein lenger artikkel om Georgia: https://www.nettavisen.no/nyheter/sprer-putin-frykt-i-georgia-det-er-en-skam/s/5-95-2071645
  14. Det blir spennande å sjå kva som skjer når 5. november er over og Harris har vunne det amerikanske presidentvalet. Russland kan umogeleg halde denne nedslaktinga av unge russiske menn gåande i det uendege?
  15. Finst det ADSL enno? Her klipte dei ned dei gamle koparlinjene tidlegare i år.
  16. https://www.firda.no/dei-eg-er-ueinig-med-det-er-fine-folk/o/5-15-1795238
  17. Det er eit demokratisk problem at politikarar og kjende personar lett blir trakasserte og utsette for netthets. Då trengst det at politikarane sjølv er gode føredøme. At politikarane sjølv tyr til personangrep for å fremje ei sak er berre trist. Ingen vil vel ha amerikanske tilstandar i Norge.
  18. https://www.nrk.no/urix/dodt-lop-i-moldovas-eu-val-_-presidenten-skuldar-pa-innblanding-1.17090637 Lang artikkel om forhold i Moldova, russisk innblanding og propaganda. Som vanleg prøver Russland å spele på frykta for LHBT.
  19. Her vil eg seie at Ukraina har valt feil mål.
  20. Tittelen er litt misvisande, jf. siste avsnitt der det går fram at forbodet ikkje er eit forbod, og at bygg og anlegg framleis kan belysast dersom markeringa har brei offentleg interesse.
  21. Dersom eg er logga inn i nettbanken (ikkje mobilbanken) finn eg dette under Innstillinger -> Kontoinnstillinger.
  22. Det er nok begge deler tenkjer eg. Nokre utnyttar eldre menn i maktposisjonar. Andre blir utnytta av eldre menn i maktposisjonar. I atter andre tilfelle er forholdet oppriktig, eller begge utnyttar kvarandre. Så får forskarar prøve å finne ut om det eine er vanlegare enn det andre.
  23. Bra! Men det er viktig å følgje med, slik at ikkje Russland kan sende agentar under dekke av å vere "desertørar".
×
×
  • Opprett ny...