-
Innlegg
10 098 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av torbjornen
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Russland viser i alt dei gjer at dei heller vil halde fram krigen enn å forhandle om fred. Eg meiner at det er mykje viktigare at Europa aukar den militære støtta til Ukraina monaleg, slik at Ukraina kan komme på offensiven. Fyrst då kan spørsmålet om kven som skal stille med kva for å passe på ei eventuell våpenkvile bli aktuelt. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Kostnaden med å sprenge røyra er liten samanlikna med alt krigen har kosta Russland, både økonomisk, menneskeleg og i form av tapt omdømme. -
Støtta til Ukraina er heldigvis sterk i Norge, og det er brei einigheit på Stortinget om at Norge skal støtte Ukraina. Dei som er mest skeptiske er vel dei som står ytterst på venstresida, der ein har tradisjon for å vere pro Russland og anti NATO og USA. Så det du seier her er så feil som det kan bli.
- 316 svar
-
- 4
-
-
https://www.dn.no/marked/usa/handelskrig/donald-trump/-trump-er-kanskje-tidenes-dyreste-president-for-usa/2-1-1807132
- 188 svar
-
- 1
-
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://direkte.dn.no/nyhetsstudio/#163865 Ein får håpe at det går betre med Ungarn enn med Georgia. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://direkte.dn.no/krigen-i-ukraina/#163868 Det er merkeleg at Russland gjer så mange "feil", slik at det stort sett er bustadområde og sivile som blir ramma kvar gong. Det var sikkert også berre ein "feil" då russiske soldatar "snubla" inn i Ukraina 24/2 2022. -
Statsobligasjonar kan også fungere som pressmiddel mot USA. https://e24.no/boers-og-finans/i/yEMp7J/handelskrigen-dette-er-kinas-og-usas-oekonomiske-vaapen
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Dei fleste vil vel vere einige i at dette er ein trist måte å døy på for ein soldat som er i ein håplaus situasjon. Men det er slik krig er, og mannen burde ikkje ha vore i Ukraina i utgangspunktet. Videoen seier heller ikkje noko om kor mange ukrainarar soldaten har drepe eller skadd, samt kor mange menn, kvinner, born eller eldre som har måtta flykte eller fått øydelagt liva sine på grunn av det han har vore med på. Etter alt ein har høyrt og sett i løpet av denne svært så spesielle krigen, så skulle det ikkje overraske meg om enkja er meir oppteken av å få utbetalt pengane ho har rett på enn å sørgje over ektemannen. -
Vel, partier og folk som ønsker å bevare menneskerettigheter, menneskeverd, og solidaritet blir beskylt for å være et "ytterpunkt" stadig vekk. Ingen som klager over det eller synes at det er drøyt. All den tid folk klager over at det settes "for mange merkelapper", så har ingen av de samme folka noe problem med akkurat den merkelappen. Det finst mange slags ytterpunkt. Fri innvandring er eitt av dei. Å avskaffe kapitalismen kan vere eit anna. Å ruste ned og å jobbe for "fred" mellom land som invaderer og land som blir invadert kan vere eit tredje. Så er eg einig med deg i at det også er mykje som er bra med venstresida. Ein har eit djupt ynske om fred og rettferdigheit. På same måten vil det også finnast fornuftige tankar blant dei som står langt ute på høgresida. Men er ein ute etter løysingar og ikkje berre gode ynsker må ein etter mi meining sjå mot sentrum. Og med sentrum meiner eg dei to styringspartia Ap og Høgre, samt alt mellom desse.
- 316 svar
-
- 2
-
-
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det er interessant å sjå ordvalet her. Den amerikanske utsendingen seier at angrepet ikkje er "anstendig", medan Barth Eide fordømmer angrepet som nok eit alvorleg brot på folkeretten. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/rogaland/finland-ble-lurt-i-skyggeflate-kontroll.-ud-varslet-ikke_-legger-seg-flat.-1.17368732 -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det er mange som har teke eit val og reist frå Russland. Folk prøver å skape seg ei framtid andre stader framfor å risikere å døy i Ukraina. https://www.nrk.no/urix/xl/flere-tusen-gravide-russere-reiser-til-argentina-for-a-fa-argentinsk-pass-1.17257579 -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
USA møter seg sjølv i døra: https://www.nrk.no/nordland/vil-la-usa-skyte-opp-romraketter-fra-andoy_-_-helt-uforstaelig-1.17373230 Det seier seg sjølv at europeiske land ikkje kan kjøpe våpen som kan bli slått av etter ein amerikansk president sine innfall midt i ein krigssituasjon.- 86 335 svar
-
- 11
-
-
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Får Keith Kellogg det som han vil får ein vel snart to ukrainske land: Ukraina og den (såkalla) Demokratiske republikken Ukraina. Skiljet går ved elva Dnipro, som går tvers gjennom Ukraina og som skaper ein slags naturleg "Berlinmur". https://english.nv.ua/amp/kellog-s-peace-plan-includes-tripartite-occupation-of-ukraine-50505675.html -
Mykje av det same kan seiast om ytre venstre. Det beste ville vere om parti som stod for ein politikk nær sentrum har makta, dvs. parti som ser dei store samanhengane framfor å køyre landet i grøfta ved splitting og polarisering.
- 316 svar
-
- 1
-
-
Sjølv om Trump ikkje går like langt er det visse trekk i USA som skaper bekymring. Eit eksempel er når ein leitar med lys og lykter etter utanlandske studentar som kan tenkjast å vere imot krigen på Gaza. Eit anna eksempel er sparking av leiarar som ikkje støttar Trump sin politikk, eller som enkelt og greit ikkje er kvite menn. Det nyaste eksempelet er sjefen for militærbasen på Grønland. Samstundes torer ikkje amerikanarar å seie meininga si om LHBT eller krigen på Gaza i frykt for å miste jobben.
- 316 svar
-
- 4
-
-
KrF slit med å finne sin eigen identitet, og prøver å fiske etter høgreorienterte veljarar som er imot Pride og LHBTI. Det er ein dårleg strategi for eit sentrumsparti som vil setje menneskeverd i sentrum, og desse veljarane vil uansett gå til FrP eller småparti enno lenger ut på høgresida. Samstundes mistar partiet veljarar som står nærmare Ap enn FrP. KrF styrer mot 4 nye år som eit miniparti under sperregrensa.
- 316 svar
-
- 4
-
-
Det ironiske er at det var frihandel og omfattande hjelp til Europa som gjorde dette mogeleg. Og det i motsetnad til Trumpsk politikk med tollmurar og isolasjonisme på 1930-talet som forsterka depresjonen og bidrog til verdskrig.
- 316 svar
-
- 2
-
-
https://www.nrk.no/urix/avis_-smarttelefoner-far-unntak-fra-usas-tollsatser-1.17381477
- 188 svar
-
- 1
-
-
Han har vore aktiv i andre trådar i forumet, og er definitivt ikkje eit russisk troll. Eksempelet han nemner er sikkert reelt, men er neppe særleg representativt for ukrainarar i Norge.
- 316 svar
-
- 2
-
-
Det finst heilt sikkert også nordmenn som er flinke til å utnytte systemet. Eit fiktivt eksempel er Jokke frå teikneserien Pondus. For å gjere seg opp ei meining må ein ha tilgang til statistikk. Det er farleg å bruke enkelttilfelle til å generalisere over folkegrupper. Når politikarar langt ute på høgresida gjer dette risikerer folk å bli lurt. Det verste eksempelet frå historia er vel Hitler og forfølgjinga av jødar, romfolk, homofile o.l. Eit eksempel: https://no.m.wikipedia.org/wiki/Arne_Hvam
- 316 svar
-
- 2
-
-
-
Så lenge ho ikkje har sagt noko som gjer at personen kan identifiserast har ho vel eigentleg ikkje gjort noko gale. Ein annan ting: Dersom nokon trur at folk som deler seng ikkje deler eitt og anna som ikkje kan komme utanfor husets veggar er ein ganske naiv.
- 316 svar
-
- 2
-
-
-
Når det gjeld formuebeskatning er det gode grunnar for å behandle primærbustad og anna formue ulikt. Det å ha ein stad å bu er eit basalt behov, medan det å eige pengar eller aksjar ikkje er det. Når det gjeld sekundærbustader, hytter o.l. har den skattemessige verdien av desse i seinare år blitt skriven opp, slik at det ikkje gjev nokon stor skattemessig fordel framfor å ha pengane i banken. Pengar i banken har elles også den fordelen at ein får renter av desse. Tilsvarande vil aksjar over tid kunne gje gevinst som er høgare enn bankrenta, og det er difor rimeleg at skatteprosenten blir høgare. Ei ulempe med formueskatten er at den er konkurransevridande fordi den berre rammar norske eigarar. Ei anna ulempe er at verdien på eit selskap ikkje nødvendigvis speglar innteninga. I verste fall må eigarane tappe selskapet eller selje aksjar som dei deretter må betale utbytteskatt/gevinstskatt av for å ha råd til å betale formueskatten. Når politikarane på venstresida snakkar om å ta dei "rike" er det i mange tilfelle småspararane som blir straffa. Men kva om ein fjerna formueskatten? Jau då ville mange av dei verkeleg rike ha blitt nullskatteytatar. Det som ein ser her er som i alle andre samanhengar: Politikk er ei avveging av mange omsyn, og er ofte komplekst. Men så er det nokre politikarar som tilbyr enkle løysingar på komplekse problem.
- 316 svar
-
- 1
-
