Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    9 243
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. På same måten som med Kina er det trass alt viktig at dei har det offisielle standpunktet som dei har. Det kunne fort ha vore verre. Kva folk flest meiner er ikkje relevant, anna enn at politikarane sjølvsagt må balansere folkemeininga opp mot viljen til å støtte Ukraina. Når det gjeld Ungarn har dei ein statsminister som aktivt gjer alt han kan for å støtte Putin og å sabotere for Ukraina. Det er verre.
  2. I følgje kommentarane virkar den dårleg når det er skya vêr. Då er den iallefall ubrukeleg her på Vestlandet.
  3. Under stormen Dagmar for nokre år sidan kunne ein ikkje kommunisere med dei verst ramma områda anna enn via radioamatørar eller satellittelefon. Slik sett bør ein vel heller ha kortbølgjesendar og radioamatørlisens i staden for dab-radio som del av beredskapslageret. Batterikapasiteten i mobilnettet er vel neppe så mykje betre i dag.
  4. Om det siste stemmer er det vel ikkje så merkeleg. Det meste er vel allereie sendt til Ukraina.
  5. Det er farleg å berre gå ut frå ting, då endar ein fort opp med å spreie disinformasjon. Det er utan tvil mange serbarar som støttar både Russland og krigen mot Ukraina, men etter det eg har fått med meg er det offisielle standpunktet at ein støttar Ukraina sin territorielle integritet. Så må eg også tilstå at eg ikkje har sett meg så godt inn i serbisk utanrikspolitikk.
  6. Ein må også ta med at Jugoslavia var det einaste(?) landet i austblokka som greidde å bryte med Stalin og Sovjetunionen. Jugoslavia fekk vel også militær støtte av USA av same grunn. Jugoslavia var også med og starta ei gruppering av alliansefrie land. Rett nok skjedde alt dette i president Josip Broz Tito si regjeringstid, og han var kroat.
  7. ... og dette var alt du hadde å bidra med?
  8. https://www.nrk.no/urix/stort-droneangrep-mot-moskva-regionen-_-32-droner-skutt-ned-1.17119987 Det opplagte alternativet, nemleg å avslutte krigen og komme seg ut av Ukraina ser ikkje ut til å vere eit alternativ for russarar. At byar i Ukraina opplever slike droneangrep dagleg bryr dei seg katten i. Ingenting ser ut til å hjelpe. Ein får ta med det som er positivt, nemleg at Ukraina har forholdsvis god kontroll på dei russiske angrepsdronene:
  9. Har Serbia sagt dette? Serbia har vel heile tida sagt at dei støttar dei internasjonalt annerkjente grensene, inkludert Krim?. Dette er også den einaste logiske slutninga dersom dei skal få noko som helst sympati for at dei mista Kosovo.
  10. Russland greidde 700 000 innan presidentvalet i USA. Neste målsetjing blir vel å nå 800 000 innan Trump blir innsett som ny president. Dette målet skulle vere innanfor rekkevidde.
  11. Straum til lading av mobiltelefonar blir nok det minste problemet. Det går ikkje lang tid frå eit straumutfall til mobilnettet ramlar ut. Men å ringe over wifi og fibertilkopling ville kanskje fungere betre?
  12. Ein kan byrje med å sende nok luftvern, fleire tanks, pansra køyrety, nok granatar, langtrekkande våpen som kan bombe mål inne i Russland osv., la Polen skyte ned russiske droner over vest-Ukraina, samt sende europeiske fredsbevarande soldatar til å vakte grensa mot Belarus. Det er svært mykje som kan gjerast før ein byrjar å diskutere det å sende soldatar til fronten.
  13. Bakgrunnsartikkel om regjeringskrisa i Tyskland: https://www.nrk.no/urix/urix-forklarer_-kaos-i-ordenslandet-tyskland-1.17115994
  14. https://www.nrk.no/tromsogfinnmark/stilte-i-kinesisk-militaer-uniform-pa-svalbard-for-a-feire-kinas-forskning-i-arktis-1.17104089
  15. Er Scholz sine dagar som kanslar snart talde? Så er spørsmålet kva som i så fall kjem i staden.
  16. Trass i at Netanyahu audmjukar Biden gong på gong er det ingen grenser for kva hjelp Israel får frå USA. Ukraina får på si side ingen kampfly, får ikkje bruke amerikanske våpen til angrep inn i Russland og Zelenskyj må trygle og be om å få nok luftvern. Det er nesten slik at det ikkje kan bli særleg verre under Trump.
  17. Eg har ikkje noko svar på spørsmålet, men lurer på kva som var vitsen med eksperimentet.
  18. Kva slags transaksjon er det snakk om? Nettgiro eller bankkort?
  19. Merkeleg sak. Hadde noko slikt skjedd meg hadde eg skifta bank på flekken. Kva slags grense er det snakk om?
  20. Sovjetunionen måtte gje seg når det gjaldt Afghanistan. Russland skal gje seg når det gjeld Ukraina.
  21. Det er vel så enkelt at økonomien deira var betre under Trump. Abortspørsmålet er viktig, men ikkje så viktig som at ein har råd til mat til seg sjølv og borna sine.
  22. Poenget er vel også at sjølve politikken til Trump er kvinnefiendtleg?
  23. Eg tenkte det måtte vere lov å tulle litt.
  24. https://no.m.wikipedia.org/wiki/Blakk
  25. No har vel Israel snart bomba mange nok sjukehus til at nok er nok. Når det gjeld HAMAS og Hizbollah vil vel desse vere eit problem, uansett kva Israel gjer. Krigen fører like snart til at desse grupperingane får auka støtte i lang tid framover.
×
×
  • Opprett ny...