-
Innlegg
9 243 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av torbjornen
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Hjelp til sjølvhjelp altså. Då er det viktig at Ukraina får nok luftvern til å beskytte fabrikkane, samt viktig infrastruktur som forsyner dei med straum osv. Samt at Ukraina er i stand til å få tatt ut ammunisjonslager og flyplassar inne i Russland, slik at desse ikkje kan brukast til å bombe ukrainske sjukehus, bustadblokker, våpenfabrikkar, ammunisjonslager eller flyplassar. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
I tillegg vil den datoen ha ein del å seie i seg sjølv, uansett utfall. Etter 5/11 kan avtroppande eller påtroppande president gjere beslutningar utan å heile tida måtte vege dette opp mot sjansen til å bli vald, eller sjansen for sin kandidat til å bli vald. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Ukraina kan vinne krigen, men det føreset langt sterkare støtte frå både USA, Europa og andre allierte, samt at alle sjølvpålagde avgrensningar blir fjerna. Dette er eit spørsmål om politisk vilje. Ein må ha ein strategi der målet er at Ukraina skal vinne att kontrollen over heile landet, i staden for "vi følger situasjonen nøye" og å kjempe til siste ukrainar. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Ukraina veit nok altfor godt at den einaste avtalen som vil vere verdt papiret den er skriven på er den avtalen som omfattar eit fullverdig NATO-medlemsskap der dei er beskytta av artikkel 5.- 79 721 svar
-
- 10
-
-
-
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
No har jo aldri Trump sagt det. Skulle ein tenkje reint forretningsmessig ville det kanskje vere meir fornuftig med ein avtale der Russland fekk halvparten av det dei ville ha, og Ukraina fekk behalde resten. Då er ein kanskje ikkje så langt unna det Biden kunne akseptere. Denne krigen starta i 2014, og USA har vel eigentleg aldri gitt reell støtte til at Ukraina skulle få tilbake alle okkuperte område. USA og andre allierte har heile tida gitt Ukraina akkurat nok hjelp til at dei kan halde frontlinjene nokonlunde der dei er. Ein får håpe at Kamala Harris som USA sin neste president kan vere den som endrar på dette. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Burde ikkje India ha vore med på dette? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Biden vil kjempe til siste ukrainar. Trump vil svikte Ukraina. Begge er opptekne med at forholdet til Russland skal normaliserast. Og mange land i Europa er lei av krigen, og/eller har interne problem. Samstundes er det grenser for kor lenge Russland kan halde krigen gåande slik som i dag. Putin satsar på å ta mest mogeleg av Ukraina før januar, og håpar på at Trump blir president. Håpet er at Kamala Harris vinn, og at ho gjennomfører ein offensiv Ukraina-politikk som gjev trua tilbake på at Ukraina kan vinne krigen og få kontroll over dei internasjonale grensene som alle var einige om for 30 år sidan. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Eg elskar Mette Fredriksen. Ho er ein klar og tydeleg statsminister, i motsetnad til f.eks. Jonas Gahr Støre.- 79 721 svar
-
- 17
-
-
-
-
Ein ting som kan gjerast er å gjere det enklare å byggje nytt. I dag er vel Statsforvaltaren ein bremsekloss for utvikling i distrikta. Dette meiner eg er unødvendig.
- 30 svar
-
- 2
-
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det ein etterlyser er litt folkeopplysning. Saker som dette burde ha blitt gitt større merksemd i media, slik at det vart ein del av den offentlege debatten. Redigert: Også Nrk har plukka opp saka: https://www.nrk.no/mr/russisk-krigsskip-skaut-varselskot-mot-norsk-fiskebat-1.17055139 -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Då får ein håpe at Ukraina kan ta ut nokre depot til, slik at det verkeleg byrjar å monne. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Er Støre noko betre enn Vedum? -
Det er også folk som døyr brått av hjartestans eller hjerneblødning. Ei beslekta problemstilling er dersom den nærmaste blir sjuk, og ikkje i stand til å bestemme over sin eigen økonomi. Utan framtidsfullmakt risikerer ein då i verste fall at pengar og eigedom blir låst og/eller styrt av overformynderiet, og at ein som pårørande ikkje har noko ein skulle ha sagt. Konklusjonen er at folk må tenkje seg om og avklare ting medan dei er friske og oppegåande. Ikkje utset til i morgon det du kan ordne i dag - då kan det vere for seint.
-
Men kva er det som avgjer kven som eig huset? Er det kva som står i lånedokumenta, kven sin konto som vart brukt til å betale ned lånet eller er det kva som står på skøyta på eigedommen?
-
Ekteskap er vel ein føresetnad for at det skal vere felles bu. Alternativa blir vel då sambuarkontrakt eller testamente.
- 54 svar
-
- 2
-
-
Herzog: Israel står ikkje bak personsøkjar-angrepet
torbjornen svarte på torbjornen sitt emne i Oppslagstavlen
Eg trur det er heilt sikkert at ikkje USA står bak. (Skulle ein vere konspiratorisk er det vel meir sannsynleg at Russland står bak - fordi dei vil skape mest mogeleg kaos og få fokus vekk frå krigen i Ukraina. Ungarn var vel også nemnt i samanheng med bombene, og dei har som kjent ein Russland-vennleg statsminister). Men kan det vere ei gruppe personar som støttar Israel som har utført dette på eige initiativ?- 11 svar
-
- 1
-
-
I følgje den israelske presidenten er det ikkje Israel som står bak personsøkjar-angrepa på Hisbollah. https://www.nrk.no/nyheter/israels-president_-_-benekter-at-landet-star-bak-personsokereksplosjonene--1.17053704 Er han feilinformert, lyg han... eller har han rett? Kven andre enn Israel kan tenkjast å stå bak dette?
- 11 svar
-
- 1
-
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Fyrverkeriet i Tikhoretsk, Krasnodar natt til i går var vakkert. https://mediaorigin.nrk.no/movingstill/699a5fb7-bece-433e-9a5f-b7bece333ed6/20240921102002/699a5fb7-bece-433e-9a5f-b7bece333ed6_720.mp4 https://www.nrk.no/urix/nytt-ammunisjonslager-i-luften-i-russland-1.17053077 -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/urix/kina-sorger-for-ny-rekord-for-nord-ost-passasjen-1.17053680 -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Ukrainske fangar som melder seg til krigen er ofte av dei mest motiverte soldatane. https://www.nrk.no/urix/xl/ukraina-loslater-fanger-for-a-kjempe-ved-fronten-1.17019841 -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Ein kan lure på om Russland til slutt vil ende opp som Eit nytt Nord-Korea, eller kanskje heller Ein mislukka stat som f.eks. eit nytt Somalia. -
Bør vi ikke være selvforsynt med våpen?
torbjornen svarte på mellomkjøttet sitt emne i Politikk og samfunn
Det er diverre alltid nokon som tenkjer at ein slik situasjon ville vere ideell for å skaffe meir makt til seg sjølv og å tvinge viljen sin på andre. Dette har ein sett i september 1939, 9/4 1940, 24/2 2022 og mange fleire gonger. Det er grunnen til at ein treng eit oppegåande forsvar, sjølv om det kostar.- 24 svar
-
- 1
-
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det mest interessante her var vel at armensk etterretning skal ha avslørt kupplanar og spor som peikar mot Russland. (Mykje av det andre som f.eks. "jordskjelvet" i Toropets veit ein om frå før). -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det var vel slik at 80% av styrken som skulle vakte norskegrensa mot NATO er gått til i Ukraina. Russland set inn alt dei har i krigen i Ukraina. Kvifor skulle dei tenkje annleis når det gjeld beredskapslager øyremerka krig mot NATO?