Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    10 099
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. For mange er eitt av måla med å byggje opp rikdom å kunne overføre noko av dette til borna. Akkurat som bonden, som har som mål at jorda bør vere i ein betre tilstand når han overlet garden til andre enn då han tok over sjølv. Med 100% skatt på arv vil ein fjerne denne motivasjonen, og garden eller bedrifta vil ofte måtte seljast fordi ingen i familien har råd til å ta over. Arveavgift? Tja. 100%? Nei!
  2. No var ikkje denne saka eit spørsmål om skatt og rikdom, men eit spørsmål om byråkrati som er blitt så stort at det kveler bedriftene.
  3. Alle som vurderer å kjøpe militært utstyr bør no vite at ein ikkje kan stole på USA.
  4. Som vi veit var Trump sitt "svar" ein god dose med oksedrit.
  5. Meiner du at det er heilt greit at bedrifter må bruke meir ressursar på papirflytting og kurs enn på dei oppgåvene som dei skal utføre? Eller at legar må bruke meir tid på å fylle ut skjema enn til å behandle pasientar?
  6. https://www.nrk.no/ostfold/regelvelde-tar-knekken-pa-sma-bedrifter-1.17374683 Slikt som dette kan få ein til å stille spørsmålet om ein treng ein norsk variant av Elon Musk.
  7. Slik eg forstår det er det dei danske soldatane som skal trenast - og ikkje omvendt.
  8. Det er eg einig i. Eit idealsamfunn der alle yter etter evne og nyter etter behov er umogeleg å få til i praksis. Ein kan aldri bli kvitt økonomiske skilnader. Men det er mogeleg å gjere skilnadene mindre. Eit samfunn med små skilnader og ein velferdsstat i ryggen er eit samfunn der ein får brukt evnene sine utan omsyn til foreldrebakgrunn eller status. Eit slikt samfunn vil vere meir produktivt enn eit samfunn der folk blir hindra i å bruke evnene sine f.eks. fordi ein ikkje har tilgang til helsetilbod, barnehageplass eller råd til å ta den utdanninga ein vil.
  9. Då trur eg at min "favoritt-riking" må vere bergensaren Trond Mohn, som har gitt mykje pengar til idrettsanlegg, fotball og veldedige føremål.
  10. Å byggje bustader krev økonomiske musklar, og er eit godt eksempel på at ein treng folk som har pengar/eig bedrifter. ... med mindre ein nasjonaliserer alt og lar statlege selskap/kollektiv stå for bustadbygging og alt anna. Men det har vist seg å fungere dårleg. Til og med kommunistane i Kina innførte marknadsøkonomi, noko som førte til sterk vekst og langvarig økonomisk opptur.
  11. Å kvitte seg med rike er ein dårleg idé. Å jamne ut økonomiske skilnader kan vere ein god idé
  12. Mi meining er vel at ein bør jobbe for å få Ukraina og Moldova inn i EU så raskt som mogeleg. Evt. kan også land på Balkan som ikkje støttar Russland bli med. Etter alt som har skjedd med pandemi, krig, tolltruslar og eit USA som er i ferd med å bli ein alliert av Russland og ein motstandar av vestlege liberale demokratiske verdiar er det også blitt tydeleg for meg at Norge har sin naturlege plass rundt bordet i EU saman med våre nordiske og europeiske vener. Også Island og Lichtenstein bør inviterast inn dersom dei ynskjer det. Når det gjeld Georgia er dei uaktuelle, sidan den noverande regjeringa ynskjer å knyte landet tettare opp til Russland i staden for EU. Eg tenkjer at det kan vere klokt å vente med å invitere russlandvennlege land inn i EU til krigen i Ukraina er over, og til Russland evt. byrjar å endre seg i positiv retning. Skulle det skje kan ein ta land som Serbia, Armenia og evt. Georgia inn i varmen.
  13. Ser absolutt poenget ditt. Men samtidig så tenker jeg at det er bedre å dem inne i "varmen" enn å få dem til å trekke seg inn mot Russland. For det er jo sikkert det som skjer om dem ikke får bli med i EU. Ein kan tenkje på Victor Orban. Er ein best tent med at Ungarn er med i EU når han truar med å leggje ned veto kvar gong det er snakk om å støtte Ukraina på ein eller annan måte? Venn med Putin er han uansett. Kunne han ha gjort meir skade om ikkje Ungarn hadde vore med i NATO og EU? Eit interessant spørsmål: Dersom Russland hadde blitt med i NATO på 90-talet, korleis hadde då verda sett ut i dag?
  14. Det har vel vore funne ukrainske sim-kort i russiske droner, og russarane er vel med god grunn redde for at det same skjer den andre vegen.
  15. https://direkte.dn.no/nyhetsstudio/#163928 Det er ei stor sjølvmotseiing i å dra til eit land som driv på på same måten som Hitler-Tyskland for å feire denne dagen. Som om det ikkje finst andre stader å feire frigjeringsdagen. Armenaren kunne like godt ha reist til Baku. Uansett: Lukasjenko og Kim er vel sjølvsagde gjester. Eg er spent på om Doиald Tяump, Orban og Fico møter opp.
  16. Det var nokon som sa ein gong at i staden for å krangle om korleis ei kake skal fordelast bør ein prøve å gjere kaka størst mogeleg, slik at det blir meir til alle grupper. Det seier seg vel litt sjølv at dersom det store fleirtalet slit med å overleve vil sinnet i eit samfunn auke. Dersom alle har nok vil det derimot spele mindre rolle om nokre få er styrtrike. Eit samfunn der folk i stor grad slit med å overleve er utsett for radikalisering eller krig. Det er vel kanskje dette ein ser i eit visst land som manglar den velferdsstaten som ein kjenner frå Norge og Europa.
  17. Så då er med andre ord ikkje problemet fyrst og fremst at rike har eit stort overforbruk, men heller at dei forbrukar lite eller at pengane i staden blir brukt til å kjøpe seg makt?
  18. No har det vel komme fram at desse er leigesoldatar som har blitt lokka av russisk propaganda på kinesiske sosiale medier. Det merkelege er likevel at dette slepp gjennom i eit land der det ikkje er lov å skrive "Ole Brumm".
  19. Pro Ukraina-folk med familie i Russland veit nok meir enn Pro Ukraina-folk som sit trygt bak eit skrivebord her i Norge. Eg tykkjer at dette er nyttige synspunkt. Samstundes må ein ta høgde for at sanksjonane virkar ulikt på St. Petersburg og Moskva, i forhold til landsbygda, perifere område eller område som i stor grad er befolka med minoritetar. Sanksjonar virkar, men ein må erkjenne at dei ikkje virkar så godt som ein kunne ynskje. Det er derimot heilt avgjerande at Europa stiller opp og sender det ein kan av hjelp som Ukraina ber om, slik at Ukraina kan bli sett i ein så god posisjon som mogeleg til å slå tilbake, vinne krigen eller evt. forhandle om ein best mogeleg avtale som også sikrar at ikkje Russland kan invadere på nytt i framtida.
  20. Det var slik før, og det er slik i dag. https://www.nrk.no/rogaland/rodt-delt-rundt-sporsmalet-om-vapenhjelp-til-ukraina-1.16383561 https://www.nrk.no/nyheter/rodt-raser-etter-nederlag-om-usa-baser-1.17375437 (Du finn fleire artiklar ved å søkje på Google).
  21. (Mine uthevingar) Dette har iallefall ikkje eg fått med meg. Såvidt eg veit har han komme med eitt enkelt eksempel.
  22. https://www.nrk.no/urix/washington-post_-lekket-notat-viser-plan-om-kutt-til_nato-og-fn-1.17383608
  23. https://www.nrk.no/urix/ny-lov-om-kun-to-kjonn-stemmes-over-i-ungarn-1.17382517 Ungarn fell djupare ned blant autokratia.
×
×
  • Opprett ny...