Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    10 098
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Om dette var mogeleg hadde vel Russland gjort dette allereie?
  2. Uavhengig av kven som har rett vil det vere ei stor belastning for alle involverte å få familielivet bretta ut i media. Dette gjeld både Gjert, Tone og borna. Dette har du nok heilt rett i.
  3. Ja, kvifor ikkje? Kona Ektefellen til statsministeren har rett til å ikkje vitne. Kva blir viktigast? At saka blir opplyst (for dommarane), eller at media har rett til å vere til stades?
  4. Det juridiske får andre svare på. Men alternativet ville jo ha vore at ingen får høyre kva Tone har å seie. Vitnemålet hennar vil vere svært interessant for saka, og om ein ynskjer å høyre vitnemålet har ein dermed ikkje noko anna val enn å stenge dørene.
  5. https://www.nrk.no/rogaland/tone-ingebrigtsens-vitnemal-1.17396285 Dette er ikkje vanskeleg å forstå. I følgje artikkelen har dottera og Jakob rett til å vere til stades sidan dei er fornærma i saka. Men Gjert er ikkje nemnd. Har han rett til å vere til stades og høyre forklaringa til kona, var han til stades, og måtte evt. også han forlate rettssalen?
  6. https://direkte.dn.no/krigen-i-ukraina/#164296
  7. Rentefond kan vere eit alternativ, men avkastninga blir ikkje stort betre enn på ein god høgrentekonto. I verste fall kan også desse fonda gå med tap. Høgrentefond har ein risiko som er mellom rente- og aksjefond, og kan levere noko betre avkastning. Men då bør tidshorisonten vere 5 år eller meir, noko den altså ikkje er i dette tilfellet.
  8. Det er tilsynelatande intens stemning på biletet. Det skulle ha vore interessant å vere "fluge på veggen" der. Det skulle ikkje forundre meg om dette blinkskotet skulle vinne prisar som "årets pressefoto" e.l.
  9. I utgangspunktet skulle eit privat ein-til-ein møte utan TV-kamera som surrar og går og der visepresident (og provokatør) Vance ikkje er til stades vere positivt. Vance var heller ikkje til stades då Støre og Stoltenberg vitja Trump i det kvite huset.
  10. Donald Trump sin bestevenn utvidar samarbeidet med Iran. https://direkte.dn.no/nyhetsstudio/#164229
  11. https://www.nrk.no/tromsogfinnmark/pst-innrommer-darlig-oversikt-over-mulige-mellommenn-i-kirkenes-1.17224544
  12. https://direkte.dn.no/usa-studio/#164202 Det er viktig at det ikkje blir lagt avgrensningar på Ukraina si evne til å forsvare seg i framtida. Kanskje kan eit godt ukrainsk forsvar også vere til hjelp dersom mogelegheita byr seg for å ta tilbake kontrollen over dei okkuperte områda f.eks. ved ein russisk kollaps.
  13. https://direkte.dn.no/nyhetsstudio/#164189 Kina tenkjer langsiktig.
  14. https://direkte.dn.no/nyhetsstudio/#164190 Kunne ein ikkje heller ha betalt og sendt ammunisjonen til Ukraina?
  15. Sjå! Han kritiserer Putin! https://direkte.dn.no/usa-studio/#164191
  16. Det ironiske er at USA er bygd av innvandring. Dei opprinnelege innbyggjarane vart nesten utrydda. Kriminalitet hadde ein vel også i mellomkrigstida. https://en.m.wikipedia.org/wiki/Al_Capone
  17. I Russland blir skulevesenet militarisert, og born utsette for indoktrinering. Er det nokon som trur at Russland vil bli enklare å handtere i framtida berre ein får på plass ein "fredsavtale" i Ukraina?
  18. Kva ville skje dersom USA byrja å støtte Russland meir direkte? Kunne Kina tenkjast å skifte side, tilnærme seg Europa og byrje å støtte Ukraina?
  19. Den russiske framgangen ved frontlinjene har vel nesten stansa. Russland har gitt "alt" det siste halvåret for å ta mest mogeleg land før dei blir berga av Trump. Eg håpar at Ukraina takkar nei til amerikanske krav som i praksis inneber kapitulasjon, og at europearane kan samle seg og trappe opp støtta. Vi nærmar oss kanskje det avgjerande tidspunktet der russarane ikkje har så mykje meir å gje, og krigslukka snur til Ukraina sin fordel. Slik krigslukka også snudde for nazistane under 2. verdskrigen. Men Ukraina må få meir luftvern så raskt som mogeleg.
×
×
  • Opprett ny...