-
Innlegg
9 243 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av torbjornen
-
Når det tradisjonelt mest kristenkonservative partiet i Norge seier dette, seier det sitt om kva retning både Norge og USA har gått i seinare år.
-
Europa, Norge og NATO politikk etter Trump-seieren
torbjornen svarte på Simen1 sitt emne i Politikk og samfunn
Hadde norske politikarar godteke at det var kraftutveksling mellom havvindmøllene og kontinentet ville vel desse ha gått i pluss utan bruk av subsidiar.- 77 svar
-
- 2
-
-
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
SV klør framleis etter å komme seg vekk frå USA og NATO. Eg trur ikkje at det er vi som skal bryte med USA. Faren er at USA vil bryte med oss. Venstre har ei fornuftig tilnærming. -
No kom eg plutseleg til å tenkje på den svensknorske komiserien Fredrikssons fabrikk, som gjekk på Nrk for mange år sidan.
- 32 svar
-
- 1
-
-
Du har eit poeng. I Latin-Amerika står den katolske kyrkja sterkt, så dette er kanskje ikkje så overraskande eigentleg.
-
Velkommen etter får ein vel seie.
-
Religion spelar heldigvis lita rolle i politikken i Norge samanlikna med USA.
-
Nettopp. Ein såg det same då den katastrofale presidentdebatten til Biden gjorde minimalt utslag på meiningsmålingane. Hadde føresetnadane vore litt annleis, f.eks. i form av betre økonomi ville Harris fort ha vunne presidentvalet.
-
Amerikanarane har talt, og ein må leggje godviljen til og håpe på det beste. Zelenskyj er skodespelar, og veit kva som passar seg å seie. Valkamp er valkamp, og det kan hende at den kommande Trump-administrasjonen vil ha ei betre tilnærming til Ukraina og europeisk sikkerheit enn det retorikken i valkampen tyda på. Ein må håpe på det beste, og så får ein sjå kva som vil skje framover. Men det er viktig at europeiske politikarar vaknar og bidreg betydeleg meir til både Ukraina og eige forsvar. Europa må vere i stand til å ta vare på vår eiga sikkerheit, og vi kan ikkje lenger stole på at USA vil gjere det for oss.
-
Frp vil vel ikkje ha noko innskjerping rundt retten til abort? Eg er elles einig i det du skriv.
-
Dette er ein viktig lærdom. Her i landet hugsar ein valkampane på tidleg 2000-tal, der Ap snakka meir om Høgre og Frp sin politikk enn sin eigen. Då blir veljarane lei. Erna Solberg snakka mest om Høgre sin politikk og om samarbeid, og det enda med borgarleg regjering som sat i to periodar etter kvarandre og status som "landsmoder".
-
I følgje Nrk leiar Trump i 6 av 7 vippestatar. Er løpet køyrt no?
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/norge/tidligere-hoyesterettsdommer-frifunnet-skoghoy-for-erstatningskrav-etter-giftpastander-1.17107179 Off topic, men nemner dette fordi saka har blitt nemnt tidlegare i tråden. (Ekskona er frå Ukraina). -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Ingenting overraskar meg når det gjeld Biden og Sullivan. Harris kan ikkje komme fort nok inn i det ovale kontoret. -
Norge har vore eit land med små sosiale skilnader og stor grad av konsensus. Ein velferdsstat med gode ytingar til dei som treng det, og som alle bidreg til over skattesetelen minskar sosiale skilnader og skaper eit godt grunnlag for at "alle" kan vere med i arbeidslivet. Alle partia frå ytterst på venstresida til ytterst på høgresida støttar velferdsstaten, og ein slepp dermed å betale f.eks. for dyre helseforsikringar slik som i USA. Når det store fleirtalet får dekka sine grunnleggjande behov får ein også eit inkluderande arbeidsliv og økonomisk vekst. Arbeidsløysa er låg, og ligg vel på ca. 3% (?). Det er elles heilt vanleg å diskutere politikk, enten ein står langt til venstre eller langt til høgre. Sjølv om nordmenn generelt står eit stykke til venstre for amerikanarar har vi også mykje til felles, og mange har også forståing for meir "konservative" verdiar. Ein ser opp til tradisjonelle republikanarar som Ronald Reagan, som saman med Mikhail Gorbatsjov gjorde slutt på den kalde krigen og var med på å skape ein lang periode med avspenning mellom aust og vest. Ein ser ned på diktatorspirer som Donald Trump. Russland er blitt fascistar, og vi kan ikkje lenger stole på at USA vil forsvare oss og den frie verda dersom Putin kjem med truslar eller bestemmer seg for å invadere europeiske land. Generelt er nordmenn lite religiøse, mange brukar kyrkja i samband med dåp, bryllaup eller gravferd, men religion spelar lite rolle i politikken samanlikna med USA. Kristeleg folkeparti har vel ein oppslutnad som ligg rundt 4%. Dei fleste nordmenn er lutheranarar eller ateistar, men innvandring har gitt ein stor muslimsk minoritet. Vi har også m.a. ein liten minoritet av norske jødar. Det er elles heilt vanleg å leve i homofilt partnerskap eller ekteskap. Eg bur i ein kommune med ein ordførar som er homofil, og som bur saman med partneren sin.
- 32 svar
-
- 3
-
-
Forholda i dei nordiske landa er ganske like. Det bur f.eks. mange svenskar i Norge og omvendt.
- 32 svar
-
- 1
-
-
Som i alle land er det viktig å setje seg inn i reglane. Her er eit eksempel på kor gale det kan gå: https://www.nrk.no/innlandet/xl/juliana-mattson-fra-usa-skulle-laere-okologisk-jordbruk-i-noreg-_-ti-dagar-seinare-vart-ho-utvist-1.17002276 Av og til skammar eg meg over å vere norsk.
- 32 svar
-
- 2
-
-
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Bakgrunnsartikkel om Moldova: https://www.nrk.no/urix/moldovarane-vel-ny-president_-eit-val-mellom-eu-og-moskva-1.17110004 Dette er eit gledeleg utfall i ei verd som elles er ganske trist. Det er likevel ikkje så mange prosent som skil dei to presidentkandidatane. Skal tru korleis det hadde gått dersom innbyggjarane i utbrytarregionen Transnistria hadde kunna stemme ved valet. Det er kanskje like greit at Transnistria får segle sin eigen sjø enn så lenge - til det evt. kjem eit meir vennlegsinna regime i Russland. -
https://www.nrk.no/ytring/hvem-hadde-trodd_-konservativ-er-blitt-_great-again_-1.17107958 Ein god kommentar. Sjølv om eg har store vanskar med å forstå at nokon vil stemme på Donald Trump er det slik at når folk føler at ting går for langt i den eine retninga vil det før eller sidan komme ein motreaksjon. Den beste medisinen er då at den andre sida får sleppe til ei stund, slik at folk får opp augo og ser kva det fører til.
-
Om du greier deg med 20 mbit/s får du 100 GB fri data hos Chilimobil for 349 kr/mnd. https://www.chilimobil.no/
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det kan vel også vere slik at dei føler at dei har teke sin del av børa, og meiner at andre kan bidra meir fyrst. Problemet med den vaklande støtta til Ukraina er at alle sit og ventar og håpar på at andre skal gjere noko eller at krigen skal gå over av seg sjølv. Eit godt eksempel er Støre og Vedum som oppfører seg som onkel Skrue som vaktar pengebingen. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Ein annan ting er at det er irriterande at tyskarane alltid må snakke i munnen på intervjuobjektet, i staden for å bruke tekststripe til omsetjing slik vi er vant til her heime. Eg ville gjerne ha høyrt kva Boris Johnson faktisk sa i staden for den tyske dubbinga. -
Bør Høyre få ny partileder/statsministerkandidat?
torbjornen svarte på DetteErBareMinMening sitt emne i Politikk og samfunn
Eg tykkjer at dei som vil halde fram diskusjonen om overvekt som (evt.) samfunnsproblem godt kan opprette ein eigen tråd med dette som tema.- 105 svar
-
- 4
-
-
Eg har 100 GB fri data hos Chilimobil til 399 kr./mnd. Eigen datasim kostar 59 kr. per månad om eg hugsar rett. Så dersom Fjordkraft gjev fri data også på data-sim kunne eg tydelegvis ha spart nokre kroner på å gå over til Fjordkraft, men det er for lite til at eg orkar å byte når eg er fornøgd der eg er.