Skal ein følgje eit slikt resonnement har vel verken Xi eller nokon andre peiling på kva dei driv med heller. Eg trur ikkje at ikkje paven har greie på fredssamtalar. Dei fleste, inkludert paven veit kven som er agressor, og han har vel aldri lagt skjul på dette. På eitt eller anna tidspunkt vil krigen vere over, og når ein fredsavtale skal på plass kan det vere bra at nokon har snakka med kvarandre, drøfta planar for framtida og skapt ei mest mogeleg felles forståing. Eg meiner difor at det er rett å ha samtalar direkte eller indirekte med begge partar i krigen, og dette inkluderer paven som fredsmeklar. Paven har også den fordelen at han er nøytral, på den måten at han ikkje har bindingar til verken Russland, Ukraina, EU, NATO, Kina eller andre som har interesse av at nokon "vinn" krigen.