Ein halvliter bør gå greit. Kor mykje ein må drikke for å bli full er nok ganske individuelt, men
For min del tok eg meg eit glas øl nokre svært få gonger i studietida, og då i godt selskap med gode vener. Siste gongen vi var ute tenkte eg at eg skulle teste grensene mine litt. Eg drakk då til saman 5 glas (som eg meiner å hugse var 0,4 liter) med god tid mellom. Eg merka ikkje på nokon måte at eg vart full. Så tenkte eg at det fekk vere nok og tok etter kvart nattbussen heim og la meg. Den natta sov eg dårleg, noko som eg tilskreiv alkoholen. Etter studietida har eg aldri smakt alkohol av noko slag, men seier ikkje nei til å ta eit glas øl eller vin i eit passande høve. Å drikke meg dritings kunne eg derimot aldri tenkje meg.