-
Innlegg
10 092 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av torbjornen
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det er nok diverre mykje sant i dette. Kina er nok ikkje så begeistra for Putin, men er redde for å bli ståande åleine mot USA den dagen det russiske regimet fell og landet endar i kaos og oppløysing. Men om krigen får halde fram er det dette som til sjuande og sist vil skje uansett. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Takk for oppklaring. Eg meinte å hugse at Ukraina skal ha drepe eit dusin russiske generalar i Kursk for ei tid sidan, og tenkte at det var dette russarane stadfesta. Det er gledeleg at dette ikkje var noko eingongstilfelle. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Frøy Gudbrandsen: https://www.vg.no/nyheter/i/zAoj1r/peter-froelich-kan-bli-hoeyre-leder -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Er dette eigentleg gammalt nytt? -
Kvar pandemi er unik. Svineinfluensaen vart handtert med generelle råd om å vaske hender og hoste i armkroken. Korona-pandemien var vel meir i klasse med spanskesjuka for 100 år sidan. Skulle det komme ein pandemi med høgare dødelegheit enn korona må ein ha tiltak som samsvarar. I tillegg vil nokre av tiltaka virke mot ein type virus, men ikkje mot ein annan. Eksempel er at munnbind virkar mot luftsmitte frå korona, medan spriting av hender virkar best mot omgangssjuke. Eg håpar at ein brukar det ein har lært ved neste korsveg. Dette gjeld ikkje minst alle dei negative konsekvensane som nedstenging fekk på folkehelsa, og då særleg born og unge.
-
Har du noko kjelde som viser at snittalderen var 85? Var dette før eller etter at størstedelen av befolkninga var vaksinerte? Gjaldt dette omikron-varianten som gjorde at samfunnet opna opp, eller gjaldt det dei tidlegare variantane som fylte opp intensivavdelingane? Det er mange i yngre aldersgrupper som har nedsett immunforsvar av ulike årsaker. (Eg er sjølv i ei slik gruppe). Har du noko belegg for at koronaviruset ikkje var farleg for desse gruppene, men berre ramma folk i dei øverste aldersgruppene? Og kva gjorde danskane annleis enn oss? Slik eg hugsar det var danskane minst like strenge som oss. Sverige var unntaket, men også dei måtte til med tiltak etter kvart. Til tider hadde Sverige strengare tiltak enn Norge.
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Vel og merke var det uavhengigheit frå Sovjetunionen det var snakk om. Tsjetsjenia er så langt dei einaste som har prøvd å bryte ut frå sjølve Russland. Skal tru om det vart halde tilsvarande folkeavstemmingar i Russland og Belarus, og kva som evt. vart resultatet der. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
USA under Trump prioriterer kjæledeggen Israel framfor Ukraina og Europa. USA under Biden gjorde det same, om enn ikkje i like stor grad. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Bileta viser at Azerbaidsjan ikkje er noko demokrati som behandlar fangar på human måte dei heller. Men det er uansett gledeleg at Russland får færre og færre vener i sentral-Asia. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Ein legg her merke til at den norske gassen minkar mest. Er dette fordi ein i Norge skal vere flinkast i klassen i det grøne skiftet, og stenger ned produksjon slik at andre land med meir eller mindre tvilsame styreformer kan ta over marknaden? -
Eg tykkjer stort sett at pandemien vart handtert greit. Eg skal love at det hadde blitt kritikk dersom ein hadde gjort null tiltak og tusenvis av menneske hadde døydd unødvendig mange år før tida samt at folk som hadde andre sjukdommar som f.eks. beinbrot, kreft osv. ikkje kunne få behandling på grunn av sprengt kapasitet. Ein veit også at belastninga på intensivavdelingane på norske sjukehus til tider var høg nok som den var, og dei som kjempa mot å bli kvalt fekk ikkje nokon behageleg død for å seie det slik. Det vart gjort ein del feil. Eg meiner framleis at ein burde ha sytt for at risikogruppene over heile landet var vaksinerte før ein byrja å vaksinere friske folk i Oslo-området langt ned i aldersgruppene. Om risikogruppene var dekka ville det derimot rett å prioritere geografisk etter kvar smitten var mest utbreidd. Ein annan ting var at ein venta alt for lenge med tiltak når smitten steig, slik at tiltaka når dei fyrst vart innført vart verre enn nødvendig. Då omikron-varianten dukka opp var sjukehusa på brestepunktet, og sjukepleiarar fekk inndrege juleferie. Då tiltaka endeleg kom gjekk smitten med den gamle varianten (som eg ikkje hugsar namnet på) raskt ned, og trykket på intensivavdelingane letna. Så er eg einig med @Moromann i at ein godt kunne ha teke til seg kunnskapen ein trass alt allereie hadde og fjerna tiltaka raskare. Omikron var umogeleg å kontrollere, og koronaviruset var med eitt ikkje farlegare enn (annan) forkjølelse. Det einaste rette var dermed å fjerne alle tiltak, og pandemien var ikkje lenger nokon pandemi.
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Men i Norden gjer Embraer det godt: https://www.dn.no/luftfart/sas/anko-van-der-werff/luftfart/sas-kjoper-opptil-55-embraer-fly-dette-er-en-massiv-dag-for-oss/2-1-1839565 -
Palestina-aktivist dømt til fengsel:– Jeg er utrolig skuffet
torbjornen svarte på ^fmj sitt emne i Politikk og samfunn
Du fekk med andre ord ikkje med deg kva innlegg han svarte på. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Rett nok var dette kanskje unntaket som bekreftar regelen: https://no.m.wikipedia.org/wiki/Telavåg -
Dersom det sit anslagsvis 400 der for å gjere ein jobb som det trengst anslagsvis 50 for å gjere vil det å leggje jobben ut på anbod vere ei betre løysing som sikrar at inntektene i større grad går dit dei skal.
- 149 svar
-
- 2
-
-
Kan løysinga vere å avvikle Norsk Tipping, behalde spelemonopolet og å leggje jobben med å drifte dette ut på anbod til private?
- 149 svar
-
- 2
-
-
Palestina-aktivist dømt til fengsel:– Jeg er utrolig skuffet
torbjornen svarte på ^fmj sitt emne i Politikk og samfunn
Eg er einig i det du skriv om sivil ulydigheit og demokrati. Men når det går over til sabotasje mot forsvaret har ein kryssa ei grense. Om ikkje dette blir slått hardt ned på vil det vere ein open invitasjon for sabotørar fordekt som "aktivistar", men finansiert av Russland. Og då blir det farleg. Russland vil elles også prøve å utnytte kontroversielle saker til å drive påverknadsoperasjonar i vestlege land, og då kan aktivistar opptre som nyttige idiotar. Dette er ein fare for demokratiet.- 53 svar
-
- 4
-
-
Palestina-aktivist dømt til fengsel:– Jeg er utrolig skuffet
torbjornen svarte på ^fmj sitt emne i Politikk og samfunn
Dette er ei svært dårleg samanlikning. For det fyrste dreiv ikkje Fosen-aktivistane sabotasje, verken mot norsk forsvarsevne eller mot annan eigedom. For det andre måtte dei bruke sivil ulydigheit for at reindriftssamane på Fosen skulle bli høyrt og rettane deira bli respektert i samsvar med dommen der det blir slått fast at Staten har brote menneskerettane deira. Mogelegheit for å vise motstand ved sivil ulydigheit er ein del av demokratiet vårt. Men det går ei grense når det går ut over annan manns eigedom. Særleg gjeld dette dersom det er landsforrederi og/eller kan setje norsk sikkerheit i fare.- 53 svar
-
- 2
-
-
Er det ikkje slik Arbeidarpartiet "alltid" har gjort det, nemleg å utnemne sine eigne til alle slags leiarstillingar i det offentlege? Når alt kjem til alt er kanskje ikkje Norge så ulikt Donald Trump sitt USA på akkurat dette feltet.
- 149 svar
-
- 3
-
-
Palestina-aktivist dømt til fengsel:– Jeg er utrolig skuffet
torbjornen svarte på ^fmj sitt emne i Politikk og samfunn
I Storbritannia tek dei ikkje med silkehanskar på sabotasje, men stemplar like godt aktivistane som terrororganisasjon med dei konsekvensar dette medfører: https://www.bbc.com/news/articles/c4g83l33wdeo.amp Vi lever i ei farleg tid, og det er kanskje dette som må til også her heime.- 53 svar
-
- 8
-
-
Palestina-aktivist dømt til fengsel:– Jeg er utrolig skuffet
torbjornen svarte på ^fmj sitt emne i Politikk og samfunn
Det store fleirtalet støttar Ukraina sin fridomskamp, og dei fleste er einige om at vi treng både NATO-medlemsskap og eit oppegåande forsvar for å hindre at noko liknande skulle kunne skje med oss. Samstundes ser vel også dei fleste galskapen i Israel sin endelause krig mot sivilbefolkninga på Gaza. Men ein løyser ikkje problema i Midtausten ved å sabotere vårt eige forsvar mot Russland.- 53 svar
-
- 1
-
