Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    10 281
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Er dette gammalt, eller har han gjenteke desse løgnene enno ein gong? Trump minner meg om ei gammal vinylplate med hakk i.
  2. Var det ikkje snakk om noko slikt før drone-provokasjonen mot Polen?
  3. Ukraina har mangel på luftvern. Ville det ikkje vere betre om systema vart selde til Ukraina framfor nasen på russarane?
  4. Ein skal ikkje generalisere for mykje. Du har nok ein del rett i at menn generelt kan vere tøffare (og meir uforsiktige) enn kvinner. Men det finst- og har funnest mange sterke kvinnelege leiarar. Margaret Thatcher er eitt eksempel. Eg meiner at kjønn har svært lite med saka å gjere. Det som er problemet er heller at i demokratiske land må politikarane heile tida ta omsyn til folkemeininga, noko som ein diktator slepp. Samt at Europa har hatt ei lang fredstid. Politikarane vågar ikkje å vere tøffe, fordi dei lett får folkemeininga mot seg dersom folk tykkjer at ein brukar for mykje pengar på forsvar/krig framfor velferd, eller dersom folk tykkjer at ein hissar til krig.
  5. Er det Orban og Fico du tenkjer på?
  6. Om 250 milliardar kroner likevel er rett er det vel Bjørn Johan Berger som er den som verkeleg feilinformerer.
  7. Kva ville ha skjedd dersom NATO-kampfly tok seg ein tur inn i Russland?
  8. https://www.vg.no/nyheter/i/dRyxej/trump-og-starmer-vi-har-tatt-forholdet-videre Oppsiktsvekkjande uttale frå Trump. Men vil det få nokon konsekvensar for Putin og Russland? Det trur eg ikkje før eg ser det. Og i morgon meiner han kanskje det stikk motsette av det han meinte i dag.
  9. Diverre blir aldri Moskva eller St. Petersburg ramma av naturkatastrofer. Ei større katastrofe som ramma desse byane kunne ha vore det som skulle til for at ein måtte prioritere eiga befolkning framfor å drive ein meiningslaus imperialistisk krig mot nabolandet Ukraina.
  10. Russland må ha svært mange fly og pilotar for at det skal ha nokon effekt. Ukraina er eit geografisk lite område å forsvare samanlikna med Russland.
  11. https://www.nrk.no/tromsogfinnmark/gps-jamming-hindret-wideroe-fly-a-lande-i-vardo-i-finnmark-1.17573015
  12. No skal ein visstnok kjønnsteste menn i boksing: https://www.nrk.no/sport/vil-kjonnsteste-menn-_-noreg-reagerer-kraftig-1.17563184 Her ramlar eg av lasset. Kva er vitsen med å teste det kjønnet som uansett vil ha ein fordel i konkurransen? Her prøver ein å løyse eit problem som ikkje eksisterer i utgangspunktet.
  13. Religion og nasjonalisme høyrer vel ofte saman. Og så har ein autoritære land som f.eks. Iran som brukar religion som ein måte å utøve makt og å undertrykkje folket. Men at religion blir brukt så systematisk som eit politisk verkemiddel til å vinne folk over på si side som i Russland er kanskje ikkje det mest vanlege.
  14. Kort oppsummert: Sikkerheitsgarantiar ved evt. fredsavtale er eit hypotetisk spørsmål så lenge Putin vil halde fram krigen. Det er mykje viktigare at ein aukar støtta til Ukraina no, slik at dei står sterkare mot Russland. Snakket om forhandlingar og våpenkvile har vel vore ein måte å jatte med "fredspriskandidaten" Donald Trump. Når dette renn ut i sanden og ein ser at Trump ikkje er villig til å støtte Ukraina eller leggje press på Russland må ein førebu seg på at krigen vil vare ei stund, og at ein må hjelpe Ukraina til å vinne denne krigen. Og ein kan ikkje forvente noko hjelp frå USA, heller tvert imot.
  15. Då har du følgt dårleg med. Den russisk-ortodokse kyrkja med patriark Kirill i spissen er ein viktig del av maktbasen til Putin.
  16. Han er vel nøydd til å seie det dersom han skal halde fram med å representere regimet. Alternativet ville ha vore å hoppe av og søkje politisk asyl i Norge.
  17. I Norge heiter det Storbritannia og Nord-Irland.
  18. Då må ein bruke droner eller elektronisk krigføring. Ukraina er det einaste vestlege landet som har erfaring med dronekrig. Denys Davydov nemnte nyleg at ukrainarar skulle trene polakkar i bruk av droner. Vestlege land er ikkje førebudde på dronekrig. Både ukrainske og russiske stridsvogner er utstyrte med nett som til ei viss grad beskyttar mot droner. Vestlege stridsvogner utan slik beskyttelse ville bli øydelagde i løpet av kort tid.
  19. Verdssamfunnet sat og såg på krigane på Balkan i årevis utan å gripe inn. I Srebrenica vart det utført folkemord medan FN-soldatane såg på. Men det enda med NATO-krig mot Serbia i 1999, og 2 år etterpå fall regimet. Mykje kan skje også før Ukraina-krigen er over. Men det er kanskje meir sannsynleg med internt opprør i Russland enn at NATO går direkte inn i krigen på ukrainsk side.
×
×
  • Opprett ny...