Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    9 470
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Det var kraftig nordlys her i Sunnfjord i natt. Dette er vel ikkje så heilt vanleg.
  2. Merk at dei fleste innlegga i denne tråden er over 8 år gamle.
  3. Det kan umogeleg vere enkelt å flytte dinosauren ut av kornåkeren og til ein stad der den kan ta av.
  4. Det er nok diverre også slik at dei rikspolitiske trendane pregar lokalvala. Her i kommunen har vi ein populær Senterparti-ordførar og raudgrønt samarbeid, då er det litt merkeleg at Senterpartiet går tilbake og Høgre gjer eit brakval når dei vil leggje ned grendaskulane for å bruke pengane på omsorgsbustader. Blir det gjennomført vil nok kommunen trenge skattepengane der, forsvinn barnefamiliane er det oppskrift på stagnasjon og tilbakegang, og det blir berre dei eldre som blir tilbake.
  5. Er det meir miljøvennleg å bruke avfallssekkar til søppelposar eller til panteflaskene? Om avfallssekkane kan brukast om att kan også bereposane det. Og kvifor blir det ikkje gjort noko med det verkelege problemet, som er all plastemballasjen som følgjer med alle varene ein kjøper? Eg skulle gjerne ha betalt ei ekstra avgift dersom den kunne brukast til å finne fornuftige folk som kan styre landet, matkjedene eller produsentane som skaffar oss all den unødvendige plastemballasjen.
  6. Då må det ha vore noko feil med kjøleskåpet ditt. Eg drakk mykje mjølk i oppveksten, og kan ikkje hugse at dette var eit problem. Mjølka heldt seg ofte lenge etter utløpsdato då som no. Det var også lettare å drikke av kartongane, med plastkork får ein aldri kartongen heilt tom utan å søle. Eg har aldri forstått poenget med desse korkane. Dersom Tine (eller Q) skal gjere eit berekraftig val er den openberre løysinga å gå tilbake til den gamle løysinga. Når det er sagt riv eg av korkane på brusflaskene av rein trass, og irriterer meg kvar gong over politikarar og andre som finn på slik symbolpolitikk framfor å ta tak i dei verkelege utfordringane som ville monne.
  7. Der har du eit godt poeng. Eg pleier å kjøpe små tomatar i plastbeger, og når eg har ete slit eg rett som det er med å finne att det gjennomsiktige plastloket. Kanskje burde alle lok ha vore hengsla fast. Men dette vesle problemet mitt illustrerer også kor tullete symbolpolitikk er. Det er lite hjelp i plastposeavgifter og hengsla korkar når alt ein kjøper er innpakka i det som ofte er unødvendig mykje plastemballasje. Skal ein få gjort noko med plastforsøpling må ein starte med å finne alternativ til all denne plasten. Tomatane kunne like gjerne ha vore i eit beger av papp.
  8. Dette er vel kanskje fyrst og fremst viktig symbolsk som ei oppmuntring for å halde på moralen til befolkninga? Når dei ikkje kan etablere deg på austsida av Dnipro og bruke dette til å gjenerobre resten av Kherson, korleis kan dei då bruke nokre oljeplattformer til å ta kontroll over Krim?
  9. I dei fleste tilfelle blir paret einige om å etablere seg ein stad der begge har jobb innanfor rimeleg avstand, og der dei elles likar seg. Om ikkje det er mogeleg å få dette til å klaffe heilt må ein tilpasse seg og ta dei jobbane som finst. Er det hogd i stein at Trondheim er nærmaste løysing?
  10. Ja, men om alt innan offentleg og privat skulle tenkje slik ville det ikkje ha blitt igjen ein einaste arbeidsplass i distrikta bortsett frå bønder og kommunale arbeidsplassar, og då fyrst og fremst kring den lokale gamleheimen. Skal distrikta vere levedyktige må det opprettast fleire arbeidsplassar innanfor eit størst mogeleg spekter, slik at både mannen og kona har jobb, og i tillegg må ein ha tilgang på barnehage, skule, eit variert kulturtilbod og anna tenesteyting innanfor ein rimeleg tidsmessig avstand.
  11. Kan dette ha noko betydning for krigens gang?
  12. Novopokovka eller Novoprokopivka? Det er to byar på kartet med nesten identiske namn.
  13. Vesten har vel gått frå å forvente at Ukraina ville falle på nokre få dagar til å forvente at Ukraina skulle komme med ein våroffensiv der dei skulle ta tilbake store område på kort tid. Ukrainarane må såleis ta sjølvstendige avgjerder basert på forholda på bakken framfor å følgje velmeinte råd frå Vesten, samt at Vesten må trappe opp våpenhjelpa og gje det som allereie er lova. Om krigen dreg ut og forholdet mellom russiske og ukrainske tap av mannskap ikkje er stort nok til fordel for Ukraina ser det ut til at Russland vil vinne krigen på sikt.
  14. USA vs. Israel og Tyrkia er interessant. USA og Iran på same side er ikkje mindre interessant.
  15. I artikkelen går det fram at det framleis kan gå månader før amerikanarane greier å bestemme seg. Ein kan jo av og til lure på om enkelte har rett i at det skal kjempast "til siste ukrainar", eller om amerikanarane ynskjer at Ukraina skal vinne krigen.
  16. Ein kan vel konkludere med at kva som ville ha skjedd dersom atombombene ikkje hadde falle over Japan er det ingen som veit. Japan kunne ha valt å kapitulere, men Japan kunne også ha valt å kjempe vidare.
  17. Det er ofte seierherrane som styrer rettsoppgjer etter ein krig, og det er også ofte dei som skriv historia slik den kjem fram i historiebøkene. Eit rettsoppgjer blir dermed aldri heilt nøytralt.
  18. No ser det omsider ut til at det er bevegelse, så då kjem den vel fram med tid og stund.
  19. Ja, dette er det ikkje Guterres som bestemmer, men dei landa som står bak sanksjonane. Uttalen er eit stort feilsteg, og vil bli brukt i russisk propaganda. Det er Russland som einsidig nektar å vidareføre kornavtalen, og som bombar ukrainsk havneinfrastruktur med vitande og vilje. Uttalen legg skulda på sanksjonane, og vil skape ytterlegare press på EU og USA for å gje etter for russisk utpressing.
  20. Og likevel presterer du å skrive Noko som du burde vite ikkje er sant.
  21. Nei, men tykkjer ikkje du at det er litt rart at dei ikkje seier noko offentleg dersom Musk faktisk saboterer hjelp som forsvarsdepartementet betalar for?
  22. Det er vanskeleg å vite heilt kva ein skal tru når det gjeld dette. Burde ikkje det amerikanske forsvarsdepartementet i så fall ha komme med ein kraftig reaksjon fordi dei har betalt for ei tenseste som blir skrudd av i hytt og pine? Eller var dette noko som var avklart, og som forsvarsdepartementet faktisk var einig i?
×
×
  • Opprett ny...