-
Innlegg
9 449 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av torbjornen
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Ja, dette er det ikkje Guterres som bestemmer, men dei landa som står bak sanksjonane. Uttalen er eit stort feilsteg, og vil bli brukt i russisk propaganda. Det er Russland som einsidig nektar å vidareføre kornavtalen, og som bombar ukrainsk havneinfrastruktur med vitande og vilje. Uttalen legg skulda på sanksjonane, og vil skape ytterlegare press på EU og USA for å gje etter for russisk utpressing. -
Ny biografi: Musk skal ha sabotert ukrainsk droneangrep
torbjornen svarte på <generisk_navn> sitt emne i Oppslagstavlen
Og likevel presterer du å skrive Noko som du burde vite ikkje er sant.- 364 svar
-
- 13
-
-
-
-
Ny biografi: Musk skal ha sabotert ukrainsk droneangrep
torbjornen svarte på <generisk_navn> sitt emne i Oppslagstavlen
Nei, men tykkjer ikkje du at det er litt rart at dei ikkje seier noko offentleg dersom Musk faktisk saboterer hjelp som forsvarsdepartementet betalar for?- 364 svar
-
- 3
-
-
Ny biografi: Musk skal ha sabotert ukrainsk droneangrep
torbjornen svarte på <generisk_navn> sitt emne i Oppslagstavlen
Det er vanskeleg å vite heilt kva ein skal tru når det gjeld dette. Burde ikkje det amerikanske forsvarsdepartementet i så fall ha komme med ein kraftig reaksjon fordi dei har betalt for ei tenseste som blir skrudd av i hytt og pine? Eller var dette noko som var avklart, og som forsvarsdepartementet faktisk var einig i?- 364 svar
-
- 2
-
-
Ny biografi: Musk skal ha sabotert ukrainsk droneangrep
torbjornen svarte på <generisk_navn> sitt emne i Oppslagstavlen
Det var vel slik at etter at Stoltenberg sin stabssjef uttalte at å avstå landområde kunne vere ei løysing sa vel Medvedev at det var eit interessant forslag, men at Russland då også måtte få Kiev. Russland vil ikkje vere fornøgde før dei får okkupere heile Ukraina.- 364 svar
-
- 4
-
-
-
DHL - Pakke frå Tyskland - export parcel center?
torbjornen publiserte et emne i Hjelp til kjøp og salg
Eg bestilte eit par dekk til ein gammal alpetraktor frå ein tysk nettbutikk, men å få dei sendt til Norge ser ut til å ta si tid. Siste oppdatering: Og der har altså pakken lagt heile veka. Er det vanleg at det går lang tid før pakkar frå Tyskland blir sendt vidare til Norge? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Går det mot storkrig her også? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Her var det vel ein ekspert på kjernefysikk som forklarte dette godt. Denne gongen gjorde Nrk jobben sin som folkeopplysar.- 81 036 svar
-
- 11
-
-
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det finst no vel folk i Nrk med realfagkunnskap. Kvifor kunne ein ikkje bruke militærekspertar eller evt. Halvard Sandberg til å forklare dette og tilbakevise propagandaen? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Nei, tvert imot. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Eg trur at han skjøna poenget, men at han beit seg merke i at tala var gamle. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det er vel aserbadsjanarane som er den sterke parten, og dei har støtte frå ei anna autoritær stormakt, nemleg Tyrkia. Armenarane har vore utsette for folkemord før, og må ikkje bli det igjen. Derimot er det svært gledeleg dersom armenarane vender seg vekk frå Russland, og mot EU og USA. Russland vil ikkje vere i stand til å hjelpe dei lenger, sidan all energi går med på krigen i Ukraina. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/nyheter/armenia-1.12153965 Ein får krysse fingrane for at Armenia ikkje blir eit nytt Ukraina og Aserbajdsjan eit nytt Russland. Amerikanarane ser iallefall ut til å vere vakne. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Denne hendinga vart såvidt nemnd i tråden. No får vi fleire detaljar: https://www.nrk.no/urix/russisk-helikopterpilot-hoppet-av-_-sammen-med-sitt-helikopter-1.16541571 -
For meg ser det nesten ut som at ein må endre på ting berre for endringa si skuld. Om eit oljeselskap driv med litt satsing på fornybar energi for å pynte på omdømmet sitt er selskapet framleis eit oljeselskap. Om eit oljedirektorat eller eit petroleumstilsyn også skal ha ansvar for mineralutvinning vil framleis hovudverksemda vere knytt til olje i lang tid framover. Då blir slike namneendringar toskeskap. Særleg kritikkverdig er toskeskapen når den kostar skattebetalarar og kundar store summar, slik som då NSB fann ut at dei skulle kaste eit godt namn med historisk forankring til fordel for eit nytt inkjeseiande namn som av tyskarar vil bli uttalt som Fy!
- 13 svar
-
- 2
-
-
Det finst ein del artiklar om det som på fint heiter selektiv mutisme: https://www.nrk.no/sorlandet/marte-klarte-ikke-a-snakke-med-andre-enn-familien-og-noen-fa-venner-1.16370598 https://www.nrk.no/tromsogfinnmark/matte-bli-voksen-for-hun-skjonte-hvorfor-hun-ble-stum-1.13320964 Kan det vere noko slikt som plagar deg?
- 8 svar
-
- 1
-
-
Dersom du har mogelegheit til det kan du jo prøve å ha høner sjølv. "Hver mann sin høne", som Sponheim sa då han var landbruksminister.
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Franske kampfly neste? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Nok ein gong klar melding frå Russland: Vi ynskjer ikkje nokon avtale som lar Ukraina få eksportere korn, og drit i kva Erdogan eller andre måtte meine. Skal tru kva Tyrkia/Erdogan tenkjer om dette? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Dette er eit interessant val. Kan bakgrunnen hans gje auka støtte frå Tyrkia og landa i sentral-Asia? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det fyrste som må til er iallefall ein fredsavtale av eitt eller anna slag. Sannsynlegvis inneber det at Russland må trekkje seg ut av alle okkuperte område inkludert Krim. Men dette vil ikkje vere nok, så lenge dei same folka styrer i Kreml og politikken er like aggressiv. Om det skulle bli regimeskifte kan sanksjonar bli heva og forholdet bli meir normalisert, men det vil uansett ta lang tid før Vesten vil kunne stole på Russland og få eit godt forhold til landet. Det har skjedd litt for mykje sidan 24/2 2022, og Russland har ført total krig mot den ukrainske befolkninga og har vist at dei har null respekt for menneskeliv og reglar i krig. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Eg tvilar på at han ikkje er oppteken av image/utsjånad. Den enkle grøne t-skjorta viser vel heller det motsette, nemleg at han har bygd opp eit image sidan starten av krigen. Dette er mannen som blei verande på posten sin i staden for å flykte. "I need weapons, not a ride". Redigert: Ser at @Jalla21allereie har sagt noko liknande. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Men områda er okkuperte av Russland, på same måten som Krim og deler av 4 ukrainske fylke. Det er såleis eit interessant spørsmål om Georgia og Moldova kan nytte høvet og jage Russland ut av desse områda medan russarane krigar i Ukraina. Krig på fleire frontar ville også kunne føre til at russarane måtte trekkje styrkar ut av Ukraina for å forsvare desse områda. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Kven kunne tenkjast å invadere Russland? Kina er tilhengar av ei regelbasert verdsordning der ein respekterer territoriell integritet, det er iallefall det dei har gitt inntrykk av i Ukraina-spørsmålet. Det same gjeld for Vesten. Ukraina ynskjer å ta tilbake sitt eige land, og har heller inga interesse av å invadere Russland, iallefall om ein ser vekk frå invasjon som eit middel for å få avslutta krigen. Er det andre som kunne tenkje seg å invadere sjølve Russland? Spørsmålet er vel heller om Russland kan miste Transnistria, Sør-Ossetia, Abkhazia, Tsjetsjenia, satelittstaten Kviterussland (Belarus) eller om sjølve Russland kan falle frå kvarandre og gå i oppløysing. I tillegg kan Azerbaijan ta over deler av Armenia og gjere seg skuldig i eit nytt folkemord der. Kor stor er sannsynlegheita for at noko av dette skjer? Kan Moldova eller Georgia smi medan jernet er varmt?