Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    9 238
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Eg meiner at eg las ein eller annan stad at berre halvparten av missila vart skotne ned natt til i går, men finn ikkje att kjelda. Russland sin terror viser at Ukraina må få meir luftvern, og slik kan ein kanskje beskytte både Odessa og skipstrafikk til/frå Ukraina mot Russland, slik at heile kornavtalen blir overflødig? https://www.nrk.no/nyheter/krigen-i-ukraina-1.11480927 Det er interessant at støtta til Ukraina forsvinn så snart den går ut over eiga lommebok. I staden for eit forbod mot korneksport via EU-land må det vere mogeleg å få på plass eit system der ein pålegg kontroll av eksporten ved inn- og utreise, slik at ein kan halde transportøren ansvarleg for at ikkje kornet skal hamne i EU. Kan dette vere så vanskeleg?
  2. Kan det vere mogeleg for Ukraina å ramme stadene Shaheed-dronene opererer frå, og på den måten gjere Odessa og andre byar i Ukraina tryggare?
  3. Dette kartet stemmer jo ikkje med verkelegheita, sidan både Norge, Danmark og det meste av Vest-Europa var okkupert av Tyskland.
  4. Han kan like godt prøve å forby atomvåpen, klasevåpen osv. Det ville i praksis seie at det er fritt fram for Russland og andre diktaturstatar som drit i reglar og avtalar, medan Ukraina og andre land som blir angripne ville måtte forsvare seg "med hendene på ryggen".
  5. Det er vel ikkje Russland som truar med krig, men Ramaphosa som seier at ein arrestasjon av Putin ville vere ei krigserklæring. Det er ein viss skilnad her. Artikkelen er bak betalingsmur, men Nrk melder følgjande:
  6. https://www.nrk.no/innlandet/far-etablere-tiktok-senter-i-innlandet-1.16485374 Kva får dette å seie for Nammo? Er det rikeleg med straum til begge?
  7. Det må vel vere snart eit halvt år sidan Storbritannia sa at dei ville starte trening av ukrainske F16-pilotar. Det er ufatteleg at ikkje dette har skjedd før no. Kva ventar ein på? At Ukraina skal tape krigen? Burde offensiven utsetjast til 2024?
  8. Dette blir litt OT, men den gamle Elektra-komfyren frå 1967 fungerte fram til skrusikringar vart bytte ut med jordfeilautomatar. Eg har inntrykk av at eldre komfyrar endar opp med jordfeil i platene.
  9. Det som iallefall er sikkert er at ting laga på 1960-talet hadde ein annan kvalitet enn det som blir laga i dag. Antagelegvis vart det eit problem at ting varte for lenge, og når "alle" hadde skaffa seg varmtvasstank, frysar eller vaskemaskin fekk ein ikkje selt fleire.
  10. Konklusjon: Då er det med andre ord ikkje behov for ny kurs ved byte av varmtvasstank, elektrikaren kan leggje (fast) leidning frå stikkontakten til den nye varmtvasstanken. (Men ein bør finne ein annan stikkontakt dersom ein skal bruke støvsugaren, evt. kan stikkontakten bytast ut med ein koplingsboks).
  11. NATO var vel aldri med på nokon Irak-krig. NATO var med i Afghanistan-krigen på grunn av at 11/9 utløyste artikkel 5. NATO blanda seg inn i borgarkrigen i Libya og styrta Ghadaffi etter vedtak i FN, og som vel Russland meinte vart utnytta i større grad enn det vedtaket la grunn for. Så var det borgarkrigen mellom serberar og Kosovo-albanarar. Der var det vel ikkje noko internasjonalt vedtak som låg til grunn, men Europa og USA reagerte til slutt etter å ha sett på blodbadet i Jugoslavia i 10 år, inkludert folkemordet i Srebrenica der FN-soldatane var heilt handlingslamma. Ut over dette har vel aldri NATO angripe nokon. At tidlegare eller noverande stormakter fryktar NATO kan godt hende. Om frykten er reell er ei anna sak. Men denne frykten, reell eller ikkje passar godt inn når ein skal lage propaganda for ein ulovleg krig.
  12. Med den logikken kunne vel USA gjere krav på både Cuba og mange andre land.
  13. Norge omfatta i si tid Orknøyane, Shetland, Færøyane, Island, Grønland, Hjämtland og Härjedalen samt store deler av den svenske vestkysten. På kort sikt er det sjølvsagt ille å miste landområde i ein krig. På litt lenger sikt trur eg NATO-medlemsskap og ein varig fred vil vere viktigare enn å ta tilbake dei okkuperte områda. (Men eg håpar uansett at resultatet blir begge deler).
  14. Eg bur i eit hus som var nytt i 1968. Varmtvasstanken er så vidt eg veit like gammal, og gjer det den skal gjere. Eg er også imponert over frysaren frå 1963 som framleis fungerer snart 60 år etter at den vart kjøpt. Fjøsen er frå 1993, og er utstyrt med varmtvasstank med støpsel. Den virkar framleis, og har aldri vore i ustand. Eg voks opp i eit hus frå 1966. Eg meiner at varmtvasstanken der vart skifta då eg var "liten", dvs. tidleg på 1980-talet. Ny tank fungerte til etter 2000 (mogeleg at den framleis fungerer), men termostaten måtte skiftast på slutten. På hytta frå slutten av 1970-talet var det også ein varmtvasstank, men den virka ikkje i så mange år.
  15. Ville det vere i strid med dagens krav å ha stikkontakt på same kurs som ein varmtvasstank?
  16. Det ville jo vere ironisk, sidan ei viktig årsak til at Ukraina slit er at Vesten har vore nølande og gitt altfor lite støtte, altfor seint. Kanskje burde heile offensiven ha vore utsett til neste år?
  17. Er det mogeleg å få stansa denne russiske motoffensiven i nordaust? Kvar vart det av desse russiske motstandsrørslene som kjempa inne i Belgorod forresten?
  18. Det er ikkje berre du som var naiv. Det er vanskeleg å seie kva som var situasjonen i 2014. Dei austlege delene av Ukraina var i utgangspunktet meir Russlandvennlege enn dei vestlege delene, og det var nok heilt sikkert ei viss misnøye med maktskiftet som følgde Maidan-revolusjonen. Det er vel like sikkert at Russland hadde ein finger (eller fleire) med i spelet i opprøret/krigen i Aust-Ukraina, og kanskje enno klarare at Russland stod bak kuppet og okkupasjonen av Krim. I dei såkalla folkerepublikkane var vel leiarane for opprøret i byrjinga lokale folk, men vart, slik eg forstår det sidan bytt ut med russarar.
  19. Ein må ikkje snu ryggen heilt til Kina. Det er viktig at Kina framleis må ha meir å tape enn å vinne ved å støtte Russland militært.
  20. https://no.m.wikipedia.org/wiki/Moskvaprosessene
  21. Eg har eit inntrykk av at Ukraina har ei høgt utdanna befolkning, ligg langt framme teknologisk, og dei har også hatt ein svært vellukka mediestrategi i forhold til krigen. Er det arven frå Sovjetunionen med tanke på korrupsjon som gjer at staten ikkje har oversikta den treng for å kalle inn vernepliktige? Eller har russiske missil- og droneangrep, evt. cyberangrep greidd å ramme infrastrukturen på ein slik måte at ein har mista oversikta?
  22. Det virkar uansett rart og svært tilfeldig når dei tvangsmobiliserer tilfeldige folk på gata. Om det derimot var snakk om frivillig mobilisering ville framgangsmåten ha hatt meir for seg. Kvifor kallar ein ikkje heller inn alle menn fødde i visse årskull til mobiliseringssenter? Dette ville ha vore meir rettferdig og litt mindre tilfeldig enn å kalle inn dei som er så uheldige å passere ein politimann på gata.
  23. Om ukrainarane har mangel på soldatar ser det mørkt ut. Det ser ut som at Ukraina treng framgang så det monnar snart, om ikkje fanatiske russarar med null respekt for menneskeliv skal vinne krigen mot ei utarma krigstrøytt ukrainsk befolkning.
  24. Var det ikkje Prighozin Biden uttalte seg om her?
×
×
  • Opprett ny...