Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    9 007
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Det er vel heller slik at ein i Europa er vant med å danne koalisjonar på tvers av partigrensene, og å drive konsensuspolitikk. Det pleier å vere brei semje om utanrikspolitikk. Motstykket ser ein i USA, der det er topartisystem og sterk splitting mellom liberale og ultrakonservative. Difor er eg bekymra for om ein kan stole på USA i framtida. I dag er NATO heilt avhengig av USA, og ingen veit kva for utanrikspolitikk USA vil føre om to år, eller kor tid demokratiet i USA kollapsar heilt. Men du har eit poeng i at forsvarspolitikken så langt ikkje har blitt nevneverdig påverka av ulike presidentar og regjeringar. Men vil dette vare?
  2. https://www.nrk.no/urix/russland-skal-ha-sprengt-viktig-demning-i-ukraina-1.16434903 Ukrainarane opna demningar og overfløymde område i starten av krigen for å hindre russarane i å nå Kiev. Men ei ukontrollert overfløyming frå Kakhovka-dammen vil vel ramme mange område som Ukraina kontrollerer, inkludert Kherson by? I tillegg står vel Zaporisja-kjernekraftverket i fare for å miste kjølinga? Eg greier ikkje heilt å sjå korleis Ukraina kan ha nokon fordel av dette. Russarane har derimot for vane å angripe sivil infrastruktur. Er dette kanskje for å hindre ukrainarane i å ta seg over Dnipro, eller rett og slett lage mest mogeleg kaos i det ukrainarane skal innleie våroffensiven?
  3. Folk i Kiev får altså nattesøvnen øydelagd nok ein gong.
  4. Ukraina kan jo også ha fått vestleg godkjenning til å la ein offensiv gå via Russland og inn bak frontlinja i Luhansk. Det var vel heller ikkje så mange som såg for seg at ukrainskstøtta russiske rebellar skulle krige i Belgorod under opptakten til den ukrainske våroffensiven. Dette blir uansett spennande å følgje med på i tida framover.
  5. Dei kan byrje med å stille krav til legitimasjon for å få gå i kyrkja. https://www.nrk.no/urix/usa_-barneskoler-forbyr-bibelen-1.16432298
  6. Diskusjonen om blodtåke, dødsstraff og rettsoppgjer er vel etter kvart OT, men eg tykkjer at dei som vil kan få lese denne artikkelen som Nrk la ut for kort tid sidan: https://www.nrk.no/vestland/xl/atte-medlemmer-av-rinnanbanden-blir-en-del-av-norges-siste-dodsdomte-etter-krigen_-pa-en-blodig-natt-1.16338980
  7. https://www.nrk.no/tromsogfinnmark/fersk-beredskapsrapport_-_-tiden-for-a-prioritere-sikkerhet-og-beredskap-er-na-1.16433693
  8. Trass i trenering av Sverige sin NATO-søknad er tyrkarane gode å ha. Tyrkiske soldatar i Kosovo skaper nok mindre splid enn f.eks. amerikanske soldatar i Kosovo.
  9. Dei gjer vel berre det dei allereie er vant til frå andre byar dei skulle "beskytte".
  10. Då er vi einige. Og sjølv om eg skreiv at han og andre krigsforbrytarar bør få ei rettsak kjem eg ikkje til å felle ei tåre om han ramlar ut av eit vindauge, blir brått sjuk eller sprengt i filler på gata for den del.
  11. Norge likviderte ikkje nokon etter krigen. Derimot innførte tyskarane dødsstraff, og nazistar vart dømt til døden etter krigen etter å ha fått ei rettsak. Ein kan seie mykje om rettsoppgjeret eller stemninga etter krigen, men det var likevel eit rettsoppgjer. Dødsstraff eller ikkje, vi er vel kanskje einige i at oppgjeret med russiske krigsforbrytarar etter krigen bør vere eit rettsleg oppgjer?
  12. Du har rett! I Norge hadde ein eit rettsoppgjer etter krigen. I Tyskland var det rettsoppgjer etter krigen. Israel har vel også rettsforfølgd nazistar seinare som var med på holocaust. Om det blir demokrati i Russland håpar eg at det same skjer der. Likvideringar har ingen plass i ein rettstat.
  13. Det stemmer. Etter det eg kan hugse sa ho at mannen var sakna, og at ingen kunne fortelje henne kvar han var. Påstanden i innlegget om at ho heller ville ha pengane enn mannen sin stemte ikkje med innhaldet i videoen.
  14. Å gå mot Moskva ville kunne tolkast som ein trussel mot Russland sin eksistens. Å midlertidig okkupere område som grensar til Ukraina for å komme rundt frontlinja vil derimot ikkje vere ein trussel mot Russland sin eksistens. Dessutan har Russland trua så mykje med atomkrig at ingen lenger tek dei seriøst.
  15. Det er jo allereie russiske rebellar der, og dei er vel også utstyrte med amerikansk utstyr. På spørsmål om angrep inne i Russland har vel Stoltenberg svart at det er Russland som er angriparen, og at Ukraina har rett til å forsvare seg. Dermed skulle det vel ikkje vere heilt utenkjeleg at dette er starten på at ein går inn i Belgorod og Russland med full tyngde for å komme rundt frontlinja og sørover mot Luhansk.
  16. https://www.nrk.no/nyheter/russiske-raketter-rammet-ukrainsk-flyplass-1.16432933 Skal tru kva som kom ut av dette? Det er andre gong ein høyrer at russarane har ramma ein ukrainsk flyplass. Eg håpar at dette ikkje blir ein trend. Ukraina må få tilstrekkeleg med luftvern til at dei kan dekke både frontlinja og militære og sivile mål i resten av landet.
  17. Kan det vere enklare å ta Luhansk ved å gå via Belgorod og Russland, for på den måten komme rundt frontlinja? Eller kan ein i det minste ramme forsyningslinjene til Luhansk ved å gå inn i Russland?
  18. Raudt er vel mest opptekne med å gå imot vindmøller og kraftkablar til utlandet. Samt å få flest mogeleg investorar og bedriftseigarar til å flytte til Sveits. Krigen mot Ukraina er nok ei bisak som dei helst ikkje vil meine så mykje om.
  19. Her er ei litt morosam sak som kan vere ein slags epilog til denne månadgamle debatten. Avisa Klassekampen intervjua nokre eldre kulturfolk om deira forhold til online.no og det at Telenor no skal ta betalt for tenesta: http://web.archive.org/web/20230603130347/https://klassekampen.no/artikkel/2023-06-03/online-i-urtida I denne samanhengen klarte avisa å ringe "feil" Anne Holt. Den "rette" Anne Holt vart fly forbanna. Og den Anne Holt som vart intervjua oppfatta heller aldri at det var snakk om eit intervju, men trudde at det var snakk om ei spørjeundersøking. https://www.vg.no/nyheter/innenriks/i/EQEoKj/klassekampen-intervjuet-feil-anne-holt-dritflaut https://www.dagbladet.no/nyheter/den-andre-anne-holt-ingen-som-spurte/79439615
  20. ... og Gmail og Hotmail er det altså ingen som "overvakar"?
  21. Ein ting som er litt paradoksalt er at ein før jul diskuterte om Russland kunne komme til å starte ein ny offensiv frå nord. No er det i staden ukrainskstøtta russiske rebellar som rykkjer fram i Belgorod medan Russland slit med å forsvare sine eigne grenser. Og snart er det som ein tidlegare trudde var den nest sterkaste hæren i verda redusert til å vere den nest sterkaste i Ukraina. Måtte denne utviklinga berre halde fram! Slava Ukraini!
  22. No virkar det jo som at Ukraina har konstant mangel på våpen og ammunisjon, og at Vesten sender alt for lite, alt for seint. Difor skadar det neppe om ukrainarane kan få litt ekstra "våpenhjelp" frå Russland. Då ukrainarane rykte fram i Kharkhiv-området var det vel ein vits som gjekk ut på at den største våpenleverandøren ikkje var Vesten, men Russland.
  23. Les: Indonesia foreslår å la Russland vinne krigen. Ei demilitarisert sone må sjølvsagt opprettast inne på angriparen Russland sitt territorie. Og så må det haldast folkeavstemming i Belgorod.
×
×
  • Opprett ny...