-
Innlegg
9 450 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av torbjornen
-
Hamas har erklært krig mot Israel
torbjornen svarte på Brother Ursus sitt emne i Politikk og samfunn
Dette! -
Hamas har erklært krig mot Israel
torbjornen svarte på Brother Ursus sitt emne i Politikk og samfunn
Det stemmer. Og den gongen var det forresten jødar som var terroristar. Ein svensk fredsmeklar vart drepen. Men å diskutere historie hjelper ikkje palestinarar og israelarar. Skal det bli fred må begge partar leggje historia bak seg og sjå framover, slik dei prøvde på i 1993. -
Hamas har erklært krig mot Israel
torbjornen svarte på Brother Ursus sitt emne i Politikk og samfunn
Altså: Det er vel få som har sympati med Hamas. Men det er også ein grunn til at palestinarane sluttar opp om slike organisasjonar. -
Hamas har erklært krig mot Israel
torbjornen svarte på Brother Ursus sitt emne i Politikk og samfunn
Dei fleste palestinarane ynskjer nok også å leve i fred, men det er også mykje hat begge vegar etter over 75 år med konflikt. Eg er elles einig i det meste som du skriv her. Dette er etter mi meining ein konflikt der det er vanskeleg å velje side. -
Hamas har erklært krig mot Israel
torbjornen svarte på Brother Ursus sitt emne i Politikk og samfunn
Konfliktane er ikkje samanliknbare, men palestinarane opplever mykje som er urettferdig. Israelske busetjarar tek seg til rette, terroriserer og jagar palestinarane frå gard og grunn. Gaza er utsett for blokkade, og det har vel vore vanskeleg å få inn bygningsmaterialar og andre nødvendige varer. Fiskarane kan ikkje reise ut på Middelhavet for å fiske på grunn av den same blokkaden. Om ein palestinar blir teken for å drive terror mot Israel mistar familien huset. Sjølv om det kjem ein advarsel slik at ein rekk å evakuere må dette reknast som angrep på sivile. Konflikten må løysast ved forhandlingsbordet. Israel var aldri interesserte i ei tostatsløysing, og trenerte fredsforhandlingane fram til Al-Aqsa-intifadaen. Arafat følte at palestinarane ikkje kunne gje meir, men hadde han gått med på ein avtale før forhandlingane braut saman hadde det kanskje blitt fred. Etter det har ein kasta vekk 25 år, og Israel er blitt meir og meir høgrevridde og ei tostatsløysing har blitt vanskelegare å oppnå på grunn av alle busetjingane og at Israel har teke seg til rette. Hamas sin framgang er ein konsekvens av at Fatah ikkje har oppnådd nokon ting. No er alt håp om ei løysing på denne konflikten ute for lang tid framover. -
Hamas har erklært krig mot Israel
torbjornen svarte på Brother Ursus sitt emne i Politikk og samfunn
Det ville vel bli like mykje fred som om Ukraina la ned våpena og ga frå seg dei okkuperte områda til Russland. Israelske busetjarar har terrorisert palestinarane og teke seg til rette i alle år, med godkjenning frå Israel. Etnisk rensing ville dette ha blitt kalla andre stader. Palestinarane er den svake parten, Israel har eit sterkt forsvar, og har støtte frå både USA og store deler av verda inkludert deler av Midtausten. Samstundes har Israel den historia dei har, der dei har vore i krig med arabarlanda frå staten vart oppretta og i fleire tiår etter det. Og du har i det minste rett i at palestinarane ikkje er skuldfrie dei heller. Terror mot sivile er aldri noko som vekkjer sympati. Med tanke på verdssituasjonen: Kan Russland ha ein finger med i spelet her? -
Hamas har erklært krig mot Israel
torbjornen svarte på Brother Ursus sitt emne i Politikk og samfunn
Situasjonen for palestinarane kan virke håplaus, men dette er galskap! Den israelske hevnen kjem til å bli grusom, og palestinarane kjem til å miste det dei har av støtte internasjonalt. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Interessant oversikt. Norden, Baltikum og ein del austeuropeiske land ligg i toppen i forhold til bnp. Tyskland, som har si spesielle historie (både 1940-1945 og 1945-1990) og som ofte blir kritisert for å nøle ligg langt føre USA. Nøytrale Sveits har gitt nesten like mykje som USA, og ligg langt føre EU-land som Spania, Italia og Frankrike. NATO-landet Tyrkia ligg nest sist, med berre India bak seg. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Her var det klipp-og-lim. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Tja... https://www.nrk.no/vestland/sa-naer-var-dei-den-heilt-store-krisa-1.12783566 -
Hvorfor er du kunde hos Norges verst omtalte bank? (DNB)
torbjornen svarte på PosteMonopolet sitt emne i Privatøkonomi
Kvar gong Norges Bank (i motsetnad til DnB) har komme med sine spådommar har dei bomma, og renta har blitt lågare og lågare. Like til pandemi og krig endra føresetnadane. Etter det har dei bomma den andre vegen. -
Hvorfor er du kunde hos Norges verst omtalte bank? (DNB)
torbjornen svarte på PosteMonopolet sitt emne i Privatøkonomi
Det er vel også slik at trenden med stadig lågare renter har blitt forklart med demografiske forhold o.l. Det er difor eg trur at du fort hadde bomma med den tankegangen der om det ikkje hadde vore for at føresetnadane endra seg fullstendig. Men samstundes kunne jo heller ikkje trenden med stadig fallande- og til og med negative renter halde fram i det uendelege. Så å binde renta på eit lågt nivå var nok fornuftig. Men det var pandemi og krig som gjorde at du trefte så godt som du gjorde. -
SAS-aksjen blir nulla ut - Kvifor er den framleis i handel?
torbjornen svarte på torbjornen sitt emne i Økonomi
Men i dette tilfellet er det jo sagt eksplisitt at aksjen blir verdilaus. Er det då slik at dei som kjøper aksjar til eit par øre stykket trur at det vil skje eit mirakel? Den einaste logiske forklaringa eg ser for meg er at det kan bli delt ut teikningsrettar til aksjeeigarane som eit plaster på såret, og at det er spekulasjon rundt dette som gjer at aksjen framleis er i omløp. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
I det vi er inne i oktober kan vi vel slå fast at det ikkje er eit tretal vi ser nederst til høgre. Det er i skrivande stund ganske uklart kva årstal vi ser nederst. Kan 2024 bli det året Ukraina får F16 og der alt raknar for Russland? -
https://www.nrk.no/norge/sas-kollapsar-pa-borsen-1.16581690 I følgje artikkelen vil noverande eigarar miste alt. Kan nokon forklare kvifor aksjen då framleis er i omløp på børsen til ein verdi > 0?
- 15 svar
-
- 1
-
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Dette er eg heilt einig i. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Dette blir off topic, men då eg var student budde eg vegg i vegg med ein finsk student som høyrde til minoriteten som har finlandssvensk som morsmål. Han hevda å ha erfart at når studentar reiste til skistadene for å feste gjekk nordmenn og finnar godt ihop, medan det ikkje var det same forholdet mellom nordmenn og svenskar. Så finnane er, trass i språkskilnaden kanskje nærmare oss kulturelt enn nokon andre. Eg vil vel seie at Norden er dei som står oss nærmast. Deretter Europa. Også USA og Canada står oss nærme, både på grunn av sikkerheitspolitikk, kultur og at det er fleire amerikanarar med norsk blod i årane enn det er nordmenn i Norge. Konflikten mellom Israel og palestinarane engasjerer også, medan Afrika og langtvekkistan står oss fjernt. Deira konfliktar er ikkje våre konfliktar på same måten som krigen i Ukraina. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/sport/nordiske-fotballtoppar-far-krass-russar-kritikk_-_-gatt-over-ei-grense-1.16580687 -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
I tillegg ulmar det rundt Nord-Korea. https://www.vg.no/nyheter/utenriks/i/KnmJ3y/kraftig-atomvaapen-advarsel-til-nord-korea-vil-bety-slutten-for-regimet Og i USA greier ein ikkje ein gong å finne ein leiar som kan styre representanthuset. Ein kan jo lure på kva alt dette endar med. Denne kommentaren er nokre dagar gammal: https://www.vg.no/nyheter/meninger/i/y6jdkr/kan-usa-svikte-ukraina -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Etter alt regnet i sommar og i haust kan ein slå fast at det neppe blir "tyske" straumprisar i vinter. Og skulle det likevel skje er det også mindre sannsynleg at europeiske straumprisar blir like høge som i fjor. Når magasina renn over kjem dei omdiskuterte kraftkablane endeleg til sin rett. Måtte fornuften vinne. https://www.nrk.no/rogaland/sjekk-forskjellen_-no-ma-dei-tappe-vatn-ut-av-magasina-1.16573182 -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det vil vel alltid vere spekulasjon rundt valuta, og då blir ein kurs på 100 fort ei psykologisk grense. Sentralbanken har bidrege til dette ved å prøve å hindre kursen i å passere denne grensa, og dersom/når folk ser at den ikkje greier å halde denne grensa lenger vil fallet kunne tilta. Det har tidlegare vore devaluering/spekulasjon mot krona og mange andre valutaer, så kvifor skal ikkje dette også kunne ramme rubelen? Det som i tilfelle talar i mot er at sanksjonar eller russiske tiltak evt. gjer at det ikkje er fri handel av rubelen. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Dersom ikkje sentralbanken lenger greier å halde kursen under 100 kan det vel gå fort nedover. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Kva vil skje med barnehagen i representanthuset no? Vil det bli valt ein speaker som kan samarbeide meir med demokratane og køyre politisk slalåm for å få gjennom sakene? Kan støtta til Ukraina bli vedteken likevel? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Ja, her var det litt uklart kva du meiner. Tyskarane og russarane var på same side frå utbrotet av 2. verdskrigen fram til åtaket på Russland i 1941.