Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    10 286
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. ... om dei i det heile har nokon att.
  2. Kvar fann du dette? Eg er ikkje i stand til å finne dette i DnB sin nettbank i det heile. Eg meiner at dette også var vanskeleg i Sbanken.
  3. Slik eg har forstått det har Sbanken-konsept-kundar alt tilgjengeleg via DnB sin nettbank. Ein har heller ingen fordeler med å vere i Sbank-konseptet. Er det då nokon vits i dette konseptet, når alle er DnB-kundar uansett?
  4. Moderatorane på diskusjon.no ville heilt sikkert kunne gjere ein god jobb også på kvinneguiden. Eg meiner uansett at om ei samanslåing skulle bli ein realitet ein gong i framtida bør ein ta vare på namnet- og merkevara diskusjon.no. Det er eit mykje betre namn enn f.eks. forum online.
  5. Dette spørsmålet var vanskeleg å svare på. Dei fleste eksempel på boikott har vore politisk styrte og retta mot autoritære statar, eller mot demokratiske land som talar autoritære statar midt imot. Det nærmaste ein kjem folkelege boikottaksjonar har vel vore med tanke på dyrevern eller naturvern. Om det går på bedrifter kan det fungere, men det skal mykje til for at det skal fungere mot statar. Det var vel ei stund ein del fokus på norsk sel- eller kvalfangst, men fekk det Norge til å endre politikk på nokon måte? Det er heilt sikkert også mange som ikkje kjøper israelske produkt i butikkane, men om dette skulle bli eit tema vil det berre forsterke israelske førestillingar om "antisemittisme" og at "heile verda er imot oss". Kjem du på nokon konkrete eksempel på grasrotaksjonar retta mot statar, og som har fungert? Når det gjeld amerikanarane må ein også stille spørsmålet om ein boikott vil bli forstått av folk flest. USA har trass alt gitt viktige bidrag til Ukraina. Vil amerikanarane oppleve ein slik boikott som rettferdig?
  6. Eg heldt jammen på å gå på denne... før eg kom på at det er fyrste dagen i april. Det som "avslørte" spøken var det tilsynelatande hastverket med "samanslåinga" og den lange nedetida. Hadde det vore alvor ville noko slikt ha blitt annonsert i god tid. Her i Sunnfjord skin sola, og ein går ein fin vårdag i møte. Eg ynskjer alle som les dette ein fin vår og ein god sommar.
  7. Eit land er ikkje ei bedrift. Hadde Russland vore ein butikk hadde dei heller ikkje starta ein meiningslaus krig i Ukraina. Boikott av bedrifter som støttar Russland har eg sansen for. Boikott av land vil derimot ofte gje motsett resultat av det ein ynskjer å oppnå.
  8. Kanskje kan det bli ein ny vår i Tyrkia?
  9. Ein har ofte sett at autoritære regime som blir utsette for boikott har alt å tene på dette. Folk sluttar då i større grad opp om regimet, og ein kan leggje skulda for alt som er gale på alle andre enn regimet sjølv. Det er vel berre ein krig som kan virke meir samlande for ein nasjon. Det er ingen grunn til å tru at ikkje det same gjeld om det er snakk om boikott av eit demokratisk land. Boikott ville såleis vere ein gåvepakke til Trump, MAGA-folket og isolasjonistane i USA. Skulle ein tenkje med hjartet er det ikkje vanskeleg å vere einig med @bojangles. Men skal ein tenkje med hjernen må ein halde fram med å behandle USA med respekt og krysse fingrane for at ein i allefall kan oppnå noko i motsetning til å i praksis støtte krefter som jobbar for å isolere USA og svekke Ukraina og Europa.
  10. Men dette problemet løyser vel Russland ved å annektere dei okkuperte områda.
  11. Det er litt artig at den ein gong så populære Sbanken er rangert som nr. 117 av 118 daglegbankar hos bytt.no https://www.bytt.no/erfaringer/bank/skandiabanken Og gjett kva for ein bank som er nr. 118.
  12. https://www.nrk.no/norge/rykter-om-prinsesse-kate-knyttet-til-russisk-desinformasjon-1.16824762 Russiske desinformasjonskampanjar kan gje merkelege utslag.
  13. Ikkje direkte relatert til Ukraina, men ein viss relevans til NATO:
  14. Eg høyrde i dag at samstundes som Biden vil ha våpenkvile er neste våpenleveranse frå USA til Israel rett rundt hjørnet. Eg blir berre oppgitt. Der kan amerikanarane sende våpen, men ikkje til Ukraina som står i fare for å tape krigen og retten til å vere eit fritt land.
  15. Ein må vel også ta med Tsjekkia. Presidenten der gjorde ein bra innsats med å organisere kjøp av artillerigranatar til Ukraina. Elles har også Storbritannia etter mi meining gitt viktige bidrag.
  16. Det eg prøvde å påpeike er at uttrykket "kald fisk" ikkje er det rette ordvalet her.
  17. Eg er einig i at dette kan vere eit sjeldan eksempel på at det kan svare seg å betale ei rekning med kredittkort, men gevinsten blir ikkje stor. Om ein brukar kredittkortet til fleire ting er det heller ikkje gitt at ekstra betaling til kredittkortet dekkar kontantuttak før anna uteståande gjeld, så om ein skal vere sikker på å unngå meir renter enn nødvendig må ein betale inn heile gjelda ved fyrste høve. Dersom eg hadde nokre kroner til overs ville eg ha brukt desse til å betale inn restskatten innan 31/5, og så heller brukt kredittkortet så mykje som mogeleg til varekjøp. Og så brukt feriepengane til å betale kredittkortrekninga. Då ville ein sleppe renter fullt ut.
  18. I verste fall ville ein då måtte betale 103,50 i restskatt, så dette er vel ikkje akkurat noko som går ut over nattesøvnen for å seie det slik. Retting: Som det går fram ovanfor er det 3,51% per år, så då vil det kanskje bli rundt 104 kr.
  19. For min del har eg brukt Samsung i alle år sidan etter at SE Walkman vart avleggs, heilt uavhengig av kva USA har stått for og ikkje. Eg er elles heilt einig i at USA burde ha gjort mykje meir for å redde Ukraina og verdsfreden. USA har vist at dei ikkje er til å stole på, og konklusjonen er at vi må bli meir uavhengige av USA. Europeiske politikarar må vakne, Europa må utvide produksjonen av utstyr og ammunisjon slik at ein blir meir sjølvstendige, og våpen bør kjøpast frå andre land enn USA. Boikott av coca cola eller iphone har eg like lita tru på som boikott av Jaffa-appelsiner frå Israel.
  20. Skal ein boikotte alle som ikkje har gjort nok blir det få land att å handle frå. Også Norge burde ha bidrege meir.
  21. I 1940 var USA isolasjonistar. Skal tru kva som ville ha blitt utfallet av 2. verdskrigen dersom ikkje japanarane hadde angripe USA? Det USA eigentleg treng er eit spark bak, eit slags nytt 11. september med Russland som avsendar. Men så dumme er ikkje russarane.
×
×
  • Opprett ny...