-
Innlegg
9 238 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av torbjornen
-
Dei som framleis sit med ein telefon som er nokre år gammal vil iallefall merke det. Eg skriv dette på ein Samsung Galaxy S4 (oppgradert med LineageOS) som har BankID app og Vipps, men som aldri vil kunne ringe via 4G. Eg har betre ting å bruke pengane på enn bruk-og-kast, men vil setje pris på å få ei åtvaring frå Chilimobil slik at eg rekk å kjøpe ny mobil før Telia si 2G blir borte og eg plutseleg sit med eit reint nettbrett. Det vil sikkert også finnast ein del eldre folk som ikkje følgjer like godt med, og som kan risikere å ikkje få ringt etter hjelp den dagen dei ramlar overende på badet eller andre stader. Eg lurer forresten på kva teknologi tryggheitsalarmane brukar i dag, vil desse fungere den dagen 4G og 5G blir einerådande?
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Ein fekk i det minste fram ein reaksjon frå Moskva som burde kunne vise dei som framleis måtte tru på fredsforhandlingar med Russland at Russland ikkje er interesserte i fred, og at den einaste løysinga er at ein støttar Ukraina nok til at dei kan vinne krigen og ta tilbake landområda sine. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Ein historisk paralell: Russland prøvde å ta Finland. Finland måtte avstå landområde til Russland. Finland er i dag NATO-medlem. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Eg trur nokon bør roe seg ned litt og lese artikkelen ein gong til. Han strekar for det fyrste under at dette er opp til Ukraina å bestemme. Han seier også at forslaget til løysing kjem frå "andre". Sjølv om eg håpar at krigen ikkje får dette utfallet er det ei mogeleg løysing, særleg dersom Vesten skulle bli lei av krigen og støtta frå nølande politikarar blir svakare enn den allereie er. Men då har også Putin fått ein delvis siger. Stoltenberg sin stabssjef bør uansett vere forsiktig med for mykje høgttenking om krigen, fordi dette sender feil signal og folk byrjar å lure på om det er dette vestlege politikarar og/eller leiinga i NATO meiner. -
Oppkjøpet av NetCom skjedde vel sikkert etter at forhandlingane om å slå saman Telia og Tenenor, populært kalla Telianor stranda? Det eg hugsar best frå dette er den svenske ministeren som kalla Norge for "den siste sovjetstaten". Noko han på mange måtar hadde rett i.
- 27 svar
-
- 1
-
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det er vel slik at mange med høgare utdanning har forlatt Russland fordi dei ikkje ser noko framtid der. Dette gjer det vanskelegare å rekruttere dyktige folk til å drive teknologiutvikling og produksjon av våpen. Dette vil vere ein fordel for Ukraina. Samstundes kan det også gøyme seg spionar eller smuglarar blant desse, noko som vil vere til fordel for Russland. Om turistar får reise utanfor Russland vil dei få sjå at den russiske propagandaen er nettopp det, og at det russiske verdsbiletet ikkje stemmer. Det må gjere inntrykk å få høyre om kva som går føre seg i Ukraina og å oppleve den sterke støtta Ukraina har i Europa. Samstundes kan ein lure på om den vanlege russaren bryr seg. Det som er sikkert er at dersom ein stenger grensene vil russarane leggje skulda på Vesten fordi dei meiner at dei sjølv blir straffa for ting Putin og regimet har ansvaret for. Det er såleis mykje som talar for å ha opne grenser. Det som talar imot er at det ville gjere det enkelt for Russland å infiltrere og drive spionasje. Det er lite hjelp i å utvise russiske "diplomatar" dersom russarane kan drive verksemda si fritt som "turistar". Og dette bør etter mi meining vere utslagsgjevande i denne saka. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det er vel ikkje heilt sant. Ein har sett mange tilfelle med "uforsiktig røyking", droner osv. Det er vel ikkje Ukraina som står bak alt dette? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
I følgje reporteren i Dagsrevyen var det vrakrestar, i så fall kan målet iallefall i teorien ha vore eit anna. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Men her må vel også vestlege media ta sin del av skulda for at koplinga mellom koranbrenningar og NATO-medlemsskap vart ei sak. Og di meir merksemd koranbrennarane får, di fleire koranbrenningar blir det. Elles er det typisk russisk taktikk å prøve å fyre opp under konfliktar i- og rundt andre land for å prøve å destabilisere landa. -
Internett for midlertidig bopel?
torbjornen svarte på Pizza3333 sitt emne i Bredbånd og andre internett-tilkoblinger
Har du 10 Gbit/s har du ei alvorleg rask tilkopling. -
Internett for midlertidig bopel?
torbjornen svarte på Pizza3333 sitt emne i Bredbånd og andre internett-tilkoblinger
Og ikkje minst slepp ein tull dersom nokon skulle ringe medan ein brukar internett. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/urix/her-kjemper-kvinnene-for-at-bortforte-ektemenn-og-sonner-skal-slippe-ut-av-russiske-fengsler-1.16498144 -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Russland har vel til no hatt ei viss støtte i Afrika. Vil evt. ein krig om Niger med afrikanske land på den eine sida og Russland og russiskvennlege land på den andre sida kunne endre på dette? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Sidan NATO ikkje er i krig med Russland kan vel ikkje Stoltenberg bestemme kva slags hjelp enkeltland skal sende-/ ikkje sende til Ukraina? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Er det den russiske apatien/likegyldigheita som kjem til syne? Eller er det ukrainske patriotar som står bak? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Ei sone der russiske soldatar blir drepne av ukrainsk artilleri? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Kan desse gjere nytte i Ukraina? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Eg tykkjer dessverre at det ser meir ut som strategi. Ein angrip straumforsyning, kornlager og no kafear og hotell der journalistar oppheld seg. Eg tvilar også på at det er tilfeldig at ein angrip internasjonale organisasjonar som FN eller Røde Kors. Ein ser også målretta angrep på hjelpearbeidararar, både i Kherson under flaumen og ved slike doble rakettangrep som dette og det for tre dagar sidan. Både dette og alt det andre ein har sett seier svært mykje om både Russland og den totale krigen deira mot Ukraina. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Hadde alt vore så enkelt som du vil ha det til hadde vel det mest fornuftige vore at Russland og Ukraina hadde inngått ein avtale før krigen starta om kor stor del av Ukraina som måtte avståast for at ikkje Russland skulle gå til krig. Du ser vel kanskje sjølv at noko slikt ikkje ville vere akseptabelt? Kor store tap og øydeleggjingar Ukraina kan tole før dei går med på forhandlingar kan berre Ukraina svare på. Det same gjeld forsåvidt også Russland. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det er klart at det ville ha vore interessant å få vite, men akkurat det blir vel fort sensitiv informasjon. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Kritikken gjev meining på den måten at den rammar nølinga og beslutningsvegringa ein har sett frå vestlege politikarar når det gjeld å gje nok hjelp til at Ukraina skal vinne krigen og ta tilbake dei okkuperte områda. For å spare ukrainske liv må ukrainarane få den våpenhjelpa dei er blitt lova, og hjelpa må trappast opp fram til Russland blir knust eller tvinga til å trekkje seg ut. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det er vel ingen som viser alle korta sine før forhandlingane startar. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Dersom nokon gjekk til ein omsynslaus angrepskrig mot Norge ville lovverket garantert bli endra i tråd med situasjonen.