Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    9 250
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Og her er det i tillegg snakk om eit namn/ord som ikkje finst i noko ordbok. Då er plutseleg ikkje kunstig intelligens så intelligent lenger.
  2. Dersom russarane kastar inn alt dei har i kampane ved Verbove, kan det då opne seg mogelegheiter andre stader? Vil Ukraina i så fall ha kapasitet til å kunne utnytte dette?
  3. Eit år etter Nordstream-eksplosjonane er det framleis uklart kven som stod bak: https://www.nrk.no/urix/for-ett-ar-siden_-hvem-sprengte-nord-stream-gassrorledningene_-1.16571077
  4. Sidan det blir litt mykje støy og vas i ein elles interessant tråd melder følgjande spørsmål seg: Korleis går ein fram dersom ein vil ignorere ein brukar? Redigert: Eg fann ut av det.
  5. Og her er ein lengre artikkel om same sak: https://www.nrk.no/urix/naermere-50.000-har-flyktet-fra-nagorno-karabakh-til-armenia-etter-aserbajdsjansk-erobring-1.16572703
  6. Sterke menn som ikkje kan tape ansikt? Slikt har ein sett før.
  7. Det vil truleg vere betre å investere ein del av sparepengane i banken, og på den måten få del i avkastninga gjennom utbytte.
  8. I det siste har det vore ein pandemi og ein krig som har snudd opp ned på økonomien. Slike ting er ikkje så enkelt å spå, men her har du vore heldig og treft blink.
  9. Det finst også mange andre som "burde" ha fått halde folkeavstemming. Eksempel er kurdarane i Tyrkia og katalanarar og baskerar i Spania. Det er ikkje tilfeldig at land som f.eks. Spania nøler med å anerkjenne Kosovo. Ein har allereie erfaring med separatisme på heimebane. Det beste ville sjølvsagt ha vore om alle desse områda kunne halde folkeavstemmingar om si eiga framtid. Men dette er det dei landa dei tilhøyrer som må bestemme, og andre land kan ikkje blande seg inn i dette. I den verdssituasjonen vi har no er det avgjerande å halde på prinsippa om territoriell integritet og internasjonal lov. Elles blir det kaos og den sterkaste sin rett som gjeld. Ein slik verdsorden ville gå hardt ut over små land som Norge.
  10. Nettopp! Og det er jo akkurat slik Putin har argumentert: Krim har "alltid" vore russisk, fram til Krutsjov gjorde ein stor feil og ga det til Ukraina. Det er heilt sikkert også deler av Aust-Ukraina (okkupert sidan 2015) der eit fleirtal ynskjer å tilhøyre Russland. Er dette då eit gyldig argument for å halde folkeavstemming om dei skal bli ein del av Russland?
  11. Men dette var vel slik over heile Aust-Europa, og ikkje noko spesielt for Russland?
  12. Nytt nattleg angrep på ukrainske byar: https://direkte.vg.no/nyhetsdognet/news/flyalarmen-gaar-flere-steder-i-ukraina.6gbq66do8
  13. https://direkte.vg.no/nyhetsdognet/news/polens-president-lover-aa-hjelpe-ukraina-med-korneksport-tross-polsk-salgsforbud.Xk5Ik4-tj
  14. Mogeleg hestehandel i Midt-Austen, målsetjing er m.a. å dra Saudi-Arabia vekk frå Russland: https://www.nrk.no/ytring/usas-gigantavtale-i-midtosten-har-fatt-vind-i-seilene-1.16563343
  15. Skulle armenarane i Nagorno Karabach ha rett til å opprette sin eigen stat må ein gje den same retten til Krim, Donetsk, Luhansk, Abkhasia, Sør-Ossetia og Transnistria. Difor må ein godta at området er aserbajdsjansk, trass i at det er svært gode grunnar til at området burde vere sjølvstendig eller høyre til Armenia. Uansett vil Aserbajdsjan vere forplikta til å ta godt vare på armenarane og til å la dei ta vare på sitt eige språk og sin eigen kultur. Her må ein berre håpe at aserbajdsjanarane vil behandle desse folka betre enn f. eks. behandlinga Tyrkia utset kurdarane for.
  16. Aserbajdsjan har vel sagt at dei vil reintegrere armenarane. Om aserbajdsjanarane lovar å behandle armenarane bra og armenarane likevel vel å forlate området er det ikkje etnisk rensing.
  17. Så er det også eit spørsmål kor mange som tek sjansen på å svare det dei eigentleg meiner.
  18. Desse vakre jentene er studentar ved den internasjonale skulen (UWC) i Flekke i Sunnfjord, og fekk i går storfint besøk av dronning Sonja. Frå venstre: Hong Kong, Norge, Haiti, Estland og Ukraina. https://www.firda.no/pusta-letta-ut-da-besoket-hadde-takka-for-seg/f/5-15-1628304 https://www.firda.no/dronninga-besoker-flekke/g/5-15-1628478 Seansen var også nemnd i Vestlandsrevyen i går.
  19. Ein får håpe at ein ikkje sit her om eit år og les at Biden lovar Ukraina at NO skal dei få ATACMS. Dette burde ha vore gitt for lenge sidan.
  20. Industrien der ein kunne kjøpe ringetonar var absurd, men forsvann vel etter kvart som ein fekk mobiltelefonar som kunne spele av .mp3-filer. Eg hugsar at ein kunne kjøpe "andungen kvakk-kvakk" som ringetone. Då brukte eg heller Google og lasta den ned heilt gratis og installerte som ringetone.
  21. Om ein vel å kalle det oligarki eller ikkje, så har han vel litt rett akkurat i dette. Du kan ikkje drive valkamp i USA utan å ha mykje pengar og støtte frå mektige interesseorganisasjonar.
  22. Ein har aldri nokon garanti for at det ikkje kan skje feil, årsaker kan vere alt frå jamming til teknisk svikt. Det var jo nyleg ein episode der ein rakett trefte midt i ein ukrainsk by. Ukraina la skulda på Russland, men det kom etter kvart fram at raketten var ukrainsk.
  23. No kom eg til å tenkje på Øystein Sunde og visa om alt som var så kjekt å ha: https://www.google.com/search?q=sangtekst+for+øystein+sunde+kjekt+å+ha
  24. Kvifor fell dette deg så tungt for brystet? Kven sin feil meiner du det er at Russland invaderer Ukraina?
  25. Kva gjekk det trikset ut på? Vidarekopling av eitt av nummera til ein vilkårleg fasttelefon eller NetCom-telefon?
×
×
  • Opprett ny...