Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    9 239
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Jeg har lest avsnitt 3.7.1 og litt til. den biten jeg har sitert er det som så verst ut, men det er masse tall/tekst som får meg til å tenke at den som har skrevet dette har dårlig matematisk forståelse. Det kan vel også vere ein trykkleif (ein 0 som manglar). (Eg har ikkje lese rapporten).
  2. Eg la merke til at Dagbladet også inneheldt ein artikkel om viseforsvarsminister Hanna Mailar, som måtte gå. Det blir spekulert i om årsaka var at ho annonserte ein landsby ved Bakhmut som gjenvunne for tidleg, og at soldatane som var i området meinte at det sette liva deira i fare. Kan det vere ho som stod for dei daglege oppdateringane av russiske tap. Eg legg også merke til at oppdateringane på dei ukrainskspråklege sidene har ein annan grafikk enn dei tidlegare hadde på dei engelskspråklege sidene.
  3. Retting: ... og en venstreside som anklager høyresiden for å være brunskjorter mens de selv blir anklaget for å omfavne islam som en del av LGBTQI+++, populært kalt mangfold.
  4. Om det var tilsikta eller ikkje, så har iallefall @Mannen med ljåen gitt oss eit godt eksempel på korleis påvirkningsoperasjonar kan drivast i vestlege land for å drive splitt-og-hersk.
  5. Det er ofte slik at eg når ein kommenterer etter kvart som ein les tråden risikerer ein å nemne ting som allereie er nemnt i seinare innlegg. Og slik vart det her. Beklagar unødvendig innlegg.
  6. Det ser ut til at desse oversiktene pleier å vere lagt ut som fyrste artikkel om morgonen kvar dag. Og mellom dei kyrilliske bokstavane i lenketeksten kjenner ein att tala som viser antal tapte russiske soldatar. Klikkar ein på lenka får ein opp oversikta. Men det er merkeleg at ikkje desse oversiktene blir lagt ut også på den engelske versjonen av nettsida.
  7. https://www.nrk.no/urix/kinas-forsvarsminister-li-shangfu-_forsvunnet_-1.16559987
  8. (Mi utheving) Hadde det vore snakk om ei flyforbodssone inne i Ukraina ville det ha stått at det var forbode å fly nærmare enn x km frå den rumenske grensa.
  9. Sikkerheitssone er vel eit betre ord. Det seier seg sjølv at det ikkje er trygt å fly i eit område der det blir skote på russiske droner.
  10. Hadde det berre vore så vel. Eg meiner at du tolkar dette feil. Romania har i dag ei flyforbudssone som strekkjer seg 8 km. frå grensa til Ukraina, og denne blir no tredobla. Årsaka er naturleg nok at det ikkje er trygt å fly nær grensa til Ukraina, fordi det har vist seg at det kan ramle ting ned frå himmelen som hamnar på rumensk side av grensa.
  11. Norske politikarar ser jo ikkje ein gong ut til å ha kontroll på eigen og ektefellers økonomi og habilitetsspørsmål som kan dukke opp i samband med dette. Å forstå verda og planleggje langsiktig er atskilleg meir komplisert for ein politikar som blir vald for å styre i 4 år om gongen.
  12. Du får tommel for den, sjølv om eg ikkje er einig i konklusjonen. Både loket og sjølve begeret kan vere av papp, evt. med små hol i loket slik at ein kan sjå bæra. Det er sjølvsagt lettare å bedømme kvaliteten på bæra når det blir brukt gjennomsiktig plast, og produktet ser dessutan meir innbydande ut. Men denne plasten skaper fleire problem enn den løyser. Kan det evt. finnast alternative måtar å lage gjennomsiktig emballasje som er betre for miljøet?
  13. Dette må vel vere snakk om eit forbod mot import, i motsetnad til transitt?
  14. Kva ville ha skjedd dersom piloten hadde greidd å skyte ned overvakingsflyet?
  15. Dette har du heilt sikkert rett i. Når det gjeld kjøtdeig o.l. bør den uansett vere godt gjennomsteikt. Rått kjøt skal ein vel uansett vere litt forsiktig med, også når det er heilt ferskt. Det er vel heller ikkje heilt tilfeldig at når det er utbrot av e-koli er det ofte fårepølser o.l. som er syndaren. Kjøtkaker o.l. høyrer ein sjeldan noko om, fordi desse vanlegvis er godt steikte før folk set tennene i dei.
  16. Mange av matvarene ein kjøper held seg lenge etter utløpsdatoen. Ofte held også varer merka med "siste forbruksdag" seg ei god stund etter utløpsdatoen, og eg trur til og med at eg har ete kjøtpålegg utgått for ein månad sidan utan at det var noko å seie på verken lukt, smak eller på magen min i ettertid. Konklusjonen er dermed at ein alltid bør lukte og/eller smake før ein kastar mat. Er ein bevisst på dette kan ein også gjere ein god handel ved å plukke nedsette varer på butikken. Men varer som går ut på dato bør etast innan kort tid, og det er ingen vits i å kjøpe meir enn det ein greier å ete opp. Slik kan ein vere med på å redusere matsvinnet i Norge.
  17. Kva skjer med plastkorken etter at papiravfallet er henta? Blir plastkorken resirkulert til papir?
  18. Er det i løpet av dei siste dagane at han har gjort dette?
  19. Det var kraftig nordlys her i Sunnfjord i natt. Dette er vel ikkje så heilt vanleg.
  20. Merk at dei fleste innlegga i denne tråden er over 8 år gamle.
×
×
  • Opprett ny...