Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    9 246
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Karta viser vel kven som kontrollerte landområda før og etter datoane, men utan noko utgreiing om korleis og kvifor.
  2. Kan du utdjupe kva du meiner er feil?
  3. Ein vesentleg skilnad er at dei som bur i husa pleier å få eit varsel slik at dei kan komme seg ut og i sikkerheit før huset blir bomba. Russarane er derimot bevisst ute etter å ramme sivile. Ofte kjem det eit nytt angrep same stad etter kort tid, slik at russarane kan drepe hjelpemannskapa som kjem til.
  4. På 90-talet vart fylliken Jeltsin attvald fordi det var få alternativ. Sidan har Putin (med eit lite avbrot av Medvedev) blitt attvald kvar gong fordi det ikkje finst reelle alternativ. Dei kandidatane som får stille støttar Putin.
  5. Eg nyttar høvet til å seie at eg set stor pris på dei som kjem med nyheiter eller saklege innlegg, sjølv om ein kan vere aldri så ueinig. Dessutan set eg stor pris på arbeidet moderatorane gjer med å halde orden slik at vi kan diskutere vidare. Det var vel slik at 60 innlegg måtte fjernast i går.
  6. Ein kan ikkje samanlikne situasjonen i Gaza med Krim eller Ukraina. Det er lite hjelp i å diskutere tapte sjansar. Desse er ikkje lenger noko alternativ etter det som har skjedd. Då må ein sjå framover. Skal området bli okkupert av Israel vil konflikten halde fram, og folk vil ikkje få det betre. Då er det betre at Egypt tek på seg ansvaret, slik at folk kan få ei betre framtid.
  7. Men handlingane kunne ikkje samanliknast. Difor kom dei inn i varmen. Forsoningspolitikken i Sør-Afrika er eit føredøme for korleis ein konflikt kan leggjast død.
  8. Egypt fekk kontroll på terroristane på Sinai-halvøya for nokre år sidan, og bør kunne greie det også i Gaza etter at Israel har gjort sin del av jobben. Ein palestinsk stat som bestod av Vestbreidda og Gaza ville uansett ikkje vere eit samanhengande land. Om Gaza-problemet var løyst ville ein stå att med spørsmålet om busetjingspolitikk, tostatsløysing eller evt. einstatsløysing på Vestbreidda. Kanskje ville ein lettare kunne få til ein varig fredsavtale her dersom Gaza ikkje lenger var ein del av konflikten?
  9. Dårleg samanlikning. Det er ikkje berre ei handfull ekstremistar i Gaza. Du har rett i at situasjonen palestinarane har vore i har forsterka ekstremismen. Samstundes må ein vere ærleg og seie at ein ikkje veit korleis situasjonen hadde vore om palestinarane hadde hatt det betre. Kanskje ville terrororganisasjonar som ynskjer å utslette Israel ha funnest likevel?
  10. Ein må alltid vere kritisk når ein les om konfliktar. Men det er ingen grunn til å tru at ikkje dette stemmer.
  11. Det er nok for seint no. Israel vil sjølvsagt ikkje risikere å ha terroristar som tikkande bomber blant sine eigne. Mi meining er at Gaza bør bli ein del av Egypt, slik at Egypt får ansvaret for å sikre fred. Då slepp ein historikken med hat på begge sider. Dette er den einaste måten som befolkninga der kan komme ut av "fengselet" og få ei betre framtid på.
  12. Interessant. Støre brukar ordlyden "Israel har rett til å forsvare seg mot militære angrep" https://www.nrk.no/nyheter/store-om-konflikten_-_-svaert-alvorlig-situasjon-1.16586647 Situasjonen var ein annan på 2000-talet då Hamas vann det palestinske valet, og det var eit håp om at dei ville gå inn for å jobbe politisk i staden for å drive terror. Dette håpet er vekke for lenge sidan, og Norge må snarast rekne Hamas som ein terrororganisasjon om ein ikkje allereie har gjort det.
  13. Ser det som Hamas gjorde bra ut for verdssamfunnet? Er det nokon grunn til at Hisbollah skulle oppføre seg annleis?
  14. Kvifor skulle dette vere propaganda?
  15. I følgje Nrk dagsnytt er det oppstått lekkasje på ein gassrøyrleidning mellom Finland og Estland.
  16. Pakket er vel dei som brukar borna som menneskelege skjold for å angripe Israel.
  17. https://www.nrk.no/urix/den-israelske-haeren-om-hamas-angrepet_-_-vi-er-i-krig-1.16587002 Artikkelen nemner også Hisbollah sitt forsøk på å få krigen til å spreie seg til Libanon. Dette landet har som kjent store problem som delvis skuldast nettopp Hisbollah. Det er ein tragedie dersom krigen skulle spreie seg hit. Og som vanleg hamnar sivile i midten, brukt som menneskelege skjold som vist for nokre innlegg sidan. Det er vel roleg på Vestbreidda førebels. Ein får inderleg håpe at ikkje krigen spreier seg dit.
  18. No er jo også terrorhandlingar angrep på sivile, så slik sett er vel det ho skreiv greit nok ut frå det som var situasjonen då. Poenget var å roe ned situasjonen.
  19. Dette er vel også på grunn av at det er Hamas som har styrt Gaza. Med Hamas ute av verda kan nye mogelegheiter opne seg.
  20. Kan det i så fall vere mogeleg å gje Egypt militær støtte, gunstige handelsavtalar eller bruke andre lokkemidlar for å få dei til å gå med på dette? Og då i kombinasjon med internasjonal pengestøtte til gjenoppbygging av Gaza?
  21. Oslo-prosessen har vore død i mange år, og etter at Hamas har styrt Gaza låg ein i utgangspunktet kanskje nærmare ei trestatsløysing på konflikten enn ei tostatsløysing. Israel trekte seg ut frå Gaza i 2005, men har vore under israelsk (og egyptisk) blokade sidan då. Blokaden, dårlege levekår, angrep med påfølgjande hevnangrep frå Israel med jamne mellomrom og oppsamla hat frå tiår med konflikt mellom Israel og palestinarane (inkludert busetjingspolitikken på Vestbreidda) gjer at terrororganisasjonar som Hamas har støtte, og om Hamas skulle bli knust er det sannsynleg at andre liknande grupper vil komme i staden. Israel har på si side ingen interesser i Gaza i dag anna enn å beskytte Israel og å halde terrororganisasjonar som Hamas nede. Etter udåden frå Hamas må ein tenkje nytt. Ei tostatsløysing har vore død lenge, og vil truleg bli det i lang tid framover så lenge høgrevridde israelske regjeringar har styringa og busetjingspolitikken på Vestbreidda får halde fram. Ein palestinsk stat som består av Vestbreidda og Gaza vil aldri kunne henge saman. Fram til 1967 var Gaza okkupert av Egypt. Israel tok også Sinai-området etter krigen i 1967, men området vart gitt tilbake til Egypt i samband med fredsavtale i 1979. Israel har i dag eit godt forhold til Egypt. Kan løysinga vere at området blir overført til Egypt så snart Israel er ferdige med å rydde opp etter Hamas, og vil Israel og/eller Egypt kunne godta dette? Egypt vil då stå ansvarleg for evt. angrep mot Israel, og vil samstundes vere ein garanti mot at Israel ikkje kan angripe Gaza utan å komme i konflikt med Egypt. Blokaden må avsluttast, Hamas og andre terrororganisasjonar må haldast nede og folket må få betre levekår og trua tilbake på ei framtid som fullverdige egyptiske statsborgarar. Området må haldast under fast kontroll, men befolkninga vil ha større tiltru til arabarar enn til israelarar med bakgrunn i fleire tiår med konflikt. Kunne dette i så fall også gjere det mindre komplisert å få ei løysing på Vestbreidda (einstatsløysing, tostatsløysing, evt. overføring til Jordan), og dermed ei varig løysing på den palestinsk-israelske konflikten?
  22. Ein risikerer no at støtte som kunne ha gått til Ukraina vil gå til Israel i staden. Russland har alt å tene på dette, og er sikkert i tillegg ute etter rolla som "fredsmeklar".
  23. Kjelde på at Norge har sendt pengar til Hamas?
×
×
  • Opprett ny...