Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    9 063
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Det var vel slik at Ukraina brukte tunnelar til forsyningar/evakuering under kampen om Bakhmut. Ein veit også at HAMAS brukar tunnelar for å forsyne Gaza med våpen og andre varer. Ville det vere mogeleg å drive ut ein tunnel under Dnipro innan rimeleg tid, slik at ein kan få overført utstyr og forsyningar til austbreidda, og dermed prøve å få kontroll over Kherson/Zaporizhzia-området samstundes som ein har retrettmogelegheit dersom operasjonen skulle slå feil? Her burde evt. fjellandet Norge kunne bidra med maskiner og kompetanse.
  2. Har Svanesjøen gått på russisk tv i det siste?
  3. https://www.nrk.no/osloogviken/dyrebeskyttelsen-advarer_-_-dropp-halsband-pa-katten-din-1.16628919
  4. Eg tenkjer eg kan like mykje om Afghanistan som du kan om feminisme. Dette blir mitt siste innlegg om feminisme i denne tråden.
  5. Dette stemmer ikkje. Og mykje av det andre du skriv er tull. Men du ville heilt sikkert trivast i Afghanistan, der dei som styrer har det same synet som deg på korleis eit samfunn skal vere.
  6. Med andre ord: Ukrainarane brukar sjødroner på same måten som russarane brukar kjøt.
  7. Det er viktig at media dekkar fleire sider av ei sak, enten det er påstandar frå Israel/den høgrevridde israelske regjeringa eller frå palestinarane/sjølstyrestyresmaktene/terrororganisasjonen/frigjeringsrørsla HAMAS, og enten det gjeld det som vi alle veit var utgangspunktet for krigen eller det gjeld måten krigen blir ført på. Samt at ein midt oppe i dette dekkar korleis palestinarar, muslimar og/eller jødar opplever dette på avstand her i Norge eller å vere ein utsett minoritet i Norge i ei tid der krig vekkjer sterke følelsar på begge sider. Det er som kjent heller ingen utanlandske journalistar som slepp inn i Gaza, og ein blir då avhengig av lokale folk og den informasjonen som kjem ut blir meir upåliteleg. Dette er noko f.eks. Nrk sjølv har streka under. Som i alle krigar er informasjonskrig og propaganda ein del av krigen. Om media skal kritiserast for noko, så meiner eg at dei lar dekninga av denne krigen ta altfor stor plass samanlikna med alt anna som skjer i verda, og som vi aldri høyrer noko om. Det finst dessutan ein krig som er langt viktigare for Norge, Europa og verda enn konflikten i Midtausten, nemleg den barbariske krigen som Russland påfører Ukraina. Om ikkje Russland blir stansa og tvinga ut av Ukraina veit ein ikkje kvar dei vil slå til neste gong dei føler seg sterke nok. Då ser det mørkt ut for Europa.
  8. For 170 år sidan hadde ikkje kvinner dei same rettane som menn, dei var umyndige og underordna mannen. Ved arveoppgjer arva døtrene halvparten av sønene, og når kvinner gifta seg tok mannen kontroll over alt dei eigde. Det er dette som er temaet i Henrik Ibsens "Et dukkehjem". Ville du heller ha levd i eit slikt samfunn enn i eit samfunn der begge kjønn har like rettar, og der kjønn blir meir og meir uvesentleg? Kvinnekamp har ført til eit betre samfunn, på same måten som at arbeidarrørsla sin kamp for levelege arbeidsvilkår, rettar for arbeidstakarar og gode trygdeordningar har ført til at Norge har gått frå å vere eit av dei fattigaste landa i Europa til å bli eit velståande land med (relativt) små skilnader mellom fattig og rik, og der alle har dei same mogelegheitene til å komme seg opp og fram, uavhengig av klassebakgrunn.
  9. Vulkanutbrot rammar vanlegvis aude område. Det som ser ut til å vere litt spesielt denne gongen er at eit utbrot kan komme i eit tettbebygd område.
  10. Dette var ein gong ei golfbane: Og slik ser det ut i Grindavik: https://www.nrk.no/urix/okt-aktivitet-ved-vulkanen-i-reykjanes-pa-island-1.16633163
  11. Det finst "mjuke" menn og det finst "harde" kvinner - og omvendt. Det finst også både menn og kvinner med dårleg sjølvtillit. Eg nektar å vere med på at feminisme er noko stort problem, og at mannen er blitt eit "offer". Om ein har dårleg sjølvtillit er det berre ein sjølv som kan endre på dette, og det er lita hjelp i å sutre over den "vonde" feminismen. Det er heller ingen motsetnad mellom å vere ein "mjuk" mann og å vere ein "sterk" mann, kanskje heller tvert imot.
  12. Eg veit ikkje om eg har så mykje fornuftig å seie til dette, anna enn at mi brutale opplæring som eg fekk då eg var "liten" var at dersom eg tok igjen fekk eg 10 gonger så hardt tilbake. Etter det har eg prøvd å gjere det eg meiner er rett, vere rettferdig, leggje godviljen til, og velje mine kampar med omhug. Det har fungert greit.
  13. Det er trist at det ikkje skal vere mogeleg å ha eit felles arrangement, noko som ville ha vore spesielt viktig i år.
  14. Vil det seie at ein ENNO ikkje har byrja å trene ein einaste ukrainsk F16-pilot? No har det gått så lang tid at opplæringa av dei fyrste pilotane snart burde ha vore fullført. Eg må visst lære meg å lese artiklane før eg svarar. Men dette går uansett altfor seint.
  15. På Bryggen i Bergen har dei julebutikk året rundt. Så der er det mogeleg å komme i julestemning i juli.
  16. Det beste ein kan håpe på er vel at Israel gjer seg raskt ferdige med Gaza og HAMAS, og at merksemda igjen blir vendt mot Ukraina, denne gongen også med våpenstøtte frå Israel. Samt at ein prøver å puste liv i fredsprosessen i Midtausten. Biden har sagt at palestinarane skal styre Gaza i framtida, og vil ha ei tostatsløysing med ein palestinsk stat på Vestbreidda og Gaza. Det er eit viktig signal.
  17. Er det komme noko nytt om representanthuset og evt. behandling av støttepakke til Israel og/eller Ukraina?
  18. Er det mogeleg å drøyme om at Ukraina kan få til ein vinteroffensiv med austbreidda av Dnipro som utgangspunkt medan russarane "sit fast" rundt Avdviika?
  19. Det vart nyleg hengt opp eit "israelsk" flagg på ein silo i Oslo der jødestjerna var bytt ut med eit hakekors. Det er sterke følelsar i sving i samband med krigen i Gaza, og ein skal ikkje utelukke at russiske provokatørar står bak eller støttar opp om dette.
  20. Eller her i kystnære strok av Vestlandet, der det ofte er snøfritt store deler av vinteren.
  21. Er du sikker? Ein del av det han skriv er fornuftig, og innlegget det her var snakk om førte til ein interessant debatt om privat/offentleg eigarskap. Eg tykkjer ein skal vere litt forsiktig med å avvise alle med litt avvikande meiningar som "troll". Målet må vere ein inkluderande debatt der alle skal vere velkomne til å debattere og komme med synspunkt. Når det gjeld openberre troll er framgangsmåten
  22. Kven som eig ei bedrift (privat eller offentleg) er ikkje så viktig. Det vesentlege er at bedrifta konkurrerer med andre bedrifter i ein marknad. Konkurranse vil gje både meir for pengane og betre og meir innovative løysingar enn det ein får til i ein planøkonomi som Sovjetunionen eller Kina.
  23. For meg er førjulstida i desember. Hugsar då det var tenning av julegran og julegater fyrste sundagen i advent. Då pluggar eg i dei 7-arma lysestakane, som etter kvart har blitt utstyrt med LED-pærer. Hos meg pleier juletreet å komme i hus i siste liten rundt julafta, og blir ståande i stova til ut i januar etter gammal tradisjon. Eg meiner at julevarer i butikkane i november må vere "innanfor". Eg tykkjer elles at lyslekkjer og julepynt i det offentlege rom kunne vente til desember, men til gjengjeld få bli ståande til ut i januar. Det er mørketid også når kvardagen startar att på nyåret, og det kan vere kjekt med litt lys og oppmuntring då også. Var det ikkje slik at jula varer heilt til påske? 😉
  24. Dette er vel sannsynlegvis berre eit mellomspel? Eller?
×
×
  • Opprett ny...