Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    10 099
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. https://www.nrk.no/urix/naomi-klein-om-israel-1.16885764 Var det nokon som trudde at utanrikspolitikken ikkje betyr noko for amerikanske veljarar? Demokratane lek nok i begge endar, både til dei som er lei av støtta til krigen i Gaza og til dei som meiner at han ikkje støttar Israel nok i kampen mot HAMAS. Akkurat det same kan vel seiast om den halvhjarta støtta til Ukraina der ein ikkje har nokon plan utover å vere redde for å "eskalere". Blir det 4 nye år med "Trump" kan "alt" skje. Det viktigaste er at Europa vaknar, slik at ein viser at vi tek vår del av ansvaret for at Ukraina skal vinne. Gjer vi det trur eg at sjansen er god for at vi har USA med på laget. Redigert: Nrk har misforstått innhaldet i artikkelen dei refererer til totalt. At Biden har tapt 13% av veljarane stemmer ikkje. Det artikkelen seier er derimot at berre 13% av dei som har forlatt Biden oppgjev utanrikspolitikk som årsak.
  2. No er det opp til HAMAS å annerkjenne Israel og å gå inn for fredeleg sameksistens gjennom ei tostatsløysing. Så lenge dei vil fjerne Israel frå kartet spelar det ikkje så stor rolle kva ein kallar dette. Det inneber nemleg i praksis det same.
  3. Men heretter må dei finne ein annan reiseveg enn gjennom Storskog. Det reduserer risikoen for spionasje og sabotasje. Men så var det desse "fiskebåtane" då.
  4. No var det vel etterforsking av israelske krigsforbrytelsar som var "nazisme". Elles har du heilt rett.
  5. Kan Haley ha fått noko att for å støtte Trump? F.eks. lovnad om at USA vil halde fram som aktivt NATO-medlem, samt støtte Ukraina i krigen mot Russland?
  6. Så får ein håpe at Musk og SpaceX er til å stole på.
  7. Det er heilt utruleg dersom dette stemmer. No må Biden snart bestemme seg. Alternativt får ein håpe at tsjekkiske granatar snart kan finne vegen til desse områda.
  8. Eg trur eg har sagt det før: Dersom republikanarane får makta og dei bestemmer seg for å støtte Ukraina trur eg at det blir slutt på den vaklande støtta som Biden og demokratane har stått for. Skal ein støtte Ukraina kan ein ikkje gjere dette halvvegs, då må ein gjere det fullt og heilt. Ein kan ikkje dra dette ut i årevis fordi ein er redd for å "eskalere". Det er ikkje gitt at Trump blir den presidenten som Putin håpar.
  9. Nrk har vel framleis Russland-korrespondent?
  10. Eg er (sjølvsagt) heilt einig i det meste her. Men sjølv om dette er to heilt ulike krigar vil det alltid finnast ting som kan samanliknast. Både Russland og Israel utfører krigsforbrytelsar. Og begge snakkar om "nazisme".
  11. Det ser iallefall ut som at forsvarsministeren seier ein ting den eine dagen og noko heilt anna den neste: No må den amerikanske administrasjonen bestemme seg for kva ein eigentleg vil, og slutte å undergrave forsvaret av Ukraina.
  12. Hadde det berre vore slik. Akkurat den påstanden er både eg og mange andre sterkt ueinig i, og dette er også årsaka til at Israel blir etterforska for det eine og det andre. Men vi kjem nok ikkje lenger med å diskutere dette i Ukraina-tråden.
  13. Kva står denne bokstavkombinasjonen for? Redigert: Fann svaret sjølv. https://www.google.no/amp/s/www.today.com/today/amp/rcna152650
  14. Er det framleis omikron, eller blir dette pi-varianten?
  15. https://www.nrk.no/norge/eit-klikk-pa-ein-lenke-fra-statens-vegvesen-sende-ole-inn-i-svindel-kaos-1.16857781
  16. https://www.vg.no/nyheter/utenriks/i/Jbo4G7/derfor-er-slovakias-statsminister-saa-kontroversiell Sterk splitting i slovakisk politikk. (Liknar dette litt på USA?) Siste avsnitt nemner ting vi har vore innom i denne tråden:
  17. Det er ingen tvil om at mange autoritære land er motstandarar av Israel og/eller tilhengarar av HAMAS. Sanstundes skjer det- eller har skjedd mykje i denne krigen som ikkje skal skje. Reaksjonar ville det ha blitt uansett kven som kriga. At det blir gjort for lite for å dømme krigsforbrytarar andre stader er ei dårleg unnskyldning for ikkje å ta tak i det som skjer på Gaza.
  18. No var ikkje dette FN, men FN sitt sikkerheitsråd der også USA er med. Samstundes: Og Norge kan jo ikkje vere noko dårlegare: Eg ristar elles også på hovudet når eg les om reaksjonane på den mogelege tiltalen i den internasjonale krigsforbrytardomstolen, der det er snakk om å plassere ansvar for terror/krigsforbrytelsar hos begge partar - på Hamas for terror og på Israel for bruk av svolt som våpen osv. Når Israel kallar rettmessig kritikk for "nazisme" er det nesten som å høyre russarane snakke om Zelenskyj og Ukraina. Biden vil ikkje vedkjenne at Israel har gjort noko gale. Mi meining er at det er bra at nokon set skapet på plass, og plasserer ansvar der det høyrer heime hos begge partar. Palestina er medlem av domstolen, så om det blir ein rettskraftig dom er dei forplikta til å utlevere HAMAS-folka. Det kan bli interessant.
  19. Helst bør ein fange opp ting før det går så langt som til inkasso.
  20. Det er også mogeleg å be Posten om å omadressere post ei viss tid mot betaling.
×
×
  • Opprett ny...