Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    10 319
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Ein får håpe at polakkane er i stand til å tenkje sjølv og ta sjølvstendige avgjerder. Om Biden får det slik han vil blir det ein langvarig blodig utmattingskrig som til slutt endar med at Ukraina må inngå ein "fredsavtale" på Putin sine premissar.
  2. Han der skulle eg ynskje hadde stått fram etter 11/9 2001, då USA invaderte Afghanistan og Irak. Men dette er heilt malplassert i ein situasjon der Russland er den eskalerande parten, og Europa står ovanfor trusselen frå ein ny Hitler.
  3. Ein kan byrje å lure på om Ukraina får nokon fly før etter at Donald Trump har teke plass i det kvite huset. Danmark har lova F16 i Ukraina i løpet av sommaren, altså innan 1/9. Kan dette halde, eller ville Biden komme til å "pisse i buksa" av "eskaleringsfrykt"? Redigert: Ser at Danmark nok ein gong stadfestar at Ukraina vil få F16 i sommar. Dette er lovande.
  4. Er dette dei same Patriot-systema som har blitt lova i lenger tid? Kor tid kjem desse til Ukraina. Ser ein dei i bruk før Ukraina er gått i svart i vinterkulden?
  5. Når det gjaldt NATO-krigen med Serbia kom den etter at verda stort sett hadde stått og sett på krigane i det tidlegare Jugoslavia i nesten eit tiår. I mellomtida fann f.eks. massakren i Srebrenica stad - med FN som tilskodarar.
  6. Kva er det med amerikanarar? Russland tek ein på med silkehanskar, men på den andre sida er Israel heilage. Russland må behandlast på same måten som ein behandlar HAMAS.
  7. Det som må skje er at den demente presidenten i USA sluttar å høyre på Sullivan og "eskaleringsspøkjelset", og at ein sender Ukraina det dei treng for å bombe russiske flybasar utan sjølvpålagde begrensningar. No må silkehanskane av! I tillegg må Russland sanksjonerast der det er mogeleg, og behandlast som dei terroristane dei er. Og det er også viktig at ein gjer noko medan ein har sjansen, i staden for å overlate avgjerdene til den neste presidenten, som blir Donald Trump.
  8. Er den franske venstresida nesten like Putin-vennlege som Nasjonal Front? Kva vil skje med fransk støtte til Ukraina no?
  9. Ein får ofte inntrykk av at verda går til h......, men dette gjev vel eit lite håp om endring til det betre, trass i at det er ayatollaen og prestestyret som har bukta og begge endane. Kan den nye presidenten greie å få Iran til å ta avstand frå Russland og krigen i Ukraina?
  10. Dette "fredsforhandlings"-pratet frå russisk side minner framleis mest om krav om ukrainsk kapitulasjon, og er ikkje så ulikt det Russland har kravd heile tida. Eg tykkjer at Ukraina skal halde fram slik dei gjer no, samt at Vesten må auke- eller i det minste halde fram støtta. Før eller sidan må det rakne for Russland, det finst ei grense for kor store tap dei kan tole i denne meiningslause krigen.
  11. Eg er heilt einig i alt dette, men samstundes er det viktig at NATO tek over styringa no som det blir meir og meir sikkert at Donald Trump om få månader er president i USA. Det at ein forpliktar seg når det gjeld støtte eit år fram i tid gjer også at ein har litt tid på seg før ein hamnar i ein situasjon der hjelpa evt. blir blokkert på nytt. Eg håpar elles at Europa nyttar tida godt for å kunne ta over frå eit USA som ikkje er til å stole på. Men eg tvilar.
  12. Men korleis fungerer eigentleg tale over wifi om ein ringer frå (eller tek imot samtalar i) f.eks. Kina? Må ein betale som om ein ringte frå det kinesiske mobilnettet? Eller slepp ein unna som om ein brukte telefonen i Norge?
  13. Nei. Men du må (vanlegvis) betale for å ta imot samtalar.
  14. Men nokre gonger er det heilt ål reit. Når det gjeld overflatevatn vil det alltid vere ein viss fare med å drikke det, og det er mange fuglar og dyr som pissar, drit eller rotnar i naturen. Drikkevatn frå kommunale vassverk vil vere reinsa både ein og to gonger før det hamnar i springen. For min del bur eg på landet nær kysten der fiskemåsen har sitt naturlege habitat, og lyden som følgjer med assosierer eg med sommar. Når det gjeld nattesøvnen min ville den nok bli meir uroa av å bu i ein by med biltrafikk o.l. Blir det for mykje fuglekvitter eller måseskrik om natta får ein heller late att vindauget eller bruke sov-i-ro.
  15. Det må han seie, så lenge han ikkje har bestemt seg for å trekkje seg. Biden treng litt tid til å tenkje seg om, og det same gjeld demokratane. Så får ein sjå kva utfallet blir.
  16. For ein gongs skuld er er einig. Det var nok "barnehage" då Biden og Trump krangla om golfferdigheiter. Eg tvilar på at Biden ville imponere veljarane med å kalle Trump for "valdtektsmann". Sidan Trump stort sett kjem med skjellsord og løgner burde det ikkje vere så mykje meir som skal til for å vinne enn at demokratane stiller opp med ein litt yngre kandidat som greier å snakke, argumentere og ta tak i- og avsløre ein del av løgnene.
  17. Medan Ukraina ventar og ventar på løyve til å bruke amerikanske ATACMS mot russiske flybasar regnar det med glidebomber over Kharkhiv. https://www.nrk.no/urix/kharkiv-bebuarar-terroriserte-av-gamle-sovjetbomber-1.16949590
  18. Eg kan ikkje forstå korleis Biden skal kunne snu dette og skape den entusiasmen som må til for å hindre Trump i å vinne ein soleklar siger. Dette løpet er tapt, med mindre demokratane finn ein eller annan person, anna enn Biden som er villig til å stille opp mot Trump.
  19. Om Biden ikkje trekkjer seg er det stor sannsynlegheit for at den neste presidenten heiter Donald Trump. Om Biden trekkjer seg og peikar ut ein flink og samlande kandidat kan alt skje, men då har ein framleis tid på seg til å drive valkamp, og ein har ein god sjanse til å vinne valet.
  20. https://www.nrk.no/urix/biden_-_-eg-sovna-nesten-1.16950164 Med alle forbehold om feil i omsetjing osv.: Dersom denne framstillinga stemmer er unnskyldningane både oppsiktsvekkjande og lite truverdige. Om det skulle vere sant at han ikkje var kommen til hektene på 2 veker står det skrøpeleg til.
  21. Belarus slepper fri nokre få politiske fangar som lir av alvorlege sjukdommar. https://www.nrk.no/urix/opposisjonspolitikar_-fleire-politiske-fangar-lauslatne-i-belarus-1.16950884
×
×
  • Opprett ny...