Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    10 298
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Er det denne gamle artikkelen som er årsaka til feiloppfatninga om at Gilbert representerer Leger uten grenser? https://www.nettavisen.no/leger-uten-grenser/s/12-95-2492739 Nederst i artikkelen står følgjande presisering: Leger utan grenser er elles ein organisasjon som ikkje tek side i krig eller konfliktar, nettopp for å kunne nå fram til sivile på begge sider. Det inneber sjølvsagt ikkje at ein ikkje kan seie sannheita om status for sivilbefolkninga. Elles ser eg at denne tråden er i ferd med å utvikle seg å bli nok ein skyttergravskrig mellom pro Israel og pro Palestina, noko som er ein diskusjon som eg eigentleg er lei av for lenge sidan.
  2. Det er rett at HAMAS må ta det fulle og heile ansvaret for krigen på Gaza. Men det som eg svarte på var ein påstand om at Israel alltid har vore "tolmodige". Svaret mitt var at Israel også tidlegare har gjort det dei meinte var nødvendig, enten det gjaldt bombing/invasjon av Libanon eller bombing/invsasjon av Gaza sist HAMAS var med på å starte krig. Israel har aldri teke på sine angriparar med silkehanskar. Og det kan ein eigentleg heller ikkje forvente heller.
  3. Dette er eg sjølvsagt einig i. Men utan mange tiår med krig, konflikt og feilslått politikk hadde ikkje HAMAS vore der i utgangspunktet.
  4. Gaza har vore under israelsk blokade i mange år, noko som har styrka HAMAS og gjort trusselen mot Israel større. Når krigen er over bør ein vurdere å la Israel betale Egypt godt, og håpe at dei kan ta på seg "problemet" ved å styre området og hjelpe sine brør, samstundes som dei held terroristar nede. Ein bør også betale ein klekkeleg sum som skal gå til å byggje opp att Gaza og gje innbyggjarane der ei framtid.
  5. Leger uten grenser? Trollar du?
  6. Israel har bomba- og gått inn i Gaza før, og har også gått inn i naboland som Libanon når dei meinte det var nødvendig. Krigen i Gaza kjem uansett som eit resultat av ein konflikt/krigssituasjon som har vart i mange tiår, og der alle partar har sin del av skulda.
  7. Så har heller ikkje ABB/Manshaus sine handlingar si rot i ein lokal/regional konflikt/krigssituasjon som har vart i nesten 80 år, om ikkje enno lenger.
  8. Realiteten på bakken etter mange år med målretta politikk med sikte på å ta over så mykje av Vestbreidda at ei tostatsløysing blir umogeleg å gjennomføre.
  9. Her må ein også hugse at Iran ikkje har blitt utsett for noko som liknar på det som skjedde 7/10. Det spørst om Iran hadde opptredd like "vakse" då.
  10. Også einig i dette.
  11. Dette var ein kronikk med gode poeng. Det har tidlegare vore vanleg at Norge ikkje tek slike steg åleine, men som ein del av ein felles framstøyt frå f.eks. EU eller USA. At ein ikkje har forankra dette betre fører til at Norge står meir eller mindre åleine og blir spelt ut over sidelinja av Israel. Men så var vel kanskje også anerkjenninga av Palestina til ei viss grad norsk innanrikspolitikk, der ein ynskte å gjere venstresida til lags og vise veljarane at ein støttar ei tostatsløysing på Vestbreidda og at ein tek avstand frå den brutale krigen der sivilbefolkninga hamnar i krysselden, samt israelske krigsforbrytelsar som f.eks. svolt som våpen eller inhuman behandling av krigsfangar.
  12. Men kor stor del av vanlege israelarar støttar dei i denne kampen? Er det fleire enn nokre få prosent heilt ytterst på venstresida?
  13. Desse tinga er vel alle som diskuterer her einige om, uansett kva "side" ein held mest med. Dette er viktig å hugse.
  14. Og langt føre autoritære land som Ungarn og Tyrkia.
  15. Usikker. I den grad Israel har nokon plan er det vel kanskje heller status quo?
  16. Dette er eit godt argument for annektering/einstatsløysing.
  17. Kva har Israel gjort for Norge?
  18. Dette er eg heilt einig i. Parlamentet i Israel har sagt med stort fleirtal at dei ikkje vil ha ei tostatsløysing, og den israelske regjeringa har svart på Norge sitt ynskje om ei tostatsløysing med å utvise norske diplomatar frå dei palestinske områda. Samtlege israelske regjeringar har i lang tid gjort det dei kan for å undergrave ei tostatsløysing ved å utvide- og lage nye busetjingar på Vestbreidda. Det er berre nokre fragment av Vestbreidda som framleis er under palestinsk kontroll. Då er det på tide å seie at: Javel, de får det slik de vil ha det. Men då skal alle borgarar behandlast likt.
  19. 4. Det blir oppstand eller borgarkrig i Russland, militæret vender ryggen til det noverande regimet og det blir relle fredsforhandlingar. Begge partar trekkjer seg ut av okkuperte område, men Kursk og Belgorod får halde folkeavstemming om evt. overgang til Ukraina. Men det mest sannsynlege er vel at krigen held fram som før, med ein ny front i tillegg til dei andre.
  20. Ikkje eit ord om Ukraina i Dagsrevyen i kveld heller. Må det bli atomkrig for at Russland-korrespondentane til Nrk skal måtte avbryte ferien?
  21. Men kva med Scholz? Er han ikkje redd for "eskalering"?
  22. Nokon må kanskje snart endre tittelen på denne tråden? 😉
  23. Akkurat det burde nokon ha tenkt på før.
  24. Om Ukraina hadde vore okkupert av Russland i 60 år ville det ha blitt oppfatta som ein heilt naturleg del av Russland. Og folk flest ville ha lagt historia til sides, og vore meir opptekne av daglegdagse problem og å leve eit best mogeleg liv. (Den arabiskspråklege minoriteten som har vore i Israel heile tida har akseptert- og er fornøgde med å vere israelarar).
  25. Problemet er at andre mogelegheiter er prøvd eller oppbrukt. Tida har gått forbi ei tostatsløysing som omfattar Vestbreidda. Og kva for mogelegheiter sit ein då igjen med?
×
×
  • Opprett ny...