Gå til innhold

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    20 805
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. Her må eg få gi honør til islam og jødedommen, for om vilkåret etter kristendommen var at jesus skulle kome med frelse og fred så betyr det at det enten ikkje var den ekte jesus som vart født for 2000 år sidan eller så betyr det at gud er/var makteslaus til å oppfylle lovnadane sine. Så her har kristendommen avkrefta seg sjølv, jødedommen og islam har fortsatt tvilen til gode om at det fortsatt kan dukke opp ein jesus som fiksar verdens problem for oss. Dette gjer det vel også i vanleg kristendom? Men litt vanlegare i den forstand at ulike grupperingar har gjort sine eigne tolkningar og danna pinsemeiningheit, mormonar og jehovas vitner. For meg er dette det aller klaraste beviset på dei religiøse tekstane ikkje er guds ord, for om det gud sjølv som har formulert teksta så må vi vel anta at gud meinte kvar einaste ord og kvar einaste formulering? Og ein følgjer definitivt ikkje guds ord dersom ein sjølv tolkar eller enda verre "cherry picker" kva ein vil lyde og kva ein vil ignorere.
  2. Det som er vanskeleg i slike saker er at ubehaget ofte er vel så mykje at ein blir (eller trur) at ein blir observert. Også når ein berre griller i hagen og ikkje har noko å skjule så er det utriveleg å bli glodd på. Det andre som er vanskeleg er at vi har eit uryddig regelverk rundt bilde og video, der hovudregelen er at det er lov å filme over alt, og at restriksjonane ligg i publisering, men at publisering likevel er lov dersom det til dømes er av allmenn interesse. Og deretter har vi ein del andre unntaksreglar som der det er innført fotoforbod av militære installasjonar og mest aktuelt for denne tråden at det ikkje er lov å fotografere der fotograferinga er plagsom eller er hensynsløs. Og om ikkje dette var nok så har vi også eit regelverk som gjeld overvåking, der det å montere eit kamera på husveggen som filmar inn i stovevindauget til naboen så er det ulovleg overvåking, men om du monterer eit dashbordkamera og lar bilen filme inn i stovevindauget så er det lovleg. Her meiner eg at det burde være ein storskilt opprydding. For enten så må vi berre akseptere at kamera vil være overalt rundt oss og at det å bli observert av kamera er noko vi må finne oss i, og at einaste vernet vi har er mot offentleg publisering av bilda. Eller så må vi ha eit anna regelverk som detaljstyrer kvar ein kan filme. I begge scenarioa med drone så er det også slik at du blir observert via kameraet utan at du har samtykka til det, men det er ikkje gitt at det også har blitt gjort opptak. Skal eg være veldig kverrulerande så er det jo nesten slik at i scenario 2, dersom du filmer naboane nakne i badestampen så er det for det fyrste slik at du kan bruke videoen til privat bruk om du kan argumentere at dette ikkje var hensynslaust adferd å filme badestampen, og det kan du nok kanskje klare fordi det er ikkje nødvendigvis slik at ein kan forvente privatliv når ein går naken ut i offentlegheita, også når det er snakk om privat eigedom. Og for det andre så kan ein vel også kverrulere på at å publisere opptaket er av allmenn interesse fordi "alle" i nabolaget vil sjå filmen. Opptaket er ikkje i allmenn interesse av nokon som helst samfunnsmessig funksjon som til dømes opptak av nyheitsverdige ting, men så lenge vilkåret er "allmenn interesse" så er vel det vilkåret oppfylt om det finnes interesse for å sjå opptaket blant allmennheita? Og det som kanskje er det verste når ein må vurdere kvart enkelt tilfelle er at ein her opner for ein vesentleg grad av forskjellsbehandling for den objektivt same handlinga. For det er nok ikkje vanskeleg å sjå for seg at ein mannleg droneførar blir straffa for å krenke privatlivets fred ved å filme den kvinnelege naboen i badestampen eller fly over ein strand med badande barn, medan ein kvinneleg droneførar ikkje hadde fått same anklagen.
  3. Ja. Det blir som å påstå at det er ein faktafeil at det ikkje er historisk bevis for at Espen Askeladd gifta seg med ei prinsesse og arva eit halvt kongerike. Heile eventyrboka er reint oppspinn så å påpeike at X faktafeil i Asbjørnsen og Moe sine bøker, og berre Y faktafeil i Harry Potter kan sjølvsagt ikkje brukast som argument for Harry Potter bøkene er sannferdige. Det er fortsatt reint oppsinn alt som står i begge bøkene.
  4. Minstekravet for å være lærar står i forskrift til opplæringslova: For ditt vedkommande er det då primært pedagogikken du treng, eventuelt må du ta lærarutdanning om du manglar praksis. Jobb som tilsynspersonell vil hovudsakleg være i kommunen innafor byggesak med tilsyn etter byggereglane eller innafor arbeidstilsynet med tilsyn etter HMS reglane på byggeplass.
  5. Har sjekka litt meir, og det virker som dette har samanheng med scrolling. Fleire nettlesarar som til dømes Chrome har ein eigen funksjon som heiter "auto scroll" som normalt sett skal ta deg tilbake til der du var på sida om du har lagt ned vinduet, og at denne funksjonen i enkelte tilfeller kan ta deg tilbake til toppen fordi nettlesaren trur det er der du vil være og at du har scrolla langt ned på sida ved eit uhell. For når vi klikker på linken så kjem vi fyrst til det nye innlegget, deretter scrollar eg og då sprett eg ofte tilbake til toppen. Dette er ein funksjon som kan slåast av i nettlesaren, men sidan så mange no rapporterer om dette problemet på tvers av ulike nettlesarar og plattformer så må det være eit eller anna med foruminnstillingane som gjer at denne "auto scroll" funksjonen ikkje lenger fungerer som den skal?
  6. Tja. Det blir veldig unyansert å legge all skuld for tap av menneskeliv på Hamas. Sjølv om det på alle måtar er forkasteleg å sette mennesker i ein posisjon der dei lett kan døy så må også den som drar i avtrekkaren ta sin del av ansvaret. Det som er så spesielt i denne krigen er at ein kan ikkje sette to strek under svaret på kven som må bære det fulle ansvaret. I Russland - Ukraina krigen er det det mykje enklare, for sjølv om pro-Russiske seier at om Ukraina berre legge ned våpena så blir det slutt på drepinga, så er dei fleste av oss i vesten einige om at mesteparten av ansvaret for drepinga må det være Russarane som driv invasjonskrig må ta ansvaret for. I krigen mellom Palestina/Hamas og Israel så meiner begge partar at den andre parten ikkje har rett på arealet, men eg trur nok dei fleste må vel være einige om at det humanitært sett hadde vært betre å stoppe krigen og opprette ei to eller trestatsløysing som kan fortsette å eksistere i harmoni, men det er ei umogleg løysing når ingen av partane er villige til å gi seg før det er dei som har fått kasta ut den andre parten.
  7. Ein del av forklaringa på ulik grad av "feiring" er også at maktforholdet er svært ulikt. Siste åra har tapstala vært i størrelseorden 1:10 til Isreal sin fordel, så Palestinerane kjenner nok at dei har meir å "feire" om dei klarer å ta livet av ein Israelar enn Isrealerane har ved å feire at dei har klart å drepe 10 gangar så mange som Palestinarar. Det unike med krigen vi har no er at sjølv om tapstala fortsatt er ca 1:10 så har det aldri våre så mange drepte før. Verste året for Palestina var tilbake i 2014 der tapstala var 2329:88. Skulle Isralerane sprunge ut i gata kvar gang ein har klart å drepe sivile Palestinarar så hadde ein ikkje fått gjort anna enn å feire. At Palestinarar blir drept har skjedd nærmast dagleg dei siste åra. Så ikkje for å ta Palestina/Hamas i forsvar her, men eg synes det er rett å få fram at Israel ikkje treng å feire fordi dei har måloppnåing i form av å påføre Palestinske tap med liten risiko for eige personell, medan Palestina/Hamas lid store tap for kvar vesle seier dei klarer å oppnå. Og utan å skulle banalisere for mykje så er det som at fotballsupporterane til Liverpool ikkje har like ville feiringar etter å ha vunne ein kamp sidan dei vinn ofte, samanlikna med Sheffield united som nesten aldri vinner.
  8. Dette utsagnet blir berre sant dersom ein trekk likheitsteikn mellom det å være sikker på noko og det å tru. Dersom ein legg til slik ei slik forståing så kan utsagnet være sant fordi ateistar som ikkje tur at det finnes ein gud også er heilt sikre på at dersom gud hadde funnes så hadde det vært bevis for eksistensen. Dette til motsetting til religiøse som kan være i tvil om det finnes ein gud men som velger å tru likevel i frykt for kva som kan skje dersom det faktisk finnes ein gud. Men det blir som å seie at mat-allergikarar ofte er dei som er mest opptatt av innhaldsfortegninga på matvarer, men det er for at dei som ikkje er allergiske treng ikkje å måtte forhalde seg til allergenar. Akkurat på same måte som at ateistar ikkje treng å forhalde seg til religion. Å snakke om tru på denne måten er noko som berre religiøse gjer når dei skal omtale ateistar, ateistane sjølv forheld seg ikkje til dette omgrepet i det heile tatt. Det blir som å seie "religiøse synder mest". Ikkje fordi religiøse er dårlegare menneske enn ateistar, men fordi det berre er religiøse som forheld seg til omgrepet "synd". For ateistar er betyr ikkje synd noko som helst, ateistar forheld seg til etikk, moral og regelverk, ikkje synd.
  9. Ser ut som at du alt har prøvd ut ganske mykje, både som murar, takstmann og prosjektleiar. Einaste to openbare yrker som eg kjem på der du kan bruke erfaringa di i er undervisning, men då må du nok ha litt tilleggsutdanning om du skal starte å jobbe i skuleverket, og jobb som selgar. Ein selgarjobb på byggvarehus kan kanskje være aktuelt? Kva retning er det du ynskjer å gå, vil du tilbake til meir praktisk arbeid eller vil du ha meir kontorarbeid? Om du vil tilbake å jobbe praktisk som murar så kan det kanskje være eit alternativ å spesialisere deg? Som murar treng du ikkje å berre jobbe med så stable Leca element for å lage grunnmur eller skorstein, du kan spisse deg meir mot litt meir kreativt og nøyaktig arbeid som å lage pynteveggar og liknande. Om du vil meir inn på kontorjobb så kan du spisse deg meir på prosjektleiarsida ved å ta på deg større prosjekt eller ansvar for fleire områder. Ein anna veg å gå er å jobbe innafor det offentlege "på andre sida av bordet" som tilsynsmyndigheit på byggeplassar.
  10. Er ikkje konklusjonen at det berre er ulovleg om emballasjen er mangelfull, og/eller at mottakaren opplever det som hensynsløs adferd? Så ved så mange andre handlingar så er det mest formålet med forsendinga meir enn den praktiske forsendinga som avgjer om det er lovleg eller ikkje. Så å sende avføringsprøver til analyse, kjøper smykker av elgbæsj, eller som ein fetisj greie vil nok være lovleg så lenge emballasjen er god nok til at det ikkje utgjer ein fare eller ulempe for transportøren, og at mottakaren forventar forsendinga. Eg reknar med at trådstarter helst sikter til situasjonar der ein sender avføring innpakka i gåvepapir for at mottakaren skal få ei ubehageleg overrasking, og då vil dette være straffbart som hensynsløs adferd.
  11. Verktøygodtgjersle må følgje av ein avtale, @Inge Rognmo har linka til tariffavtalen til Fellesforbundet. Merk at sjølv om du er fagorganisert og jobbar i ei bedrift som også er organisert, så følgjer det av overenskomsten at det også må være avtalt at den tilsette skal ha verktøygodtgjersle. For arbeidsgiver kan ta over og holde verktøy sjølv og derfor ikkje vil at den tilsette skal ha med sitt private verktøy. Eg har inntrykk av at det er fleire og fleire bilverksted som gjer det på denne måten slik at ein får standarisert kvart arbeidsområde med både vanleg og spesialverktøy, og at det å ha berre eit bestemt antall verktøy som alt har dedikert plass gjer det enkelt å påsjå at verktøy ikkje blir lagt igjen i ein bil og som kan forårsake skade og ansvar seinare. (Eit anna moment er at slik verktøygodtgjering er det ofte konfliktar rundt sidan det oppstår ueinigheit om kva som er verdien av verktøyet og om alt verktøyet er relevant nok til å være med i verdiberekninga). I dei meir tradisjonelle handtverkaryrkene så er det meir vanleg at ein driv "på gamlemåten" der kvar arbeidar har si eiga verktøykasse med vanleg handverktøy. Ellers i samfunnet så er det aller mest vanleg at det er arbeidsgivar som står for alt arbeidsverktøy, det er nok ikkje mange rekneskapsførar som må stille på jobb med personleg PC, eller reinhaldarar som må ha stille med eigen mopp. Det sagt så er det lov å gjere avtale om andre løysingar, og som nemt så vil enkelte slike "goder" utløyse skatteplikt, særleg om det som arbeidsgivar dekker også kan brukast privat. Privat verktøy som den tilsette tek med seg heim vil typisk utløyse skatteplikt for den delen som arbeidsgivar kompenserer fordi dette er verktøy også kan brukast til private gjeremål i heimen. Oppsumert: Du må uansett gjere ein avtale med arbeidsgivar, og du må sjekke opp kva vilkår du alt har akseptert gjennom arbeidsavtalen. Har du forplikta deg til å stille med eige verktøy, eventuelt har arbeidsgivar forplikta seg til å gi deg nødvendig verktøy? Overenskomsten kan gi ein god peikepinn på kva du bør få (og du kan organisere deg om du ikkje er det for å kreve å få vilkåra etter overenskomsten), men dersom du er uorganisert så må du godta dei vilkåra som arbeidsgiver sett (eller seie opp om du ikkje kan akseptere vilkåra). Husk å vurdere dei skattemessige konsekvensane når du vurderer ein slik avtale. Nå har ikkje du veldig store verdiar i verktøykassa di, men det kan være aktuelt å vurdere å forhandle om meir alternative ordningar enn X øre per time for å stille med eige verktøy.
  12. For å ta handtverkaren sin side. Kva var avtalt pris? Kan handtverkaren pårope seg at den avtalte tenesten var av lavare kvaliteten enn vanleg fagmessig utført arbeid? Etter håndtverkertjenesteloven skal tenesta være fagmessig og ellers ivareta forbrukarens interesser. Her ser det ut som at du har med 3 kronestykker og fire bitar tyggis, så om det er dette du betalte så vil eg påstå at du har fått nøyaktig den kvaliteten du har betalt for. Har du betalt meir så har du ikkje fått ein teneste som står i stil med betalinga.
  13. Betre ja, men også dyrare. Det er direkte dyrare med skråtak fordi det krev meir bygningsmaterialer enn å legge flatt tak. Særleg når det flate taket blir dekt av ein plast-duk og ikkje takstein. Det blir også indirekte dyrare sidan dei fleste bygg har høgdebegrensing, så med flatt tak så får ein maksimal takhøgde alle stadar og ikkje berre under møna. Det er dessverre slik at mange utbyggarar nedprioriterer framtidige vedlikehalskostnadar fordi vedlikeholdet blir den nye eigaren sitt problen, og fordi mange kjøparar av næringseigedom har eit relativt kort tidsperspektiv. Ofte er det ikkje planar om at huset skal stå stødig også om 100 år, det er vanskeleg nok å klare seg i 10 år utan å gå konkurs.
  14. Det vil heilt klart kome berre fleire og fleire alternativ til olje, men fordelen med olje og gass er at det krev svært lite teknologi for å benytte seg av energien. Så sjølv om vi i dag varmar opp husa med elektriske ovnar, fjernvarme og vedfyring, og nesten ingen bruker fyringsolje meir, så er det veldig enkelt å varme opp husa med fyringsolje om vi treng det. Skjer det noko som er uventa, enten det er solstormar som slår ut straumnettet eller voldsome prisstigning som gjer at ein ikkje har råd til å bruke straum til oppvarming så har vi oljen som vi kan sette fyr på for å skaffe varme. Så sjølv om heile verden brukar mindre og mindre olje, så er eg heilt overbevist om at olje vil ha ein verdi også i framtida sjølv om vi ikkje lenger bruke olje som drivstoff. Eg er derfor ikkje bekymra i det heile tatt for at dersom vi ikkje skynder oss å pumpe opp all oljen no før 2050 så blir oljen som er igjen i bakken verdilaus. Det kan skje ting med oljeprisen, men det vil fortsatt være mogleg å selge olje etter 2050 fordi sjølv om oljen ikkje er den foretrukne energikjelda, så er det enkel energi å utnytte.
  15. Verdiane i form av olje og gassfelt som vi lar ligge i jorda er fortsatt verdiar som vi har sjølv om vi ikkje aktivt pumper opp oljen. Kva skjer når det er slutt på oljen? Blir det kroken på døra for AS Norge når oljen tek slutt så er det berre eit godt argument for at vi bør gjere oss mindre avhengige av oljeinntektene alt no medan vi har olje å leve av i omstillingsperioden. Å berre fortsette å pumpe olje til det plutseleg er slutt vil være svært dårleg planlegging. Det blir som å seie opp jobben utan å ha ny jobb å gå til, økonomisk sett er det mykje smartare å skaffe seg ny jobb før du leverer oppseiinga. Kor lenge oljefondet vil vare er meir avhengig av kor mykje pengar vi tek ut, enn kor mykje vi setter inn. Dei tapte oljeinntektene må vi dekke opp med andre skatteinntekter, det skal nok litt til for at vi når ein ny oljealder der vi kan plukke store verdiar rett ut frå jorda. Så vi må nok jobbe for pengane, til dømes ved å bygge opp generell industri eller ved å selge varer og tenester. Dei store verdiane til Norge vil fortsatt være fisken vår, fiskebestanden vil vare evig om vi tek vare på den og det er alltid være eit marked for å selge matvarer. Den andre store verdien vi har er kompetanse, vi har ei befolkning med svært god grunnkompetanse gjennom ein god grunnskule, og dei aller fleste har også fullført vidaregåande eller tatt høgare utdanning. Denne kompetansen kan vi lbrule til å lahe nye arbeidsplassae eller enkelt og greit leige ut til dei som treng kompetansen andre stadar. Norske arbeidstakarar er ikkje konkurransedyktige på pris samanlikna med andre lavkostland, men det vi kan levere er så høg kvalitet på det vi produserer at det lønner seg likevel.
  16. Så lenge ueinigheita gjeld råderetten av det same geografiske området, og begge partar meinar at det er dei som har eineretten slik at deling ikkje er eit tema, så finnes det ingen løysing. FN kan i teorien gå inn som eit verdenspoliti, men ikkje utan å ta eit standpunkt i konflikten.
  17. Spørs kvar du skal jobbe, men dei fleste bioingeniørar jobbar på sjukehus og treng autorisasjon for å kunne jobbe. For å få autorisasjon med utdanning frå EU så må du blant anna dokumentere fagplan, vitnemål og praksierfaring. Dette vil typisk ta 3-4 månedar å få i orden.
  18. Du må heilt klart ordne deg fri (eller be om å få gjennomført jobbintervjuet utanom arbeidstid sjølv om det i praksis kan være vanskeleg å få aksept for). Det aller ryddigaste er å bruke ein ferie dag, ta avspassering, eller søke ulønna permisjon. Du må for all del ikkje bruke eigenmelding eller lyge på deg eit grunnlag for velferdspermisjon. Husk også at du kan ordne mykje med den potensielle arbeidsgivaren også. Det er relativt vanleg at den potensielle arbeidsgivaren dekker reiseutgiftene dine i samband med jobbintervju, særleg om du har lang reiseveg. Og sjølv om det ikkje er fullt like vanleg så er det også dei som får potensiell arbeidsgivar til å dekke tapt arbeidsforteneste for den/dei dagane du må ta fri for å delta på jobbinterjvuet. Kor lett eller vanskeleg det er å få på plass ei slik avtale kjem heilt ann på type stilling og kor interessert den potensielle arbeidsgivaren er i å få intervjua akkurat deg.
  19. Det kjem ann på kva som heilt eksakt ligg til stillinga. Som nemnt så er prinsippet at arbeidsgiver betalar for den kompetansen som er relevant for jobben. Er du lege som vil jobbe med å bake rundstykker så får du betalt bakarlønn og ikkje legelønn. Sjølv om minstekravet for å utføre jobben er mastergrad så kan det fortsatt være ein stor fordel å ha doktorgrad om graden er relevant for stillinga. I slike tilfeller så er det både rett og rimeleg at du får meir betalt når du har doktorgrad sidan arbeidsgivar har utbytte av heile eller delar av dokotorgraden. Her er det likevel mange vurderingar å ta, herunder om det er ønskeleg at ein kandidat med doktorgrad skal bruke sin kompetanse i stillinga. For ofte så er grunnen til at stillinga blir lyst ut med lågare utdanningskrav at arbeidsgivar har vurdert at eit lågare utdanningskrav er tilstrekkeleg for å gjere akkurat denne jobben, og at ein såleis ikkje er villig til å betale noko særleg meir for å få jobben utført.
  20. Saltsyre blir også brukt, gjerne oppvarma. Men kaldt vatn, gjerne rennande for å spare deg for litt mekanisk skraping er tryggare og enklare, men det tek sjølvsagt lengre tid.
  21. Gipsen løyser seg opp i vatn, men det tek tid så du må nok rekne med å måtte skrape i tillegg og ta det litt eller litt. Eg tenket likevel at det må vel være vel så enkelte for gullsmeden å smelte sølvet og plukke ut gipsklumpen etterpå?
  22. Det finnes ingen religiøse, berre galningar. Uansett korleis du vrir og vrenger på det så kjem ein ikkje unna at folk som trur at det finnes ein usynleg gud (eller fleire) som kan utføre mirakler er galne.
  23. Det er to forskjellige ting. Fylkeskommunen krev inn overtredingsgebyr frå busselskapet når busselskapet ikkje oppfyller sine forpliktingar etter transportanbodet. Slike "bøter" er ofte veldig høge fordi dei skal straffe busselskap som som har lovd meir enn dei klarer å levere, blant anna på regelmessigheit og evna til å halde rutetabellen. Når det skjer heilt uforutsette ting som at det blir slåssing på bussen, at bussen kræsjer, eller liknande tilfeller så vil det vanlegvis ikkje danne grunnlag for overtredingsgebyr ettersom dette normalt sett vil være utanfor transportselskapets kontroll. Formålet med slikt gebyr frå fylkeskommunen er å unngå at transportselskap jukser når dei gir tilbod om å levere X transportteneste til Y pris for å få anbodet framfor ein konkurrent, for deretter å spekulere i at dei kan levere litt mindre transporttenester enn kva som var lovd og ta mellomlegget som forteneste. Har fylkeskommunen betalt for at bussen skal køyre ei strekning 10 gongar per dag så må sjølvsagt fylkeskommunen kunne ha ein pisk dersom busselskapet berre køyrer 8 turar per dag.
  24. Litt off-topic, men ein av utfordringane er at droneflyginging er noko nytt som ikkje kan direkte samanliknast med andre ting som er regulert frå før. Det er blant anna ikkje alle som bruker droner som fotografering, svært mange bruker dronen meir som eit modellfly og flyg drone som enten ikkje har kamera eller der kameraet berre sender ein stream slik at dronepiloten kan bruke skjermen til å navigere etter. For grunneigaren så kan droneflyging være problematisk av mange og ulike grunnar. Ein problemstilling er fotografering og at det er krenkande å få eit kamera inn i den private sfæren som vanlegvis er skjerma bak gjerder og veggar, her er problemstillinga eigentleg lik uavhengig av om kameraet heng på ei drone, er i enden av ei lang teleskopstang, eller at fotografen held kameraet sitt over gjerdet ditt for å filme deg. Ei anna problemstilling er at droneflyginga kan være plagsom på grunn av støy eller være til hinder for anna aktivitet som grunneigaren driv med. Støyplager er ikkje unikt for droner, det kan være minst like plagsomt med anna type støy, og det kan fort være vel så plagsomt for grunneigaren om det foregår droneflyging rett ved sida av eigedommen sidan det er liten forskjell i støyen om dronen flyg rett over hustaket ditt eller litt til sides for huset ditt. Eit tredje problemstilling er at droneflyginga kan være regelrett farleg for folk og eigedom om dronen flyg lavt og raskt slik at den kan kræsje og forårsake skader. Dette er heller ikkje unikt for droner. Så litt av utfordringa er at ein ofte snakkar om droner som at det er ein ting, medan i realiteten og sett opp mot regelverket så er det ganske stor forskjell på korleis dronen blir brukt og til kva formål.
  25. Dersom du berre sluttar å betale leige så er det dette som er resultatet fordi utleigar må framstille krav om å få depositummet for å dekke ubetalt husleige, men dette bør avtalast og det er ein stor ulempe for utleigar at pengane er vekke dersom det er skadar eller manglar på bustaden ved utflytting. Det utleigar kan gjere er å starte prosessen med å kreve inn pengane med å reise søksmål utan å gå rett på depositummet, og samtidig sette krav om fråviking av leigeavtalen på grunnlag av manglande betaling. Sjølv om det tek tid å gå via Namsmannen for å få kasta deg ut så blir det mykje ekstra mas for deg.
×
×
  • Opprett ny...