Gå til innhold

Statens vegvesen anbefaler hydrogen for Vestfjorden-ferge [Ekstra]


Anbefalte innlegg

Sturle S skrev (12 timer siden):

Dei har sovidt eg veit ikkje problem med batteria og problema med ladekontakten er i all hovudsak løyst.  Når det er sterkt vind – og det har det vore mykje av i vinter – har dei for lite tid til å lade like mykje som dei brukar på overfarten mellom kvar tur, og pga krav til reserve hender det då dei må stå over ein rundtur (tur + retur) for å lade.  Det er sjeldan meir enn ei slik ekstra ladepause på ein dag.  Det går tre ferjer på den ruta, so det vert ikkje veldig store forseinkingar når ei må stå over ein rundtur.  Dette var den fyrste batteriferja i landet og dei har lært mykje.  Til dømes at det er lurt å dimensjonere både batteri og ladeeffekt etter det vanskelegaste vêret ein kan vente seg, ikkje etter gjennomsnittsturar, eller å ha ein tank med biodiesel og ein dieselgenerator ombord til dei vanskelege dagane.  (Ampere har dieselgenerator, men den er berre godkjend til bruk i naudsituasjonar.  I dei fleste andre nye elektriske ferjer kan dieselgeneratoren brukast ved behov under normal drift.)

 

Ei anna kjelde til forseinkingar på ruta er bilar med farleg last.  Med ein slik ombord ei av ferjene er kapasiteten på turen avgrensa til maks 12 bilar.  Eg ser ein viss ironi i at ei ferje kan ha tonnevis med hydrogen ombord, men kjem det ein tankbil med bensin eller eit vogntog med TNT ombord må andre passasjerar vente..

Eg veit at problema kan løysast enkelt med større batteri og bedre lading. Poenget var at denne strekningen og denne ferja var den einaste eg kunne komme på der ei fuelcelle og ein hydrogentank kunne gitt lavere drifts kostnader enn dagens. Dette fordi man kunne ha tilført litt ekstra energi og unngått innstilling. På den måten kunne hydrogen ført til lavere driftskostnader. Selvfølgelig mykje dyrare enn å montert et 100KW dieselaggregat, men eg trur det sitter langt inne for den profilen dei ønsker med denne ferja.

Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...