Jump to content
Hfbqbhawwogyg

Evolusjon – Vitskap eller religion?

Recommended Posts

Evolusjon. Kva er eigentleg evolusjon? Høyrer evolusjon til vitskapen? Svarar evolusjonen på dei store spørsmåla her i livet? For å best mogeleg finna ut om noko er oppspinn eller ikkje bør ein vera kritisk, så det er det eg skal vera no. Og for å oppklara ein sak; vitskap er kunnskap me har med grunnlag av bevis.

For å kunna svara på kva evolusjon er bør eg vel først forklara kva begrepet ”evolusjon” eigentleg tyder. Det finst faktisk 6 forskjellige tydingar av ordet, og alle er viktige å få med seg:

1. Kosmisk evolusjon: Korleis tid, rom og masse oppstod.

2. Kjemisk evolusjon: Korleis alle grunnstoffa oppstod.

3. Stjerne-evolusjon: Korleis stjernene vart til.

4. Organisk evolusjon: Korleis liv oppstod.

5. Makro-evolusjon: Korleis artar utvikla seg til nye artar.

6. Mikro-evolusjon: Variasjon innan ein art.

Først kan eg prata om kosmisk evolusjon. Korleis vart tid, rom og masse til? Vel, evolusjonen har faktisk ikkje ein god forklaring på korleis alt vart til. Men noko den har er ein interessant teori ved namnet ”The Big Bang”. Kva er eigentleg ”The Big Bang”? ”The Big Bang” er ein teori som seier at for mange milliardar år sidan var det eit stort smell (det ligg i namnet) som skapte alt. Grunnlaget for denne teorien er trua på at universet utvidar seg konstant, og at det då må ha vært ei tid då det oppstod ved eit stort smell. Det kan høyrast ut som ein bra teori, men det er også ganske tåpeleg om ein tenkar seg om. Om eit stort smell kan koma av absolutt ingenting, kvifor skjer det ikkje heile tida? For meg høyrest det meir sannsynleg ut med eit stort smell ut av ingenting der det er oksygen til stades enn eit stort smell ut av ingenting der det ikkje er oksygen til stades (eller noko som helst), så kvifor smeller det ikkje heile tida over heile verda?

Og så er det nokon som seier at før ”The Big Bang” samla alt som var i universet seg i ein veldig liten klump. Klumpen snurra raskare og raskare heilt til den eksploderte. Like usannsynleg, med tanke på at det skal enormt mykje energi til for å pressa heile universet ned til ein brøkdel av den opprinnelege storleiken, og det forklarar framleis ikkje korleis alt vart til. At tid, rom og masse oppstår av ingenting har aldri blitt observert eller bevist, så kosmisk evolusjon høyrer ikkje til vitskapen. Det går heilt fint at du trur på at det har skjedd eit slikt smell, men då heiter det ikkje vitskap - då heiter det religion.

Ein annan vri på ”The Big Bang”-teorien er at det var eitt enkelt atom som sprengte. Eg veit ikkje korleis det er med deg, men for meg er det veldig vanskeleg å tru at over 50 grunnstoff kom av eitt enkelt grunnstoff som kom av ingenting. Men det er det kjemisk evolusjon seier; at alle grunnstoffa kom frå eitt enkelt stoff (hydrogen). Det har aldri blitt observert at eit nytt grunnstoff har oppstått. Av og til oppdagar me nye stoffer, men det er ein annan sak. At nye stoffer oppstår av seg sjølv eller frå eit hydrogenatom har aldri blitt observert og har aldri blitt bevist at kan skje, så kjemisk evolusjon høyrer ikkje til vitskapen.

Så korleis oppstod alle stjernene me ser ute om natta? Det har aldri blitt observert at ei ny stjerne blir til. Me kan sjå dei gå i lufta ganske ofte. Det er kalla ein nova (ein mindre stjerneeksplosjon) eller ein supernova (ein stor stjerneeksplosjon). Faktisk så er det så mange stjerner at kvar person på denne Jorda kunne ha eid fleire billionar stjerner kvar (og då teller me berre dei som er oppdaga så langt). Så om me ser ut i frå det bør jo det ha komen enormt mange nye stjerner kvar time heilt sidan universet oppstod for ca. 13 milliardar år sidan (i følgje evolusjonsteorien). Likevel har me aldri observert at ei ny stjerne bli til, så det finst ikkje bevis for at stjerner kan oppstå av seg sjølve. Stjerne-evolusjonen høyrer ikkje til vitskapen.

Kva seier evolusjonen om korleis liv oppstod? Ikkje så mykje, eigentleg. For millionar av år sidan var Jorda full av stein. Så begynte det å regne på steinane i millionar av år heilt til det blei ei stor suppa, og ut frå den suppa kom menneska (kort fortalt). Så i følgje evolusjonsteorien, om du fyller eit basseng med stein og venter nokre millionar år så får du eit menneske som kan tenka og snakka. Logisk? Det er veldig mange som har prøvd å laga liv i laboratoriet utan suksess. Ingen har nokon gong klart det, så korleis skal det kunna oppstå på eige hand? Og då kjem me over til eit anna tema, som er: finnast det liv på andre planetar? Mange romforskarar meiner at for at det skal finnast liv på ein annan planet, så treng den planeten følgjande: ein passeleg avstand til nærmaste stjerne, vatn og ei grei atmosfære. Dessverre har det enno ikkje gått opp for dei det enkle faktumet at det som skal til for at liv skal oppstå er liv. At liv kan oppstå av ikkje-liv har aldri blitt observert, og det finst ikkje bevis for at det nokon gong har skjedd, så organisk evolusjon høyrer ikkje til vitskapen. Det går an å tru at liv har oppstått av seg sjølve, men då heiter det religion, ikkje vitskap.

Då kjem me til den typen evolusjon som dei fleste av oss knyttar til ordet evolusjon: makro-evolusjon. Den går ut på at liv har utvikla seg i millionar av år, og at mennesket kom frå ei rekka apekattar og andre dyr. Men har det nokonsinne blitt bevist at noko slikt kan skje eller har skjedd? Nei. I mange år har folk leita etter ”the missing link” mellom forskjellige artar. Dei funna dei har gjort til no som dei påstår at er ein krysning mellom ape og menneske (for eksempel) har kvar gong blitt avslørt som forfalskingar, og ut i frå det er det ganske logisk at det ikkje er lurt stola på eit heilt ferskt funn av eit nytt apemenneske. Og så er det nokre folk som trur at liknande bein i kroppane til dyr og menneske er bevis for at den eine har utvikla seg frå den andre, noko som er endå meir tåpeleg. At du finn ein stjerneforma skrue i ein Canon-printar som passar i eit Canon-kamera beviser ikkje at printaren utvikla seg til eit kamera i løpet av millionar av år! Det beviser berre at den skruen funkar, og at det er same selskap som har designa tinga. Det har aldri blitt observert at eit dyr kan utvikla seg til eit heilt nytt dyr, og det har aldri blitt bevist at det har skjedd. Makro-evolusjon er ikkje vitskap. Om du vil tru at din tipp tipp tipp tipp tipp osv. oldefar var ein frosk er det heilt greit, men ikkje kall det for vitskap.

No mot slutten har me ein litt interessant type evolusjon, for denne har faktisk blitt observert. Den heiter mikro-evolusjon, og den er rett og slett ein variasjon innan ein art, som schæfer og rottweiler eller grizzlybjørn og svartbjørn. Det har blitt observert og bevist at det er mogeleg med variasjonar innan ein art, så denne typen evolusjon er god gammaldags vitskap. Dei andre fem, derimot, er ikkje. (Om eg omtalar evolusjonen seinare i debatten så pratar eg då om dei fem første typane.)

Evolusjonen seier også eit par ting om kor gammal Jorda er. For å få teorien sin til å høyrast meir truverdig ut seier evolusjonistane at Jorda er milliardar av år gammal og at dyra utvikla seg over millionar av år. Det kan eg veldig kjapt seia at ikkje er sant. Alle pålitelege bevis peiker på at Jorda ikkje er milliardar eller millionar av år gamal. Eg kan skriva lenker til kjelder om folk er interesserte i å veta meir om kor feil måleinstrument kan ta. Kort sagt: dei metodane dei brukar for å finna ut alderen på ting som fossiler og bergartar og dyr fungerar ikkje. Utallege eksempel finst der dei har prøvd å måla alderen til ting dei visste kor gamle var, og resultata varierte frå nokre tusen år til fleire millionar år meir enn den eigentlege alderen.

Her er evolusjonsteorien i korte trekk: For ca. 13 milliardar år sidan eksploderte ingenting. Frå eksplosjonen kom det ein planet som først var stein, men så blei den om til ei suppa. Suppa vart levande og her er me i dag.

Ikkje ta det personleg, men det høyrast heilt tåpeleg ut. Men det er ein grunn til at folk fann på denne teorien. Grunnen er enkel: om ikkje universet skapte seg sjølv, så må det bety at det har ein skapar (gisp). Og om det finst ein skapar så kjem det mest sannsynleg til å følgja med nokre reglar (gisp). Det er akkurat det som gjorde at folk fann på evolusjonsteorien. Fordi dei ønskjer ikkje å akseptera at det finst ein skapar som bestemmar. Dei ønskjer å bestemma sjølve. Og no i dag blir falske bevis brukt i lærebøker for å få barn og unge til å tru at dei kom frå ein stein! Kva har skjedd med verda?

Til slutt skal eg ta ein titt på korleis evolusjonsteorien svarar på store og viktige spørsmål her i livet:

Kvar kjem eg frå?

Du kjem frå ei suppa.

Kvifor er eg her?

Du er her ved ein tilfeldigheit.

Har eg ei hensikt?

Nei.

Kva er rett og galt?

Du bestemmer.

Kva skjer etter døden?

Ingenting.

For å oppsummera kan eg vel seia at evolusjonen er ein religion utan håp og meining.

Takk for at du leste, og eg set stor pris på ein sunn debatt i kommentarfeltet! Eit siste spørsmål eg vil stilla til eventuelle evolusjonistar som les dette: kvifor trur du eigentleg på evolusjonen?

  • Like 1

Share this post

Link to post
Annonse

Jesus Kristus... Anbefaler deg å faktisk undersøke hva det er du skal poste om før du videre utgir deg for å være mer ignorant enn det du allerede har vist at du er. Om mot formodning faktisk skulle være interessert å lære, så får du begynne med å forkaste alt du nettopp har skrevet, og starte med å skille evolusjon (som kun er biologisk, ikke det stråmannopplegget du babler om) og abiogenesis. Så har du en ok start.

  • Like 6

Share this post

Link to post

Bortkastet tid å lese. Du aner ikke hva du prater om. Du er for dum. Du er også for dum til å ta til deg lærdom. Så jeg skal gjøre det enkelt for deg; du er for dum til å skjønne dette. Hold deg til bibelstudier og hold kjeft når det er smartere folk i nærheten. Som i ditt tilfelle er hele tiden.

Eg føretrekk høflege og relevante tilbakemeldingar. Kom tilbake når du har nokon. :)
  • Like 1

Share this post

Link to post

Det de mener å si er at du har totalt misforstått hele konseptet bak evolusjon. Din forklaring på menneskets opprinnelse blir som å si "du kjøper varer i butikken og plutselig blir det mat, kort fortalt". Evolusjon er en vanvittig kompleks, men likevel lettforståelig prosess, som innebærer en ubeskrivelig mengde faktorer, noe du hopper over.

Det finnes ingen snillere og mer konstruktiv måte å si dette på; du har ikke forstått hva evolusjon handler om i det hele tatt.

  • Like 9

Share this post

Link to post
Guest medlem-141789

Viktig å være kritisk til evolusjonsteorien og alle andre slike hypotesar, då vil vi kanskje finne ut om den virkelig er sann eller ikkje. Så dykk burde ikkje være så aggressive.

Share this post

Link to post

Det de mener å si er at du har totalt misforstått hele konseptet bak evolusjon. Din forklaring på menneskets opprinnelse blir som å si "du kjøper varer i butikken og plutselig blir det mat, kort fortalt". Evolusjon er en vanvittig kompleks, men likevel lettforståelig prosess, som innebærer en ubeskrivelig mengde faktorer, noe du hopper over.

Det finnes ingen snillere og mer konstruktiv måte å si dette på; du har ikke forstått hva evolusjon handler om i det hele tatt.

Eg har fint forstått kva evolusjonen handlar om. Men eg trur du misforstår - eg forkortar historia. Selvfølgeleg kunne eg ha nemnd alle dei lange prosessane som evolusjonen visstnok gjekk igjennom, men eg foretrakk å heller skriva at millionar av år var gått frå punkt A til punkt B. Som om eg for eksempel hadde sagt at "Eg kjøpte varer på butikken, og ein time seinare var dei gjort om til mat." i staden for å seie "Eg kjøpte varer på butikken, eg gjekk heim, eg fann fram krydder og eg stekte maten på 225 grader i omnen i ein halvtime". Skjønar du?

Share this post

Link to post

1. Kosmisk evolusjon: Korleis tid, rom og masse oppstod.

2. Kjemisk evolusjon: Korleis alle grunnstoffa oppstod.

3. Stjerne-evolusjon: Korleis stjernene vart til.

4. Organisk evolusjon: Korleis liv oppstod.

5. Makro-evolusjon: Korleis artar utvikla seg til nye artar.

6. Mikro-evolusjon: Variasjon innan ein art.

For å begynne en plass.

Evolusjon (generelt om evolusjon) = langsom, trinnvis, jevn, gradvis endringer. Det forklarer ikke hvordan noe ble til som f.eks livet.

De to siste er det samme bare over ulik tid.

Men omså du forstår hovedpoengene så viser du jo at du forkaster dem uten noe annet argument enn "at det er feil". Hvorfor er det selvfølgelig at det er feil at jorden er ca. 3.7 milliarder år gammel?

Argumentene dine er jo kun "at det er usannsynlig" og at det er "feil". Å si at noe er feil fordi det er feil er ikke bevis, det er tautologier.

  • Like 4

Share this post

Link to post

Det høres ut som du har hørt litt vel mye på kreasjonisten Kent Hovind. En dyktig debattant, men han bryr seg ikke stort om å høre på hva så godt som alle vitenskapsmenn sier. Troende som ikke-troende. Ikke at evolusjonsteorien (makro-versjonen) gjør en del antakelser, men det er ingen spesiell grunn til å blankt avvise den med henvisning til første mosebok.

Vil anbefale deg et par studier av mer seriøse skolerte troende:

- bethinking.org

- biologos.org

- reasonablefaith.org

- reasons.org

- godandscience.org

Hilsen en med-troende :-)

Share this post

Link to post

Hahahahahahahahaahahah.

Dette er det mest fjollete og useriøste jeg har lest på en lang tid.

Noen som nettopp ble sluppet ut av jesus-camp?

Share this post

Link to post

For å begynne en plass.

Evolusjon (generelt om evolusjon) = langsom, trinnvis, jevn, gradvis endringer. Det forklarer ikke hvordan noe ble til som f.eks livet.

1. Kosmisk evolusjon: Korleis tid, rom og masse oppstod.

2. Kjemisk evolusjon: Korleis alle grunnstoffa oppstod.

3. Stjerne-evolusjon: Korleis stjernene vart til.

4. Organisk evolusjon: Korleis liv oppstod.

5. Makro-evolusjon: Korleis artar utvikla seg til nye artar.

6. Mikro-evolusjon: Variasjon innan ein art.

De to siste er det samme bare over ulik tid.

Evolusjonsteorien er ganske omfattande, men som eg sa, det er makro-evolusjon dei fleste knyttar til ordet. :)

Share this post

Link to post

Vel, evolusjonen har faktisk ikkje ein god forklaring på korleis alt vart til.

Og der sluttet jeg å lese. Dette utsagnet demonstrerer trådstarters velvillige uvitenhet rundt hva evolusjonsteorien er og ikke er. Evolusjonsteorien prøver ikke å forklare hvordan alt ble til noe mer enn gravitasjonsteorien forklarer hvordan du skal lage pepperkaker. Jeg prøver alltid å unngå å kalle noen for idiot her på forumet, for det er såpass billig, men her er det virkelig fristende.

  • Like 7

Share this post

Link to post

Det høres ut som du har hørt litt vel mye på kreasjonisten Kent Hovind. En dyktig debattant, men han bryr seg ikke stort om å høre på hva så godt som alle vitenskapsmenn sier. Troende som ikke-troende. Ikke at evolusjonsteorien (makro-versjonen) gjør en del antakelser, men det er ingen spesiell grunn til å blankt avvise den med henvisning til første mosebok.

Vil anbefale deg et par studier av mer seriøse skolerte troende:

- bethinking.org

- biologos.org

- reasonablefaith.org

- reasons.org

- godandscience.org

Hilsen en med-troende :-)

Det var også ei tid då fleirtalet av vitskapsmenn trudde at jorda var flat. :) Ja, eg har høyrt frå Kent Hovind, men eg har også studert evolusjonsteorien, og eg følar ikkje at den samsvarar med Guds Ord. Men eg skal sjekke ut nettsidene du linka til. Takk for kommentaren! :)

Share this post

Link to post

Og der sluttet jeg å lese. Dette utsagnet demonstrerer trådstarters velvillige uvitenhet rundt hva evolusjonsteorien er og ikke er. Evolusjonsteorien prøver ikke å forklare hvordan alt ble til noe mer enn gravitasjonsteorien forklarer hvordan du skal lage pepperkaker. Jeg prøver alltid å unngå å kalle noen for idiot her på forumet, for det er såpass billig, men her er det virkelig fristende.

Det er ikkje lurt å dømma ein tekst (og endå mindre ein person) utan å kjenne til heile historia. :)

Share this post

Link to post

Det er lurt å dømme den idiotien du sprer.

Ikke engang barn vil la seg lure av løgnene dine.

Edited by Abigor

Share this post

Link to post

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Loading...

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...