Gå til innhold

Samms

Medlemmer
  • Innlegg

    2 279
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Samms

  1. Kvifor godt trente soldater? Er det taktisk og strategisk lurt å sende dei beste soldatane i front for å bli drept og såra? Russland har ikkje gjort det. Dei har tømt fengsel, så dær trent dei insatte som soldater og sendt dei i front. Med bedre trente og utstyrte soldater som blir rotert fram og tilbake frå fronten bak dei. Tjetsjenske soldater på Russisk side hadde vel som ei oppgåve å stoppe desertører. Dette har fungert, så om europa skal involvere seg, kvifor ikkje gjere det same?
  2. Og kva har europeiske ledere gjort dei siste åtte åra? Kina innsåg etter eit år med Trump at dei måtte forholde seg til eit USA som endra seg. Etter første runde med toll i USA i Trump sin første periode har dei posisjonert seg for meir av same sorten. Toll og kanskje også meir sirkus Trump eller kva anna tvilsam president USA kunne kome opp med. Europeiske ledere gløymde all realitetsorientering i det augeblikket Biden var valgt til president i USA. Da var "allt" som før og det viser tydeleg i dag. Biden reverserte ingen av endringane som kom med Trump sin første periode eller hadde kome før Trump sin første periode. Som nemt i diskusjonen om demokrati-indeksen, forfallet starta før Trump.
  3. Det ser også ut til at det fortsetter i feil retning: Washington Post staffers are in open rebellion against Jeff Bezos | CNN Business Amazon kan ikkje ta sjanen på konflikt med statsadministrasjonen, så Washington Post blir mindre kritisk.
  4. Ja, PAC's og SupePAC's kan vel betal ubegrensa. Om ein studerer tabellen til The Economist kan ein få intrykk av at autoritære stater som ser ut som "Brave New World" eller "Fahrenheit 451" kjem ut som meir "demokratiske" enn om dei ser ut som "1984".
  5. Stemmer teller og penger bestemmer. I USA kan også stemmer kjøpes, det er fritt fram for donorer å betale så mykje dei ynsker i valgkampbidrag. Og donorane kan gjere det utan å måtte fortelle kven dei er. Med einmannskretser så er det då mogeleg å gje bidrag til både kandidat ein og to og slik være sikker på å få inn "sin" politiker. Det er og ein høgsterett dom/uttale på at på same måter som at ein stemmer på ein kanditat for å få sin politkk gjennom så bidrar ein til valgkampen til ein politiker for å få sin politikk gjennom. Så gjenytelser frå valgte representanter etter økonomiske donasjoner i valgkampen er ok og ikkje korrupsjon i USA. Dette er ikkje noko som kom med Trump, det har utvikla seg over lang tid. Søk til dømes på "Citizen unite" dom i USA sin høgsterett.
  6. Hadde det for europa vært eit strategisk betre valg å bidra militært i Ukraina? Eller hadde det vært eit betre strategisk val å holdt seg langt unn slik dei gjorde med borgerkrigen i Yemen? Det ser i alle fall ut til at det for europa har vært strategisk uklokt å basere seg på USA sine sikkerheitsgarantier. Regimet som har kome til makta i USA no viser det klart. Det å ha deltatt i USA sine kriger i Irak og Afghanistan hjelper ingenting i dag, det blir vel no betrakta som "betaling" for sikkerheitsgarantiane. Europeisk støtte til Ukraina blir og oversett i USA ser det ut som. For å sitere Trump, "you know the mob always make you pay", og framover må europa betale beskyttelsespenger. (Trump sitatet er hans kommentar til avtalen om sikkerheitsgarantier mellom USA og Taiwan.) Om ikkje europeiske land får på plass eige forsvar så blir det å betale beskyttelsespenger til USA for at dei skal ha baser her for å ivarta sine interesser.
  7. Samms

    Dekk dimensjoner

    Spørsmålet er, bruker desse kalkulatorane verdiar frå STRO "boka"? Det er tabellane til STRO som er fasit, ikkje nett-kalkulatorer.
  8. Vel, det er og eit spørsmål om kor raskt Ukraina trenger ein våpenkvile/fredsavtale. Det er ikkje sikkert det berre er Russland som trenger ein våpenkvile.
  9. Alle land med eigen valuta som følger sentralbanksystemet til FED har statsgjeld. Det er ein av måtane det blir utsteda "trykt" penger på. Unntaket er Kina som ikkje alltid har utsteda "trykt" penger ved å gå omvegen om statsobligasjoner. På den andre sida, Kina gjer ting på sin måte ulikt "vesten".
  10. Og, i mange tilfeller er dei meir interessert i å få ein større andel av rikdom enn at landet totalt skal bli rikare.
  11. Hvis han er i live og i form til det. Akkurat den biten stopper alle til slutt.
  12. Presidenter i USA kan sitte to perioder så Trump kan ikkje stille ein gong til. Hvis han skulle være i stand til det. Trump er vel 84 år når denne presidentperioden er slutt. Uavhengig av kven neste president er, "normalisering" av forholdet til USA i betydning at det blir som det ein gong var før Trump, nei. USA og verda har forandra seg for mykje fire år fram i tid.
  13. Rafeneria er bygd for tyngre olje, dei vart bygd for importert olje og gjerne den som vart utvunne kortast transportveg frå rafeneria. Du starta med at tungindustrien trengte tungolje. Tungindustri er for meg stålverk og liknande. Og den petrokjemisk industri nyttar veldig mykje naturgass som råstoff. Rafeneriet på Mongstad tar ikkje ut alle typer komponenter, det er økonomiske grunnar til det. På den andre sida så prosesserer rafeneriet dei komponenta dei ikkje tar ut for salg til andre komponent dei selger. Så vidt eg hugsa så produserer dei på Mongstad ikkje diesel, dei produserer bensin og tyngre fyringsolje. Edit: Har du aldri vært på omvisning på eit oljerafeneri? Og fått ei forelesing om kva det rafeneriet gjer og kva dei ulike komponenta av råolje går til?
  14. Eg fann den og tilsvarande artiklar, den fortel at rafeneri er bygd for ulike typar råolje. Og fleire av artiklane fortel at det er dårleg økonomi å operere eller bygge om eit rafeneri til anna råoljetype enn det er bygd for. Artikkelen seier ingenting om at USA om dei berre kan nytte innenlands produert olje ender med å mangle råstoff i industrien og då spesifikt i tungindustri. Tungindustri er typisk stålverk og liknande.
  15. Vel alle platformen og riggane i Mexicogulfen er 15% seier EIA. Og det er ganske mange ordninære riggar på land i blant anna Luisianna. Har du ikkje sett dei når du køyrer på motorvegane på veg ned til til dømes "Port Fourchon" for å reise offshore? Og du må svare på kva fraksjoner olje USA mangler, mykje meir spesifikt enn "tungolje" for å vise at dette er noko dei manglar. Eg klarer ikkje å finne noko om at tungindustrien trenger tungolje når eg leiter. Rafeneriet på Mongstad er bygd for å rafinere relativt lett nordsjølje tar også ut noko "tungolje" og eit restprodukt som blir brukt i fast from i aliminiumsmelteverka.
  16. Oljerafeneri er bygd for ei miks av oljekvaliteter og blir lite økonomisk å drive med andre oljekvaliteter enn det dei er bygd for. Ja, det er behov for dei ulike komponenta som kan rafinerast frå råolje. Det er og mogeleg å prosessere ein oljekomponent til både lettare og tyngre komponenter. Skal du overbevise meg så må du være meir spesefikk på kva USA ikkje kan hente ut av lokalt utvunne råolje. Og skal dei ha "tung" olje så har Venuzuela og Canada den.
  17. Tungolje nødvendig for tungindustri? Etter vanleg definisjon er tungolje olje brukt til forbrenning, billig, må varmast for å kunne pumpast, men kan alltid erstattes med lettare variantar. Eg har aldri høyrt at "tungolje" er nødvendig i industrien.
  18. Kan USA sitt bidrag til Ukraina fram til no bokførast som innskudd til fondet?
  19. Å auke grensa for lån skubber berre problemet i tid. Problemet er ikkje taket for statsgjeld i USA, problemet er at brått ein dag kan det være vanskeleg å få solgt denne statsgjelda. Då blir renta svært høg og det igjen gjev andre problem.
  20. Og om USA synes det er ok med oligarkstyre rundt i verda og ikkje ein gong i ordet støtter demokrati?
  21. Underskudd på statsbudsjettet finansiert med lån er eit problem for USA. Størrelsen på underskudd og lån er på veg til å bli problematisk, men løysinga dei ser ut til å gå for er neppe den beste. Moderat skatteauke, kutt i militærutgifter og profitt til helseindustrien hadde vært tilstrekkeleg. Om USA forhandla pris på medisiner frå produsentane som ein innkjøper kunne dei spart store summer.
  22. Oljeblokkade av USA lagar fort kaos, men USA er netto eksportør av olje så dei er ikkje avhengige av import. Dei må berre legge om intern transport og bygge om rafeneria til å rafinere eigen olje.
  23. 2. For å lettast mogeleg få ut mest mogeleg. Og få tilgang til det som er i områda Russland kontrollerer.
  24. Få sikre tall på det også. OHCHR estimerer 12 605 i Ukraina. Det finnes og estimat på 20 00 til 80 000 berre i Mariupol. Ukraina seier rund 60 000 sivile savna, røde kors har lister med rundt 50 000 savna. Nokon sivile er og drept i Russland og kor mange sivile som er derept i dei okkuperte delane av Ukraina har eg ikkje sett nokon tal på.
  25. Og då har Dagbladet lest New York Times artikkelen, utelatt litt, lagt litt til. De skjulte Ukraina-dødstallene 165 000 døde russiske soldater. 70 000 døde ukrainske soldater. 35 000 savna ukrainske soldater. (I originalartikkelen stod det noko om at det var lite sansynleg med mange i live av desse.) Originalartikkelen refererte også til kjelde i Ukraina som stipulerte 100 000 døde soldater, det kan stemme med at "savnet" i stor grad betyr død.
×
×
  • Opprett ny...