Gå til innhold

Samms

Medlemmer
  • Innlegg

    2 279
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Samms

  1. Og er det noko grunn til at Ukraina ikkje skal klare det vinne mot Russland i okkupasjonskrigen slik Afghanistan gjorde mot både Sovjet (Russland) og USA? Det at hverken Sovjet eller USA vant okkupasjonskrigen og trakk seg ut er vel berre semantisk ulikt at dei vart kasta ut. Å ikkje vinne ein krig og trekke seg ut er mykje det same som å tape og trekke seg ut.
  2. Taliban kasta USA ut av Afghanistan utan enorme summar i økonomisk og våpenstøtte. Før det hadde Afghanarane kasta ut Sovjet med litt støtte frå USA. Forskjellen var tida det tok.
  3. Liten vilje til våpenkvile på dårlege betingelser er vel eit meir utfyllande utsagn.
  4. Russia-Ukraine war: List of key events, day 1,121 | Russia-Ukraine war News | Al Jazeera Det ser meir ut som krigen er på veg over i ein fase der begge sider bomber for å redusere motstanderens evne til vidare krigføring. 132 droner frå Ukraina er heller ikkje eit signal om vilje til våpenkvile. Merk og at det blir rapportert om "mista" på grunn avelektronisk krigføring, men ingenting om andelen lokkeduer, decoy's, mista eller skutt ned over Ukraina. Heller ikkje Russland rapporter noko om dette. I værste fall for forsvararane så er ein god del av nedskutt lokkeduer dei har brukt opp luftvernmateriell på.
  5. Og kva med å kreve at Israel trekker seg tilbake til internasjonalt godkjente grenser, det vil seie FN grensen frå 1948? Eller er det ok at land gjer som Netanyahu seier, skaper grensene med militærmakt?
  6. Gambling type russisk rullet. Med patron i meir enn eit kammer. Som sagt, fordelen er at dei som overlever er immune. Eller kanskje er imune for akkurat denne varianten av virus i ettertid. Omgangssjukevirus er vel eit døme på at sjukdom ikkje gjev imunitet over tid. Ulempen, det er ikkje sikkert det er nokon friske overlevande, eventuelt at bestanden er redusert så mykje at den ikkje nokon gong kjem opp på same nivået. Og då ikkje berre bestanden av arten det starta med, her fugl. Fugleinfluensa har smitta mennesker tidlegare. Det med friske overlevande er også eit punkt, overlevande kan være så svekka at dødeligheit av andre sjukdommar aukar etterpå. Så slik samfunnet er inretta i dag er det feil måte å gjere det på. Om ikkje rask desimering av populasjonen mennesker er målet for å "redde miljøet" på kloden.
  7. Gjør din fiende noe dumt, ikke forstyrr ham. Kinesisk ordtak har eg høyrt.
  8. Ja, Gripen er synleg tidlegare på radar enn F-35. På frekvensane til luft til luft misil kan det være snakk om at Gripen kan låsast på tre ganger så langt unna, sei 100km istadenfor 30km. Litt det same på radar i jagerfly avhengig av frekvens. På ein tidleg varsling radar kan forskjellen også være 60km, men med over 450km rekkevidde betyr det mindre. Over horisonten radarar har rekkevidde i størrelsesorden 3000km, om det detter til 1000km så fungerer dei stadig som tidleg varsling. Dei beste IR systema finner vel "Stealth" fly på lengre avstand en radar i jagerfly. F-35 har ein fordel, men den er ikkje så stor og den er størst til bruk når flyet blir brukt til formålet det var designa til. Joint Strike Fighter. Ikkje som avskjæringsjager.
  9. Sjekk på kva frekvensar og i kva retning relativt flya samanlikning av radarmålstyrken er gjort. F-35 har ein stor fordel på frekvensar luft til luft missiler bruker. Mot tidleg varsling radar i VHF eller UHF båndet er fordelen mindre, det er ein grunn til at Russland har videreutvikla VHF radarar. Ellers ha Australia ein vær-radar som plukka opp turbulensen etter fly. Omtrent som eit usynleg skip også etterlater seg eit kjølvatn der bølgemønsteret er endra. Trivia, ein av grunnane til at eit F-117 vart skutt ned over Jugoslavia var at piloten og andre trudde flyet var usynleg på radar. Dei hadde berre ikkje overbevist dei på luftvernbatteriet om det.
  10. Begynelsen på slutten på USA som stormakt? Trump’s moves to hollow out government could be difficult to undo | CNN Politics Vel kanskje punktet det ikkje er noko veg tilbake har kome. Det starta ikkje med Trump.
  11. Det kan bli i overkant spennande for resten av verda også. Ein av hypotesane om Covid som fekk liten publisitet var at flaggermus hadde smitta griser på grisegårder og viruset muterte etter som det spreidde seg blant griser i store besetninger. Før det hoppa over på røktarane. Og med USA ute av WHO og kutt i CDC og FDA så er risikoen at andre land ikkje får vite om det før viruset er ute av USA.
  12. Interessant, men stor risiko: USAs helsesjef vil la fugleinfluensaen herje fritt i fjørfeflokker USAs helse­minister vil la fugle­influensaen herje fritt blant høner. Helseminister i USA, Robert F. Kennedy Jr., foreslår kontroversielt tiltak mot fugle­influensa.
  13. Og det finnes ein omveg rundt det. Når dei er ute må militære ha med seg ein "sivilist" frå FBI, Homeland Security eller ein av dei andre føderale organisasjonane med politimyndigheit. Denne "sivilisten" er då den som står for arrestasjonen. Dei arresterte kan deretter plukkast opp og transporterast vekk av eit privat sikkerheitsfirma. Det stod noko i ei avis om at Eric Prince hadde kontakta presidentadministrasjonen for å presentere kva hans firma kan bidra med.
  14. Eller det berre er år med dårleg vedlikehald som fører til feil. Det har og vært tilfeller der transformatorstasjoner har vært skada etter å ha blitt skutt på. Nokre gonger målretta med ulik type motivasjon, andre gonger fordi skyttarar ignorerte å sjekke om dei hadde sikker bakgrunn.
  15. Det som har gjort USA rikt er at dei har trekt til seg talent, resurser og kapital frå resten av verda. Aliansebygging har gjort USA til ei stormakt. Stopper dette opp så klarer USA seg, men det blir eit stort land som andre store land. Får dei i tillegg dårleg politisk styre og ein dårleg fungerande administrasjon så kjem dei ikkje til å vere teknologisk leiande. Militært og økonomisk kan dei bli mindre enn både Kina og EU.
  16. Og det har vel heller ikkje alltid fungert mot "lavteknologiske" motstandarar heller så lenge dei har vært kompetente nok til å sjå svakheitene til fienden.
  17. "Networ centric" er eit av buzzorda frå miliære brosjyrer. Til lands, til vans og i luften med. Og då ikkje berre datalink mellom til dømes to fly, men eit nettverk mellom alle aktive einingar. Akkurat denne integrasjonen er det som har gjort vestlege styrkar "effektive" sjølv om dei har vært få i talet. Haken er at det ikkje er sikkert det fungerer mot kompetente motstandarar.
  18. Eit av salsargumenta for F-35 er vel datalinken og korleis denne integrer flya med AWACS, signaletteretning og alle andre våpen og støttefunksjoner i eit nettverk. Det aukar effektiviteten til flya og andre våpensystem, så lenge det fungerer. Og ja, kineserne har skjønt at det då lønner seg å gå etter AWACS og signaletteretningsfly.
  19. USA har ein stor kapasitet, ingen tvil om det. Poenget mitt var at Kina, og vel også Iran, har prioritert våpen for effektivt å forsvare eigne grenser. Ein av tinga dei har gjort er å utvikle våpen for å gjere det enkelte fly eller skip mindre effektivt. I lufta er det å lage våpen slik at AWACS, tankfly og signaletteretningsfly ikkje kan fly så nær og dermed ikkje gje så effektiv støtte til angripande jagerfly og bombefly. Tilsvarande mot sjømål, ballistiske sjømålmissil aukar risikoen for hangarskip å operere nær ein fiendtleg kyst. Og må hangarskipa halde seg lengre frå kysten må flyene fly lengre og det reduserer kapasiteten. Flytida aukar, kvart tokt tar lengre tid. Hangarskip er for å projisere makt og angripe land langt unna. Dei er lite effektive til å forsvare ein kyst, då kan flya heller være basert på land. Gjerne i fjellanlegg slik Kina har ein del av. Berre rullebanen er i dagen.
  20. Kina, Iran og Russland har merka seg at USA har jobba med å integrere og operere våpensystem i nettverk for å gjere dei meir effektive. Mange av våpena dei då har utvikla er då sikta på å øydelegge samhandlinga i nettverk til amerikanske våpen. Når det gjelder fly så har i alle fall Kina bygd opp kapasitet til å skyte ned AWACS, tankfly og signaletteretningsfly på lang avstand. I tilfelle krig og det fungerer må då amerikanske jagerfly i større grad fly utan radar og signalspaningskapasitet og begrensa rekkevidde/drivstoff. Dette mot fly som kankje ikkje er riktig så avanserte, men har radarstøtte og full tank. Det kan fort bli tap i luftkamp eller tomt for drivstoff og krasj på heimvegen.
  21. Kina? Kan sikkert levere det meste og kjem då i den økonomisk gunstige posisjonen at dei leverer til begge sider i krigen.
  22. Og ikkje med nokon av alternativa er Ukraina noko kandidat for EU medlemskap med det første.
  23. USAID, NOAA, FEMA og fleire. Det kjem til å bite tilbake. Ein ting er at spesielt Kina kan få meir innflytelse internasjonalt, internt gjer det USA meir sårbart for naturkatastrofer. Historisk har vel naturkatastrofer vært slutten på mange riker. Og ulikt der eit rike forsvinner på grunn av krig eller borgerkrig og noko nytt tar over så har det etter naturkatastrofer fleire gonger i historia ikkje kome noko nytt etterpå.
  24. USAID og andre departemang må gjenreisast? Presidentadministrasjonen kan gjere det etter påleggets bokstav, men ikkje intensjon. Etter å ha anka og trenert heile vegen gjennom rettsystemet. Resultatet blir at USAID og dei andre som vart lagt ned for alle praktiske formål er avvikla i den form dei eksisterte. Namnet blir værande, men ikkje funksjonen. Så nokre år fram finnes det kanskje eit lite USAID kontor leda av Trump lojalist som gjev penger til nokre få prosjekt presidentadministrasjonen meiner det gjev god pr å støtte. Eventuelt for å smøre utenlandske ledere i bytte mot handelsavtaler gunstige berre for USA.
  25. Eller som har blitt sagt nedlatande om F-35, dei er bygd for å bombe kameler. Det vil seie låg intensitet krig mot ein fiende med begrensa luftvern. Det vil seie ein fiende utan kapastitet til tidleg varsling, utan missiler som kan nå meir enn ti kilometer opp og ikkje areal stort nok til at flyet må fly ei stund i fiendtleg luftrom.
×
×
  • Opprett ny...