Gå til innhold

Gazer75

Medlemmer
  • Innlegg

    1 504
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Gazer75

  1. Det er tull. Vi er uavhengig av utlandet for å ha nok effekt eller produksjon enn så lenge. Ikkje siter kraftbransjen og etatar som får sin informasjon frå dei. Dei er kun ute etter å tene pengar på eksport av dyr straum. Statnett tenar grovt på utveksling med utlandet og vil jo difor ha fleire. Trur du at fordi vi utvekslar straum med utlandet så har vi ikkje nok her heime? Då har du misforstått heile systemet. Import av kraft frå utlandet har kun med pris å gjere. Når vi importerer så stoppar kraftverka som kan magasinere. Vi kunne ikkje hatt rundt 17GWh i året i netto eksport om vi ikkje hadde hatt nok effekt og produksjon her heime.
  2. Austlandet har alltid hatt underskot. I dag er dei og dei einaste som har dette. Men kapasiteten frå vest og sør inn til austlandet er god nok, og blir betre etter kvart som Statnett oppgraderer nettet. I dag er austlandet eit transittområde for straum der ein importerer masse frå Sverige, saman med flyt frå vest så går dette sørover for å dekke opp det som renn ut av kablane til utlandet. 5000MW er jo nær 50% av installert effekt frå vasskraft i sør. NVE baserer mykje av sine rapportar på ting dei får frå kraftbransjen. Statnett var jo ivrig på nye kablar sidan det var pengar å hente. Men dei kunne jo ikkje akkurat skrive dette så dei brukte andre argument. Eit underskot på effekt som vil føre til mørklegging for private skjer ikkje. Då vil alle som er knytta til på vilkår miste straumen først og så blir kraftkrevjande industri bedne om å redusere eller stoppe. Risiko for eit generelt underskot på kraft (ikkje effekt) er også mindre når det ikkje er så mange mogelegheiter til å sende kraft ut av landet. Då vil magasina også ha meir vatn lagra om det skulle bli turt ei stund. Krisa i 2010 ville nok ikkje vere like ille i dag pga store mengder vindkraft som dekkar ein del av forbruket og at magasin kraftverka då kan spare. Problemet på Nordmøre og i Trøndelag var også pga dårleg kapasitet i kraftnettet. Det er det ikkje i dag. Statnett selde dei to mobile gasskraftverka når dei fekk oppgradert nettet.
  3. Grunnen har vel vore forklart her inne før trur eg. Sidan dei ikkje lenger er med i EU eller EØS måtte det lagast ei eiga ordning for denne. Auksjonen på NSL skjer før resten så difor vil ikkje prisen vere lik.
  4. Ein fast pris ville også gjere det meir føreseieleg for produsentar. Slik det er no så må vindkraftverka selje på lange avtalar for å sikre seg. Trur nok at 30 øre er for lågt når ein ser på historikken samt inflasjon. Problemet er jo at ein for låg fast pris gjer det vanskeleg å få folk til å investere i sparetiltak. Vi skal uansett vere glad vi ikkje har britiske prisar. Det er taket på rundt 3,50 kr/kWh + 8,6 kr/dag for elektrisitet og gass er ca 80 øre/kWh + ca 4,5 kr/dag. Sjekka litt vilkårlege adresser med Octopus og ein elbil tariff. Då ligg ein fort på rundt 3,40 kr/kWh på dagtid og rundt 1 kr/kWh på natt (23:30-05:30).
  5. Kor mange kvadratkilometer med land trur du folk vil godta blir lagt under vatn? Kor mange elvar vil ein akseptere blir nær turrlagde for dette? Og til kva pris? Større kraftverk (effekt) med stort magasin er det ikkje så lett å byggje i dag. Vi har alt nær 1600 vatn/magasin til kraftproduksjon. Det som blir bygd ut i dag er elvekraft som hjelper lite når vi treng det mest på vinteren. Får håpe kraftselskapa finn det lønnsamt å oppgradere med pumping slik fleire ser på no. https://roldal-suldal.no/ Ved oppgradering til meir effekt i kombinasjon med pumping så kan ein nytte den variable krafta som vind og sol er.
  6. 5000 på ein månad er mykje når ein reknar eit snitt på 20-25k i året for heile landet. Det er vel rundt halve årsforbruket mitt.
  7. Heilt spinnvilt at ein går frå fleire kroner per kWh til nokre få øre på to dagar. Bevis på at systemet er sjukt.
  8. Samtidig så kvittar Statnett seg med sine. Den som sto i Sylling (Lier kommune) vart seld til Danmark og den som står i Frogner (Lillestrøm kommune) skal også fjernast ifbm fornying og ombygging der.
  9. Vi har enorme mengder holmar, skjer og grunner langs kysten. Men å bruke desse til å sette opp spreidde vindturbinar går vel ikkje.
  10. Meiner det har noko med Brexit å gjere. Står litt på denne nettsida: https://www.statnett.no/en/for-stakeholders-in-the-power-industry/news-for-the-power-industry/trial-operation-at-nsl-starts-on-1-october/
  11. Var nokon her inne som sa vi kunne ta det med ro sidan vi hadde overfylte magasin. 😛 Kor mange timar har straumstøtta slått inn så langt siste månaden? Fyllingsgrad ser ut til å ha lite å seie for prisen. Samtidig så aukar politikarane prisen for når ein får støtte kvart år. Då slepp dei vel å bli upopulære sidan dei ikkje kuttar den tvert av. Blir sakte pining over fleire år.
  12. https://umm.nordpoolgroup.com/#/messages/a7d33ed7-6f05-4bdd-b386-85554e2b6f54/7 https://umm.nordpoolgroup.com/#/messages/ba01e9d5-ad92-4939-9dde-26bdb6440b03/6
  13. https://data.nordpoolgroup.com/auction/n2ex/prices?deliveryDate=2024-11-23&currency=EUR&aggregation=DeliveryPeriod&deliveryAreas=NO2,UK
  14. Kommentaren din eg siterte deg på stemmer fortsatt ikkje. At dei tek utbytte samtidig som ein treng meir nett er forkasteleg. Det som er mest irriterande for min del er at vi betalar for straum vi aldri får før selskapa betalar utbytte. Tapet i nettet er dekka inn via nettleiga slik at produsenten får betalt for nær 100% av det dei leverer. Dette tapet burde nettselskapa sjølve dekke før dei får lov til å betale utbytte. Er ikkje 100% sluttkunde sin feil at nettet har tap. Litt har det jo å seie om ein bur langt uti ein dal i enden av ei linje og/eller langt unna næraste produksjon, men ikkje nok til at alle skal betale heile tapet. Kven som skal dekke kva får produsent og nettselskap verte einige om. Modellen for nettleige er alt for dårleg. Etter mi meining burde dette vere finansiert på linje med andre offentlege tenester, utan profitt. Virkar ikkje som politikarane forstår at når forbrukarane må bruke meir pengar på nettleige og straum, ja så blir det mindre til andre ting. Det første som ryk er restaurant besøk, kulturelle ting som kino, reiser osv. Dette vil jo gå ut over arbeidsplassar. Kan sikkert argumentere for at pengane går tilbake til fellesskapet her sidan nettselskapa er offentleg eigde. Så pengane går til å finansiere velferden osv.
  15. Det har nok også litt med den såkalla flytbaserte markedskoblinga også. Inntektstap mellom regionar er det aldri for Statnett. Mellom land så deler dei vel inntekta 50/50 uansett retning på flyten. Så dei får uansett betalt for differansen.
  16. Slik har det vore i over 20 år. Når straumprisen er låg så er nettleiga den største delen av rekninga. Er vel slik i 4-6 månader av året. Men så klart når nettleiga stig så vil denne perioden kunne bli større sidan straumprisen må opp endå meir. For min del er dagens kapasitetsledd lågare enn det fastleddet kosta før. Samtidig så har vel energileddet stege med rundt 30% siste åra.
  17. https://www.nve.no/reguleringsmyndigheten/regulering/nettvirksomhet/oekonomisk-regulering-av-nettselskap/
  18. Då blir det sikkert plenty med rekordar i neste veke når vinteren kjem. Spent på kva straumprisane vert når det blir kaldt og mange fyrer med straum. Må vel håpe på mykje vind og sol lenger sør.
  19. Gazer75

    Trafikalsk klagemur

    Då var tida for feil bruk av tåkelys i gang att. Fattar ikkje at det ikkje kan kome eit system som automatisk slår slike av når bilen køyrer over 30km/t. Kan få bot på 3900kr for feil bruk av lys som dette er. Ein anna uting er alle nye bilar med LED striper og anna "bling" i front. Det er unødvendig og gir berre meir motlys for motgåande trafikk.
  20. Burde jo ikkje få desse toppane då kanskje... Er 6 timar med prisar over 150 øre før støtte for NO1 og 2 i dag. Torer ikkje tenke på kva dette kan indikere for prisen vidare i vinter når temperaturen kryp godt nedover på minus.
  21. Det kan du trygt sei. Tysdag blir det 9 timar der straumstøtta slår inn for NO1 og NO2, og 6 timar i NO5. Er oppe i 107 øre kl 8 inkludert mva og støtte. Går sakte nedover fram mot kl 18-19 når prisen går under terskel for støtte.
  22. Flaskehalsen NO3-NO5 har nok med at Sogndal, som erstatta Fardal, kun har ein autotrafo på 1000MVA mellom 420kV og 300kV. Har sett over 800MW av og til på denne forbindelsen. Når ein får flytta linja til Aurland over på 420kV så forsvinn ein del av denne. Største gevinsten er at ein får ut meir kraft frå indre Sogn. Er meir enn 1200MW installert der inne. Har vore fleire mindre prosjekt som ikkje fekk lov å starte opp pga for like kapasitet. Berre sidan 2017 er det 18 nye kraftstasjonar under Sogndal trafostasjon. Ein gong ut på 2030 talet vil nok heile linja ut til Kollsnes i Øygarden også vere 420kV. Frå Steinsland (Modalen) og ut er den klar og mellom Refsdal (Vik i Sogn) og Modalen er det kunn forlenging av isolatorjonskjeder som trengs.
  23. Og slik går no dagane... https://www.nrk.no/urix/voldelige-bosettere-gjor-jobben-med-innhosting-av-oliven-pa-vestbredden-farlig-1.17106269
  24. SE2 kan neppe koplast rett til NO1 sidan det er for langt nord. Det må bli NO3, altså Trøndelag. Og linjene NO3->NO1 og NO3->NO5 har for lite kapasitet. Det må bli ei linje 2 til Nea og så ei ny linje frå Nea til Rendalen og så oppgradering av den gamle 300kV linja vidare mot Lillehammer. Og der kjem eit stor problem. Mykje av 300kV nettet rundt Mjøsa er gammalt og det må byggjast nytt. Statnett er i gang med arbeidet for å erstatte eldste av dei to på vestsida. Den vart bygd tidleg på 50-talet som 220kV og seinare oppgradert til 300kV. Første steg er Skyberg stasjon som skal erstatte Vardal ved Gjøvik. https://www.statnett.no/vare-prosjekter/region-ost/skyberg-transformatorstasjon/ Samtidig kan ein ikkje oppgradere Fåberg stasjon ved Lillehammer så der ser dei på ny plassering. https://www.statnett.no/vare-prosjekter/region-ost/faberg-ulven/ Heile NO3-NO1 biten er vel ikkje vurdert oppgradert til 420kV før etter 2040 meiner eg. Altså linja frå Sunndalsøra og nedover via Vågå, Øvre Vinstra og vidare mot Lillehammer området. Samnanger-Sauda kjem nok med tida. https://www.statnett.no/vare-prosjekter/region-vest/sogndal-sauda/blafalli-mauranger-samnanger/
  25. Usikker på om det har så stor effekt. Nettet Nord-Sør der borte er sprengt. Same gjeld linjer ut av NO1 til NO2. Det er vel snakk om å oppgradere den gamle 220kV linja mellom Nedre Røssåga og Grundfors. Gir liten meining å ha 400/220 transformering i begge endar. I Nedre Røssåga er og koplingsanlegget litt dårleg sett opp i dag. Dei går delvis via ei 220kV samleskinne for transformering mellom 400 og 300kV samt til 132kV. https://openinframap.org/#16.21/66.051067/13.781335 Dette er det planar om å fikse ved å utvide 400kV delen og få koplingar rett mellom 400 og 300+132kV. https://www.statnett.no/vare-prosjekter/region-nord/nedre-rossaga-transformatorstasjon/ Då blir det og endå meir tullete med ei 220kV linje mellom to 400/220kV transformatorar. Største endring for dette må skje på Svensk side sidan Ajaure og Gejmåns kraftstasjonar mellom grensa og Grundfors er kopla på denne linja.
×
×
  • Opprett ny...