Gå til innhold

Zeph

Medlemmer
  • Innlegg

    44 029
  • Ble med

  • Dager vunnet

    1

Innlegg skrevet av Zeph

  1. Eg har aldri eigd Leaf, men kjørt dei litt. Det er ein billeg og fornuftig bil som har vore viktig for Norge. Det er framleis den bestselgande elbilen i landet. Teknologisk er den havna langt bak nye bilar, men for mange bileigarar er det sikkert heilt kurant. Til daglege småturar er det ein grei bil.

    • Liker 2
  2. fredrik2 skrev (10 timer siden):

    Så väldigt mycket mat säljs i plast emballage men kampen går mot plastkorkar och handleposer i plast. Ingen av delarna som jag tror är något speciellt stort problem i Norge. 

    Dette er eit EU-direktiv, ikkje laga spesifikt for Norge. Det er kanskje eit større problem i andre land, men der er nok òg plast frå embalasje og poser eit større problem enn korkar.

  3. Eg føretrekk kork som ikkje heng fast, men om det bidreg til mindre plast i naturen så skal eg klare å dra av korkane. Å helle med kork på er eg ikkje så begeistra over.

    Det var eit oppslag i ei avis at dei planla tiltak for å redusere plast som innpakning av mat. Der er det store tal å hente. Det er ikkje mange prosent av mitt plastavfall som er noko anna enn innpakning av mat. Grønsaker pakka i plast, oppi ein plastbakke. Firstprice har ei finfin løysing på kjøttdeig som er pakka i mjukplast, i motsetnad til konkurrentane som har varierande grad av hardare plast.

  4. Du betalar renter på det beløpet du til ei kvar tid har igjen på lånet. Rentene du skal betale på eit lån på 2 millionar er akkurat det same i begge tilfella. Rentene på første avdrag er òg upåverka av type lån (serie eller annuitet) og varigheit på lånet.

    Over nedbetalingsperioden vil rentene endre seg avhengig av kor mykje som er igjen å betale ned.

    • Liker 1
  5. Du treng ikkje EK. Så lenge det til saman er nok så er banken happy. Om det er 50/50 eller 100/0 betyr ingenting.

    For all del, lag ein kontrakt. De har for så vidt rota det litt til med oppussing, tidsbruk osv., der du ikkje står igjen med noko, mens ho har fått ein bustad med høgare verdi, men om de kjem fram til noko som er rettferdig og begge er einige om så skal det gå bra.

    Her er ein mal: https://forsikringsportalen.no/wp-content/uploads/2017/10/forsikringsportalen.no_samboerkontrakt.pdf

    Før de kan fylle den ut må de finne ut av dette med bustaden. Skal du kjøpe deg inn må du betale ho direkte eller overta delar av lånet. De bør få nokre verdivurderingar for å finne ein circa riktig pris. Du vil aldri finne kva bustaden faktisk kunne blitt solgt for utan å legge den ut på marknaden, men det er litt styr. Då me gjorde det så fekk me verdivurdering av fire forskjellige meglarar og vart einige om ein pris som var rundt median av det meglarane tippa.

    Hadde eg vore i denne situasjonen så ville eg tenkt at innsatsen du har gjort har tilført ein betydeleg verdi og ved innkjøp ville det ikkje vore urimeleg med eit avslag.

    • Innsiktsfullt 1
  6. Salgspris blir styrt av kva marknaden er villig til å betale, så billegare batteri betyr ikkje nødvendigvis billegare bilar, men med priskonkurransen den siste tida så er det ikkje utenkeleg at det kan koma kjøparane til gode. Tesla demonstrerer godt kva pris betyr.

    • Liker 3
  7. Ja, det er eit fleirtal av menn/gutar. Det heng nok litt saman med at forumet opprinneleg for 20+ år sidan var Hardware.no, eit forum for å diskutere PC-relaterte emner.

    Etter kvart har det dukkar opp mange nye kategoriar og fleire kvinner/jenter, men det er framleis flest menn/gutar.

    Med unntak av KG, babyverden og liknande så vil eg tørre påstå at dei fleste, om ikkje alle, forum av denne typen har flest menn/gutar som brukarar.

    Om du leiter så finn du trådar om kvardagslege emner her òg, men det vil aldri bli KG.

    • Liker 3
  8. Simen1 skrev (6 timer siden):

    Jeg mener du regner litt feil. Bilen regenererer bortimot 90% inkludert tap i motor, DC-AC og batteri, så det er korrekt. Men du skal ikke trekke for rullemotstand, luftmotstand osv. Det mener jeg blir feil. At bilen bruker energi på å flytte seg er riktig, men dette bør deles opp i en "inntektside" og en "utgiftside".

    Poenget er at man får ca 3 kWh fra 500m nedstigning og deretter bruker 3 kWh til framdrift. Avhengig av bil og føre får man røffly 20 km fra 3 kWh. Hvis nedstigningen er 20 km lang så hverken tapper eller lader man batteriet på de 20 kilometerne. Man bruker bare den potensielle energien til den framdrifta.

    Energien kommer jo egentlig fra batteriet ved stigningen så det er jo ikke en måte å generere energi på, men bare en måte å slippe å kaste bort denne energien til å varme bremseskiver og motor. Hvor mye man sparer avhenger av mye, men skal jeg slenge ut et anslag for normal norsk kjøring så sier jeg 10% i snitt over tid.

    Så lenge det er snakk om potensiell energi så må vel alle tap tas med sidan delar av den potensielle energien går vekk til tap?

    Ep = m*g*h

    Eks.: Bil på 2000 kg, 500 m nedstigning (høgdemeter).

    Ep (i kWh) = 2000*9,81*500*2,78e-7 = 2,7 kWh.

    Kan du få tilbake 0,9*2,7 = 2,43 kWh?

    Kilometer er ikkje så interessant, eg tenker kun på energien lagra i og henta ut av batteripakken.

    • Liker 2
  9. Det høyrest for høgt ut om du meiner at 90% av den potensielle energi ender opp i batteriet. Noko av energien går vekk i tap for å få bilen framover, friksjon, luftmotstand osv. Så er det tap i dynamoen og inn på batteriet.

    3 kWh på eit 70 kWh-batteri hadde vore 4,3%.

  10. Trestein skrev (20 timer siden):

    Det går fint men man taper mye energi på dette. Er man 500m oppe er det ca 3kwh som går fløyten om du bremser med mekaniske bremser. På en kort tur gir dette kjempeforbruk 

    3 kWh regenerert eller potensiell energi på toppen? Om det er potensiell energi, kor mange prosent ender opp i batteriet?

  11. Manglar det informasjon om pris her?

    Ref. skotørkertesten så mangla Hedgehog blant dei som vart testa. Me har hatt ein Hedgehog i vinter og er veldig nøgd så langt. Det ligg ein del negative omtaler på nett pga. koblingar som ikkje heng fast, men produsenten seier det er utbetra og me har i alle fall ikkje hatt problem med det så langt.

    Dei kostar litt, men på tilbud, ev. med 20% DNB-rabatt på Power så er det ikkje så vondt. Varer den ein del år så synest eg den er verdt prisen samanlikna med dei andre alternativa.

×
×
  • Opprett ny...