Gå til innhold

Zeph

Medlemmer
  • Innlegg

    44 014
  • Ble med

  • Dager vunnet

    1

Innlegg skrevet av Zeph

  1. Fantomtegningen skrev (1 time siden):

    Siden den er tilnærmet "lik" en E-3008, så sies det at den skal starte rundt 2,000£ høyere.

    Var litt større forskjell mot EV9 enn eg tenkte. E-5008 er 25 cm lengre enn E-3008 om eg fann riktige tal.

    £2000 meir høyrtes litt lite ut. Eg ville tenkt at £2k var forskjellen på SUV og sedanutgåve av to bilar a lá MEB-bilane. Det vil vise seg når prisane kjem.

  2. Blir interessant å sjå prisen på E-5008. EV9 har dei berre solgt/registrert 111 eksemplar av så langt, men det er ein dyr bil. Dyr Kia. Om Peugeot kan prise seg lågare så er det nok mange som er interessert.

    • Liker 1
  3. Kva oppføringar kan ein flytte på for å nytte dette mest?

     

    Sitat

    Som ektefeller/meldepliktige samboere kan dere i utgangspunktet fritt fordele kapitalinntekter og kapitalutgifter mellom dere i skattemeldingen. De vanligste kapitalinntekter og -utgifter som dere kan fordele mellom dere er:

    • renteinntekter/-utgifter
    • aksjeutbytte
    • salgsgevinst/-tap

    https://www.skatteetaten.no/person/skatt/hjelp-til-riktig-skatt/familie-og-helse/fordele-inntekt-kostnader-og-formue/

    Sitat

    I hovedsak er det kapitalinntekter og kapitalkostnader, for eksempel renter, som ektefeller, registrerte partnere og meldepliktige samboere kan fordele fritt i tillegg til formuen og gjelden.

    Sitat

    Inntekter og kostnader knyttet til arbeid, pensjon og næringsvirksomhet kan ikke fordeles fritt, men skal føres i skattemeldingen til den ektefellen/meldepliktige samboeren som har utført arbeidet, er berettiget til pensjonen eller har utøvet næringsvirksomheten.

    Sitat

    Ektefeller har et felles maksimumsbeløp for fradrag. De kan fordele fradraget fritt mellom seg hvis de ikke ønsker fradrag med en halvpart på hver, men begge må da endre i sine skattemeldinger.

    https://www.skatteetaten.no/person/skatt/hjelp-til-riktig-skatt/familie-og-helse/barn/foreldrefradrag/

    • Renterutgifter på gjeld
    • Renterinntekter på bankinnskot
    • Aksjeutbytte
    • Formuesskatt
    • Foreldrefrådrag
    • Salgsgevinst
    • Salgstap
    • …?

    Det er lista opp ganske mykje du kan fordele fritt. Det hadde vore interessant å testa å flytte alt ein kan og sjå kva det blir av det. Du må sjølvsagt ha midlar til å kunne betale restskatten i tide sidan den som får all skatten til gode ikkje får pengane før 31. mai.

    Me har ikkje gjeldsrenter, men på dei fleste andre punktene er det litt å flytte på.

  4. Syar-2003 skrev (10 timer siden):

    New Audi Q6 e-Tron er i følge carwow «crazy»
     :hmm:

    Fordi den har fancy lys ser det ut som. Enkelte bilar i dag minnar stadig meir om PC-kabinett fullt av lys.

    • Liker 3
  5. Som gift kan du fordele formue som du vil. Skal tru om dette kunne fungert der òg. Om eit par betalar formuesskatt kan heile summen leggast på ein person som får pengar til gode og den andre restskatt som blir betalt innan 31. mai.

    Ut frå teksten til Skatteetaten så ser eg ikkje kvifor dette ikkje er lov:

    Sitat

    I hovedsak er det kapitalinntekter og kapitalkostnader, for eksempel renter, som ektefeller, registrerte partnere og meldepliktige samboere kan fordele fritt i tillegg til formuen og gjelden. Andre samboere som er ikke-meldepliktige fastsettes hver for seg for inntekter og formue, og kan ikke fordele inntekter og fradrag som beskrevet her.

    Fordelingen vil normalt ikke påvirke den samlede skatten for paret, men den har betydning for hvem av dem som skal skattlegges for formuen og inntekten eller få fradrag for kostnaden.

    På skattemeldinga står samla formue for begge, så eg veit ikkje om dei tar utgangspunkt i den samla totalen for begge eller om du hadde fått renter på tilgodebeløp med det trikset.

  6. uname -i skrev (30 minutter siden):

    Det er da nok av eksempler på at Teslas 12V-batteri svikter. For eksempel i en kræsj hvor de stupide elektriske dørene slutter å virke og man har glemt den kompliserte prosedyren på side 748 i manualen om hvordan man får åpnet dørene mekanisk.

    Ikke så moro når flammene slikker rundt deg.

    Sånt er det greit å ha satt seg inn i før du kjører bilen. Framdørene har ein manuell utløysar på døra, men på bakdørene er det litt fleire operasjonar som må til. Ikkje alle modellane har manuell utløysing heller. Mogleg eldre modellar har ei meir innvikla prosedyre.

    Om bilen står i brann eller går under vatn så vil du ha problem med å få opp bakdørene i tilfelle straumbrot.

    Dette er ei potensiell problemstilling for alle bilar med elektriske håndtak. Korleis løyser ulike merker det?

    Dette er kanskje noko NCAP-testane kunne ofra ein tanke.

    • Liker 1
    • Innsiktsfullt 1
  7. Eg har aldri eigd Leaf, men kjørt dei litt. Det er ein billeg og fornuftig bil som har vore viktig for Norge. Det er framleis den bestselgande elbilen i landet. Teknologisk er den havna langt bak nye bilar, men for mange bileigarar er det sikkert heilt kurant. Til daglege småturar er det ein grei bil.

    • Liker 2
  8. fredrik2 skrev (10 timer siden):

    Så väldigt mycket mat säljs i plast emballage men kampen går mot plastkorkar och handleposer i plast. Ingen av delarna som jag tror är något speciellt stort problem i Norge. 

    Dette er eit EU-direktiv, ikkje laga spesifikt for Norge. Det er kanskje eit større problem i andre land, men der er nok òg plast frå embalasje og poser eit større problem enn korkar.

  9. Eg føretrekk kork som ikkje heng fast, men om det bidreg til mindre plast i naturen så skal eg klare å dra av korkane. Å helle med kork på er eg ikkje så begeistra over.

    Det var eit oppslag i ei avis at dei planla tiltak for å redusere plast som innpakning av mat. Der er det store tal å hente. Det er ikkje mange prosent av mitt plastavfall som er noko anna enn innpakning av mat. Grønsaker pakka i plast, oppi ein plastbakke. Firstprice har ei finfin løysing på kjøttdeig som er pakka i mjukplast, i motsetnad til konkurrentane som har varierande grad av hardare plast.

  10. Du betalar renter på det beløpet du til ei kvar tid har igjen på lånet. Rentene du skal betale på eit lån på 2 millionar er akkurat det same i begge tilfella. Rentene på første avdrag er òg upåverka av type lån (serie eller annuitet) og varigheit på lånet.

    Over nedbetalingsperioden vil rentene endre seg avhengig av kor mykje som er igjen å betale ned.

    • Liker 1
  11. Du treng ikkje EK. Så lenge det til saman er nok så er banken happy. Om det er 50/50 eller 100/0 betyr ingenting.

    For all del, lag ein kontrakt. De har for så vidt rota det litt til med oppussing, tidsbruk osv., der du ikkje står igjen med noko, mens ho har fått ein bustad med høgare verdi, men om de kjem fram til noko som er rettferdig og begge er einige om så skal det gå bra.

    Her er ein mal: https://forsikringsportalen.no/wp-content/uploads/2017/10/forsikringsportalen.no_samboerkontrakt.pdf

    Før de kan fylle den ut må de finne ut av dette med bustaden. Skal du kjøpe deg inn må du betale ho direkte eller overta delar av lånet. De bør få nokre verdivurderingar for å finne ein circa riktig pris. Du vil aldri finne kva bustaden faktisk kunne blitt solgt for utan å legge den ut på marknaden, men det er litt styr. Då me gjorde det så fekk me verdivurdering av fire forskjellige meglarar og vart einige om ein pris som var rundt median av det meglarane tippa.

    Hadde eg vore i denne situasjonen så ville eg tenkt at innsatsen du har gjort har tilført ein betydeleg verdi og ved innkjøp ville det ikkje vore urimeleg med eit avslag.

    • Innsiktsfullt 1
  12. Salgspris blir styrt av kva marknaden er villig til å betale, så billegare batteri betyr ikkje nødvendigvis billegare bilar, men med priskonkurransen den siste tida så er det ikkje utenkeleg at det kan koma kjøparane til gode. Tesla demonstrerer godt kva pris betyr.

    • Liker 3
×
×
  • Opprett ny...