Gå til innhold

Zeph

Medlemmer
  • Innlegg

    44 014
  • Ble med

  • Dager vunnet

    1

Innlegg skrevet av Zeph

  1. Hadde sitatet vore feil om du tolka det feil som TS? Breivik hadde òg eit ynskje om ei betre verd, men metodane var sjølvsagt ekstreme og i strid med det dei aller fleste på koloden meiner skal til for å få ei betre verd. Hitler hadde sikkert òg eit ynskje om ei betre verd. Så lenge ein ikkje sympatiserer med den type handlingar så må det vere greit å poengtere kva dei tenkte.

  2. Zepticon skrev (2 timer siden):

    Det må du gjerne tro. Regner emd du også tror at bankene som gir oss disse kortene gjør det av det gode i hejrtene deres, og ikke hard kapitalistisk profitt.

    Kven har sagt dei trur det? Så lenge du ikkje betalar renter så er det ein god deal. Bankane tilbyr det fordi nok kundar betalar nok renter til at det blir profitt, men det betyr ikkje at alle kundane betalar renter.

    • Liker 1
  3. sedsberg skrev (6 timer siden):

    Ikke koble jord til utstyr som er dobbeltisolert. Da forsvinner noe av poenget.

    Kva meiner du med det?

    Dobbeltisolert er eit tryggleikstiltak som gjer at utstyret ikkje treng å jordast, men korleis meiner du poenget med eit tryggleikstiltak forsvinn av å legge til eit ekstra?

    Når noko er dobbeltisolert har det eit ekstra lag isolasjon som skal hindre jordfeil eller kortslutning ved skade på utstyret, men du kan framleis skade det nok til at ein feil oppstår. Er den då jorda i tillegg så blir anlegget sikrare. Dobbeltisolert utstyr har stort sett ikkje jordtilkopling, så det er sjeldan eit problem, men det blir laga mange slags lampar der ute, ikkje alt er CE-merka, og unntak finnes nok. Det finnes òg dobbeltisolerte lampar med jordtilkopling der jordinga er for braketten, ikkje sjølve armaturet.

    • Liker 2
  4. Gjest 57cc4...f67 skrev (12 minutter siden):

    Vi har maks 7500kr stående på kontoen som debetkortet går på, resten av pengene er enten på sparekonto med 4,5% rente, eller investert i indeksfond. De gangene det står mere på kontoen med debetkortet er når vi skal f.eks. betale 25.000kr for en bil reparasjon, da overfører vi fra sparekonto for å dekke det.

    Anonymous poster hash: 57cc4...f67

    Overfører de manuelt kvar månad etter behov eller er det faste overføringar? Å ha buffermidlar på brukskonto er sjølvsagt ikkje smart, men frå månad til månad, der det meste går automatisk, kvar er det noko å hente?

    Dei fleste utgiftene våre har trekkdato den første veka etter løna kjem, og der forsvinn brorparten av utgiftene. Det som ev. blir til overs om det fyller seg opp blir flytta på andre kontoer.

    • Liker 2
  5. BadCat skrev (På 2.5.2024 den 1:59 PM):

    Debet er for dyrt, ikke bare taper man bonuser og forsikringer, man må betale gebyrer. Renter går tapt ved at man kunne hatt 4,55%-5% i rente i stedet for brukskonto med 0,0% rente. 100k, som man gjerne må ha til disposisjon blir 5k i året bare i rentetap. Tap i alle retninger.

    Det nytter ikke å skylde på kortet hvis man er en som bruker mer enn man har.

    Det er flere år siden jeg droppet mitt siste debetkort. Jeg kommer ikke tilbake.

    Må du ha 100k på brukskonto til ei kvar tid for å bruke debetkort? For å få 5k med 5% rente (som du må skatte av) så må det stå 100k der kvar einaste dag heile året. Dei fleste får løn og brukar av den fram til neste løn. Mykje utgifter går på Avtalegiro og eFaktura. Me har Trumf til daglegvarer og kjøper ikkje så veldig mykje anna, så eg kom fram til at det ikkje vart så mange kroner av å bruke meir og fleire kredittkort.

    Med eit forbruk på 10k i månaden til daglegvarer kan ein få 325 kroner etter skatt ved å ha dei på konto med 5% rente.

    Til tråden:

    Eg brukte Ikano for nokre år sidan, gjekk tilbake til debet, men har no Trumf Visa sidan me stort sett handlar det meste på Kiwi. Veldig greit å kunne bruke bonusen fortløpande. Kan ikkje seie at me brukar meir eller mindre med kredittkort. Alt må betalast til slutt uansett, så om de har høgare forbruk (på kva?) med kredittkort så er de kanskje ikkje typen til det.

    • Liker 2
    • Innsiktsfullt 1
  6. Det er så store individuelle forskjellar på forbruk der ute at det er vanskeleg å generalisere.

    • Ein bil, to bilar, ingen bilar
    • Born eller ei
    • Skattenivå i kommunen
    • Kommunale avgifter
    • Fritidsaktiviteter
    • Matvaner
    • Alkohol og tobakk
    • Alder på bustad
    • Straumutgifter

    Forskjellane kan utgjere tusenvis. Difor er det så viktig at alle har kontroll på sin eigen økonomi og tilpassar investeringane til den.

    Systemet fekk seg ein god prøve frå hausten 2021 til 2023, der styringsrenta steig med 4,5 prosentpoeng. Eit halvt poeng under 5%, som var den renteauka bankane skulle stressteste kundane med på det tidspunktet.

    • Liker 1
  7. dølledøck skrev (1 time siden):

    folk som har holdninger som 'orker ikkje' er problemet. det er derfor vi har spill til 900kr på psn.  hvis interessen ikke er der og man 'orker ikkje' så kan man bare slutte med spill hobbyen og finne seg en annen hobby hvor man orker å engasjere seg. vi er nå inne i en tid der vi holder på å miste eierskap og kunde rettigheter. så det går ikke lengre å ikke engasjere seg. kjøp av fysisk media er et must. hvis du ikke finner spill på elkjøp så er det plenty av online sjapper som selger fysiske spill.

    https://www.doesitplay.org/

    https://www.stopkillinggames.com/

    Eg har ikkje noko problem med å ev. miste tilgangen på spel i framtida. Det er så sjeldan eg har interesse for å spele dei igjen uansett. Det finnes eksempel på at folk har mista spel, men det er ganske sjeldan. Eg er ikkje spesielt bekymra.

    Å slutte med spel fordi du ikkje likar digitale spel er ikkje aktuelt.

    I framtida endrar kanskje bransjen seg til at du leiger spel og betalar per dag eller månad i staden for å kjøpe, som musikk-, film- og TV-bransjen har gjort.

    Eg meiner digitale spel er framtida uansett.

  8. Eg seier ikkje at det ville gått i dykkar tilfelle med så lite informasjon om økonomien, men eg har sett nok av Luksusfellen til å ikkje avfeie det fullstendig. Uansett er det du og din familie det handlar om, så dine vurderingar er det einaste som betyr noko. Går det ikkje så går det ikkje. 

    Treff de ganske greit på skattemeldinga eller blir det større summar i restskatt eller til gode? Med høgde renteutgifter og kostnader til barnehage så blir det ein del tusen i rentefrådrag, men det skal i utgangspunktet allereie vere tatt høgde for og vise igjen i inntekta. På ei renteauke på 10 000 i månaden vil de få tilbake 2200 i frådrag.

    • Liker 1
  9. Banken har først og fremst sine eigne inntekter som prioritering. Om de ikkje klarar å betale lånet og dei må tvangsselge huset så er det eit størst problem for deg. Banken har sikring på verdiane sine og vil få dei tilbake.

    Hadde de gått gjennom økonomien og redusert der de kan så kan det hende 3% auke ville gått. Det betyr kanskje å kutte på underhaldningstenester, kjøpe billegare mat osv. I dagens økonomi er kanskje ikkje banken like bekymra for at renta skal gå opp. Forventningen er heller at den vil halde seg på dagens nivå eller gå ned, utan at det er noko garanti.

    Uansett høyrest det fornuftig ut å selge. Eg forstår at pengane forsvinn ut, men de bør absolutt prioritere å bygge opp ein buffer.

  10. Mangel på kompetanse trur eg er ein viktig faktor. Mest økonomisk, men òg digitalt. Mange satsar på at automatikken har orden på alt, sjølv om dei potensielt kan gå glipp av mykje pengar.

    Årets utgåve er ei stor forbetring og det er blitt langt enklare for dei med lite kunnskap å prøve seg fram, men for å legge til eller endre bør du framleis ha ei viss peiling på kva det er snakk om.

    • Liker 1
  11. trn100 skrev (8 timer siden):

    Men det er allikevel noe med denne "levetidsberegningen" som en liten periode var litt vanskelig å takle. Ved å ta ut alt på en gang sier man jo egentlig at man ikke tror man ikke kommer til å leve så lenge?

    Det som fikk meg til å tippe over å ta avgjørelsen var en kollega som sa at når avgjørelsen først er tatt kan man i alle fall spare en haug med penger på å IKKE fornye medlemskapet i SATS! 😉

    Å ta ut alt betyr ikkje at du må bruke alt. Delar kan du plassere på høgrentekonto.

    • Liker 2
  12. All den tid du har både lån og midlar i fond samtidig så er vel effekten den same? Du kunne tatt ut av fondet og betalt ned på lånet når som helst, men ventar høgare avkastning på fondet enn rentekostnaden på lånet.

    Eg har aldri hatt avdragsfriheit, men prioriterte i mange år å kjøpe meir i fond over å betale ned lån. Mot slutten av tida me eigde bustad betalte eg det ned for å redusere utgifter ifm. 50%-stilling. No leiger me, men om me skulle kjøpt noko i dag ville eg nok hatt delar av det som lån for å ha meir i fond, sjølv om me kunne kjøpt det kontant.

  13. robertaas skrev (9 timer siden):

    Hvordan klarer folk holde ut med støynivået i Model Y?

    I utgangspunktet hadde Model 3 litt lavere støy, men fikk oppdatert design som kom i år som ga enda mindre støy. Tesla har varslet at oppdatert design for Y ikke kommer i 2024.

    Så hvordan klarer folk å holde ut med Y? Hodetelefoner med støydemping når de kjører?

    På langtur kjører eg ofte med øyreproppar med aktiv støydemping, som fjernar det meste av støy. Rumlelyden er nok mykje lik støyen på fly, der proppane er veldig effektive. Dette er 23-modell med 19” Hankook.

  14. Utan å vite meir om økonomien eller detaljar på summane så er det vanskeleg å uttale meg særleg spesifikt. Etter å ha lese heile tråden forstår eg framleis ikkje heilt kva som skjer.

    Sitat

    Tingen er at hun ønsker at jeg betaler inn på hennes sparekontoer som normalt.

    Kva betyr dette? Sparekontoer i fleirtal? Til kva formål? Kva er normalt?

    Pdd. vil ho få kontantstønad for kvar månad ho er heime med eit born mellom 1-2 år som ikkje har barnehageplass, inntil 11 månader. Det ligg inn eit forslag om å justere dette ned til bornet er 19 månader i staden for to år, som betyr maks sju månader stønad. 7500 kroner i månaden er ein god slump pengar som kjem godt med i ein sånn situasjon.

    Økonomi er ein veldig viktig del av eit forhold, så her må de ha god kommunikasjon og få alt avklart for å unngå problem på sikt. Eg synest ikkje det er urimeleg at ein part i eit forhold betalar den andre part når den første går heime med born. Eg har sjølv vore både heime med born og den som har betalt, men summane og detaljane er viktig.

    Personleg synest eg det er for kort permisjonstid i Norge og forstår godt at mange tar ulønna permisjon. Me har gjort det med begge våre.

    Om de planlegg neste graviditet relativt tett på den første så ser eg at det kan bli utfordrande, men utbetalt foreldrepengar er grunnlag som gjev rett til foreldrepengar for neste svangerskap. Det er kanskje mogleg å trikse det til ved å flytte på tidspunkt for uttak så det blir ein del av grunnlaget for neste runde. Då må gjerne neste svangerskap gå som planlagt, som ikkje alltid er tilfelle.

    Om de ikkje har det allereie så bør ein sambuarkontrakt på plass.

    • Liker 1
    • Innsiktsfullt 2
×
×
  • Opprett ny...