Gå til innhold

Zeph

Medlemmer
  • Innlegg

    44 033
  • Ble med

  • Dager vunnet

    1

Innlegg skrevet av Zeph

  1. Stål- og jernpanner kan det òg vere uheldig å steike sauser i over lengre tid. Eg brukar ofte steikepanna eller ei sautépanne i rustfritt (tunge med tjukk botn) til å steike både proteiner og grønt, for deretter å tilsetje ingredienser for ein saus. Med ei stålpanne ville eg først steikt i den og så flytta ting over i ei gryte eller panne som passar betre til resten.

  2. Eg har prøvd karbonstål, men vart aldri heilt nøgd med den. Det vart ofte eit lag olje eller feitt som hang igjen og var vanskeleg å bli kvitt, mest på sidene som vart mindre berørt av maten.

    No har eg rustfritt stål og synest den fungerer veldig bra. Enkel å gjere rein og kan gå i oppvaskmaskina.

    Har i tillegg teflon til egg, fisk, ost og liknande.

  3. Om du handlar mest hos Norgesgruppen er Trumf-kort kurant med 2% på alt, samt litt betre bonus på trippel-Trumf-dagar. Har du plass til å oppbevare ting så kan du handle ganske mykje på trippel-Trumf-dagen som er ein gang i månaden og få 4% bonus. Då blir det litt kroner av det.

    Me handlar mest på Kiwi, så eg tenkte å prøve det.

  4. Eg er blitt meir betenkt over Tesla etter at eg kjøpte TMY. Hadde eg vore på leiting etter bil i dag, eit halvt år seinare, så er det ikkje sikkert det hadde blitt Tesla. Delvis pga. det Simen nemner, delvis pga. historiane om dei som blir saksøkt av Tesla.

    • Liker 3
    • Hjerte 1
  5. Eg har hatt eit 10-års abonnement på Premium hos Lastpass som akkurat gjekk ut, og vurderer eg å skifte til ein anna tilbyder.

    Er det ein spesiell tilbyder de føretrekk? Eg brukar stort sett FireFox på iPhone og Chrome på PC. Må kunne vere innlogga på minst 2-3 einingar samtidig pga. telefon og fleire PC-er i bruk. Betyr ikkje så mykje om det er gratis eller kostar eit par hundre i året. Tryggleik og funksjonalitet er førsteprioritet.

  6. Phantom Software skrev (1 time siden):

    Leste du i det hele tatt åpnongsposten min? Jeg klager på banksystemet og hvordan staten + bankene håndterer og regulerer renteøkningene, og tar med DNB som eksempel siden det var et resultat og artikkel om akkurat de.

    Ja, men dei fleste innlegga etter førstepost fokuserte på DNB. Det er alltid DNB som er den store, stygge ulven, sjølv om det neppe er store forskjellane på bankane.

  7. Sitat

    Storbanken Nordea hadde et overskudd i 2023 som tilsvarte over 50 milliarder kroner.

    Det er klart etter at selskapet mandag la fram tall for fjerde kvartal. Nettoresultatet for hele 2023 ble på 4934 millioner euro, tilsvarende over 50 milliarder kroner. Det er en økning på 18 prosent sammenlignet med 2022.

    Økende renteinntekter bidro til overskuddet. Banken hadde renteinntekter på rundt 84 milliarder norske kroner og rentekostnader på 60 milliarder kroner. Selskapets styre har foreslått et utbytte på 0,92 euro per aksje, mot 0,8 euro i 2022.

    https://www.abcnyheter.no/nyheter/norge/2024/02/05/195980325/over-50-milliarder-i-overskudd-for-nordea

  8. Det blir spådd kollaps heile tida. Ein dag skjer det, men dei fleste dagane skjer det ikkje.

    Teknologi er så mangt, mykje meir enn kunstig intelligens. Teknologien er grunnlaget for den enorme utviklinga verda har sett det siste århundret, og det er ingen grunn til å tru at teknologi ikkje blir like viktig framover.

    Det betyr ikkje at ein teknologitung indeks vil gjere det best, men globale indekser har òg mykje teknologi.

    Om du har undersøkt forskjellane og har trua på teknologi-indeks så kjøp for all del det. Er du ute etter ein litt tryggare måte å investere på, men som samtidig er venta å ha grei avkastning på lang sikt så er ein global indeks å anbefale.

    Fasiten får du den dagen pengane skal ut igjen.

    • Liker 1
  9. Nødbrems som kun hadde fungert med CC aktiv ville vore dårlege greier. Den er heldigvis alltid aktiv. Eg har opplevd det oftast når eg prøvde å rygge på nokre høge gras-strå, samt eitt tilfelle i ein stillegåande kø der eg ikkje fulgte med og fekk med meg at bilen framfor hadde stoppa.

    Har du opplevd ein nødbrems så veit du det.

    • Liker 3
  10. Eg har aldri kjørt buss, verken diesel eller elektrisk, men eg har vore passasjer i Oslo ganske mange ganger og sjåførane er ivrige på gasspedalen. Kombinert med glatt føre og elbuss så kan det gå dårleg. Spesielt med leddbuss som har drift på den bakre delen.

    Det kan godt vere elbussane kunne vore konfigurer annleis eller hatt ein vintermodus der pedalen gav mindre pådrag i starten, men dette driv dei vel og prøver å finne ut av.

    Poenget er at det neppe er det at bussane er elektriske som er problemet og at dei burde klare seg fint på glatt føre med riktig kjøring. Det skjer for øvrig at dieselbussar får problem når det er glatt òg. Enkelte føre er det rett og slett ikkje mogleg å kjøre på, spesielt ein leddbuss.

    • Liker 2
  11. Wall Dorf skrev (8 minutter siden):

    Vel, er ingen ekspert på området, men trår en for hardt på pedalen så skyter bilen fart, og en elbil vil akselerere mye fortere ut av et lyskryss enn en fossilbil, nettopp fordi kraftoverføringen på en fossilbil ikke skjer helt direkte, som fra et stort batteri. Årsaken er ikke kun momentet, men overføring av kraften. På en fossilbil må først drivstoffet antennes før kraften kan overføres til girkassen og så til hjulene. En elbil har vel ingen girkasse?

    Du har stort sett høgare akselerasjon med elbil, men det finnes mange elbilar med 0-100 tider i 6-10 sekund sjiktet og drivstoffbilar under 6 sekund. Tråkker du pedalen for hardt så fungerer ikkje det på glatt føre uansett kva bil du har.

    Teknologien og responsen i ein elbil gjer den betre eigna på glatt føre enn drivstoffbilar.

    Om du kjører ein elbil som ein drivstoffbil kan det gå dårleg, men det er det heller ingen som anbefalar deg å gjere.

    • Liker 1
  12. ozone skrev (8 timer siden):

    Det har du selvsagt helt rett i, og jeg er også enig.
    Men poenget mitt, som kanskje ikke kom så godt fram, var jo at den eneste gjenstanden politiet kan gi bot for å fikle med under kjøring er mobiltelefon!
    Alle andre gjenstander er lov! Matpakken, kaffekoppen, skjermen i bilen, knapper i bilen, OL-pin samlingen din, et rent kamera, osv, så lenge det ikke går ut over kjøringen

    Skjer der et uhell, eller ulykke; da kan politiet ta deg for å beundre OL-pin samlingen din mens du kjørte, men ikke før...

    For selv om man skulle være like flink å betjene mobilen under kjøring som alle disse andre, så får man ti tusen i bot om man blir sett holde den i hånden! Men ikke for noen andre ting man fikler med!
    Litt urettferdig med tanke på de svære skjermene bilene nå har, men forståelig når man ser hvor mye folk sitter med trynet ned i mobilen i trafikken.

    Så påstanden din er at så lenge det ikkje skjer ei ulykke kan du drive med akkurat kva du vil i bilen så lenge det ikkje er ein mobiltelefon?

    Sjå film på ein laptop, lese bok, barbere seg, sminke seg, skifte klesplagg osv?

  13. 3 millionar, 25 år, 5,5% rente, 50 kroner i gebyr.

    Første månad er det 4675,- kroner i avdrag, og så stig beløpet med 23 kroner per månad. Rentene er 13.757,- kroner første månad og synk i snitt med 23 kroner per månad.

    Dei som har litt til overs kvar månad kan med fordel betale ned ekstra på lånet.

×
×
  • Opprett ny...