Sjølvsagt treng dei begge deler. Det kostar å betale ut pensjonar, drifte sjukehus, skular, betale løn til offentleg tilsette, reparere infrastruktur osv. midt i ein krig der mange har forlate jobbane sine for å kjempe for landet sitt, der det er vanskeleg å drive næring og der kol, drivstoff eller straum må kjøpast i staden for at Ukraina kunne produsere dette sjølv. I tillegg treng dei pengar til å byggje opp eigen våpenindustri, slik at dei kan bli mindre avhengig av velvilje frå tafatte vestlege politikarar eller kva veg vinden bles i Washington D.C.