Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    9 089
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Interessant bildeval av Nrk. Prigosjin som poserer på ein Wagner-krigsgravplass enda sjølv opp på ein gravplass.
  2. Er det mange amerikanarar som støttar Russland?
  3. Dersom Russland manglar soldatar, kvifor trekkjer dei ikkje også ut styrkane som står i Georgia og Transnistria?
  4. Ein såg vel også ved 9. mai-markeringa at dei ikkje hadde så mykje utstyr å vise fram.
  5. Det er dette eg er redd for. Ein har sett at Russland fekk god tid til å grave seg ned medan Vesten nølte med å gje Ukraina den hjelpa dei trengde. Det neste blir vel at Russland girar opp produksjonen av våpen og ammunisjon medan Vesten nok ein gong ikkje følgjer med i timen. Då vil Russland kunne ta Ukraina på sikt.
  6. Nrk melde i dagsnytt no klokka 8 at Zelenskyj ber om støtte frå EU og USA dersom dei skal halde val i krigstid. Eg trur det var USA som ville demonstrere skilnaden frå autokratiske Russland ved at Ukraina held val sjølv om dei står midt oppe i ein krig. Eg finn ikkje nokon artikkel om dette hos nrk. Dette meiner eg er ein dårleg idé av fleire årsaker. Når ein har sett eksempel på tilfeldig(?) mobilisering blir det ikkje akkurat enklare å halde eit val der mange er flyktningar i eige- eller andre land, område er okkuperte av Russland, område langs fronten er ubebuelege og skiftar side frå dag til dag. For ikkje å snakke om at valkontor og folkemengder vil vere opplagte mål for eit Russland som har sivile som angrepsmål, og som fører total krig mot Ukraina. Nei, gje heller Ukraina all den hjelp dei kan få for å vinne krigen så raskt som mogeleg, så kan ein halde val når krigen er over. USA har aldri opplevd krig i sitt eige land sidan den amerikanske borgarkrigen, og veit ikkje kva ein ekte krig i sitt eige land er for noko.
  7. Det spelar absolutt ei rolle. Ein får inntrykk av at mobiliseringa er tilfeldig i staden for at ein følgjer ein plan.
  8. No må ein også ta i betraktning at USA er det landet som har sendt desidert mest hjelp til Ukraina.
  9. Det var mange som dreiv motstand i det skjulte, men samstundes jatta folk med for at dei ikkje skulle hamne i problem sjølv. Eit godt eksempel (og ein skamplett i norsk historie) er deporteringa av dei norske jødane, denne vart gjennomført av norske politifolk. Tenk om alle desse hadde nekta å utføre ordre, då kunne kanskje dei norske jødane ha vore berga.
  10. Iranarane greidde heller ikkje å kaste regimet. Det har heller ikkje kviterussarane greidd. Og det finst mange andre eksempel.
  11. Serbia vil vel hevde at det var brot på internasjonal lov og territoriell integritet då dei mista Kosovo. Då blir også den einaste logiske slutninga at Krim og dei andre okkuperte områda tilhøyrer Ukraina. Sidan Serbia tradisjonelt har vore ein nær alliert av Russland og var i krig med NATO er ikkje det å støtte Ukraina i krigen mot Russland noko som er sjølvsagt. Så dette er gode nyheiter.
  12. Men no er det tilbake.
  13. Og likevel hadde eg stemt på Høgre dersom det hadde vore stortingsval. Dette fordi eg er lei av Senterpartiet, som vil kaste vekk enno meir pengar på å reversere alt mogeleg som den forrige regjeringa fekk gjennomslag for, sjølv om det er mot innbyggjarane sin vilje eller mot politiet sine faglege råd. Og dette skjer i ei tid med krig og vanskelege økonomiske tider, og der ein må ty til grunnrenteskatt og ekstraordinære skattar som blir innført over natta utan noko varsel midt i eit kalenderår for å få budsjetta til å gå ihop. Men no var altså dette eit lokalval.
  14. Resultatet vart meir eigedomsskatt, dyrare og dårlegare kommunale tenester, nedlegging av skular og barnehagar samt millionløn til ordførarar og kommunetoppar. Alt for at Staten skal spare nokre kroner i kommunale overføringar.
  15. Slik tenkjer vel kanskje også russarane når det gjeld ukrainsk korneksport.
  16. Kan det bety at dei norske F16-flya som skal seljast til Romania kan ende opp i Ukraina likevel?
  17. https://www.nrk.no/osloogviken/redd-barna-vil-ikke-ta-imot-penger-fra-kongsberg-gruppen-1.16529369 Då bør vel både Kongsberg-gruppa og alle oss andre heller gje pengar til Ukraina enn til tv-aksjonen i år.
  18. Realisme er viktig for å ikkje overvurdere Ukraina og/eller å undervurdere Russland. Begge deler kan føre til at det blir gitt for lite støtte, at støtta blir gitt for seint og/eller at det blir gjort feilvurderingar. Og resultatet blir det ein ser no, nemleg at krigen ikkje går som forventa, noko som igjen fører til meir negativitet.
  19. https://www.nrk.no/vestland/mann-pagripen-for-vald-og-truslar-mot-naboar-i-oygarden_-trua-med-a-skyta-dei-i-hovudet-1.16524283 Minner litt om galningen på Kongsberg. Dette er samstundes fyrste gongen Vest politidistrikt har måtta ta i bruk elektrosjokkvåpen.
  20. INP er vel imot vindkraft og for alt som har med fossil energi å gjere. Er det framtidsretta? Kvifor er ikkje grøn energi viktig for eit parti som er opptekne av industri og næring, iallefall i namnet? Når det er sagt er det vel desse spørsmåla noko som fyrst og fremst høyrer rikspolitikken til. Dei som går inn for kjernekraft får kanskje mi stemme - om 2 år.
  21. Det irriterer meg at rikspolitikarane er så mykje framme når det er lokalval. Samstundes anar eg ikkje kva som skil dei ulike partia her i kommunen og fylkestinget. Hadde det vore stortingsval hadde eg stemt Høgre. Ved kommune- og fylkestingsvalet (Fjaler/Vestland) blir det vel å stemme etter gammal vane (Senterpartiet), Ap eller evt. sofaslitarpartiet.
×
×
  • Opprett ny...