Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    10 096
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Utgangspunktet for tråden var at fri tilgang på pengar til ei kvar tid auka sjølve forbruket til trådstartar med x %. Så kjem rentene evt. på toppen av dette.
  2. Dette kan gjerast i Ukraina dersom Vesten syter for å støtte Ukraina nok til å få kontroll over heile landet og gjere slutt på krigen før det er gått for lang tid. Eg har derimot ikkje sansen for å sende bestemødre som har vore i Latvia nesten heile sitt liv til Russland mot sin vilje. Og dette gjeld iallefall dersom folk flytta fritt innanfor unionen utan at det låg ein spesifikk plan om russifisering bak. Her bør ein vise minoriteten respekt og få dei over på si side. Her kan ein også nemne Kharkhiv i Ukraina. Putin ville gjerne gje inntrykk av å "beskytte" befolkninga som i stor grad er russiskspråklege, men russarane greidde aldri å innta byen på grunn av stor motstand i befolkninga, som er lojale mot landet sitt, som er Ukraina. I Ukraina må ein skilje mellom russsisktalande som alltid har vore der, og russiske innvandrarar etter 2014/2022. I Latvia er det gått for lang tid, og den russiske minoriteten er ein naturleg del av befolkninga.
  3. Men hadde Sovjetunionen ein plan om å russifisere Latvia? Eller flytta folk fritt innanfor Sovjetunionen på same måten som vi gjer innanfor EU? Dei fleste ville vel ta avstand frå påstandar om at Polen vil infiltrere Norge. Sovjetunionen sine grenser under den kalde krigen var internasjonalt annerkjente, på same måten som Ukraina sine grenser av 1991 er det i dag.
  4. På den andre sida ser ein at Russland har ein aktiv politikk for russifisering av okkuperte område i Ukraina. Ukrainarar må enten flykte, bli russiske eller blir erstatta med folk frå Russland. Alle må ha russisk pass, skulane blir einsretta og all undervisning er på russisk og innretta etter russisk kultur. På Vestbreidda ser ein litt av det same, der jødiske busetjingar breier om seg og palestinarane blir jaga frå område dei tradisjonelt har hatt. Når så okkupantane har hatt kontroll nokre tiår blir endringane vanskeleg eller umogeleg å reversere. Spørsmålet om russarane kom til Latvia som ein del av ein plan om russifisering, knuse den innfødde kulturen og/eller drive etnisk rensing, eller om dei ikkje var ein del av ein slik plan har såleis stor betydning for om- og evt. korleis spørsmålet om latviske statsborgarskap til russarar som innvandra i Sovjettida kan løysast.
  5. Du har sikkert betre greie på latvisk historie enn meg, men er du sikker på at det fanst ein plan som hadde som mål å russifisere Latvia og knuse den innfødde kulturen? Det er likskapar mellom det stalinistiske Sovjetunionen og NaZi-Russland anno 2024, men det er også store skilnader. Mi meining er uansett at når det er gått mange tiår og folk har slått rot og fått born og borneborn er det på tide å annerkjenne desse folka som fullverdige innbyggjarar. Ein kunne evt. setje som krav at alle (unntatt demente eller folk med hjerneskader/nedsette evner) måtte bestå ein prøve i latvisk for å få statsborgarskap. Dette er det Latvia som må bestemme, men det ville vise at Latvia er eit land tufta på vestlege verdiar i motsetnad til Russland. Midt oppe i dette er det ikkje vanskeleg å forstå at den russisktalande befolkninga med god grunn kan bli sett på som ein trussel i dagens situasjon. Den trusselen blir likevel minst mogeleg dersom ein behandlar denne minoriteten med respekt.
  6. https://www.nrk.no/urix/de-romte-fra-putins-regime-1.16864309 Artikkelen handlar om russarar og frie russiske medier som har søkt tilflukt i Latvia, men kjem også inn på situasjonen for den russiske delen av befolkninga. Dei som innvandra frå Russland i den tida landet var ein del av Sovjetunionen har vanskar med å få fullverdig latvisk statsborgarskap.
  7. Det bør vel eigentleg vere ei ære å stå på denne lista.
  8. Eg tenkte ikkje på hjelpearbeidarar. framandarbeidarar eller ferierande. Både USA og Storbritannia har om eg ikkje har misforstått, folk i tilknyting til forsvaret inne i Ukraina. (Dette er ikkje i NATO-regi, berre så det er sagt). Det var f.eks for ei tid sidan artiklar om amerikansk etterretning si rolle i Ukraina. Og det er heldigvis ingen ting Russland kan gjere med dette, sidan eit slikt samarbeid er fullt og heilt opp til Ukraina og USA. Eg ser forresten at @Brother Ursusforklarte dette betre enn meg.
  9. Ein får håpe at beklagelsen er oppriktig meint. Å diskutere regjeringa, NATO eller oljefondet si rolle i forhold til krigen på Gaza er både naturleg og legitimt, sjølv om Raudt er aldri så mykje på bærtur her.
  10. 22. juli. Relevansen er f.eks. at det var dåverande Raudt-leiar Moxnes som sette fram mistillitsforslaget som felte Listhaug då ho ytra noko slikt som at Ap var opptekne med rettssikkerheita for terroristane. Også då vart dette diskutert opp mot 22. juli. Det er kanskje ikkje så enkelt for oss som ikkje var der å forstå fullt og heilt korleis det var å vere midt oppe i ein så forferdeleg situasjon som det mange opplevde i regjeringskvartalet og på Utøya 22/7 2011. Ein skal ha forståing og respekt for at folk reagerer sterkt følelsesmessig når ubegrunna ytringar om "terrorisme" blir brukt i hytt og pine om eit politisk parti der mange faktisk har opplevd verkeleg terror på kroppen. Slike ytringar fører heller ikkje til nokon fornuftig debatt, dei tener berre som avsporing. For min eigen del reagerte eg meir på at utsegna til Listhaug, som ikkje var ein kva som helst slags opposisjonspolitikar, men derimot dåverande justisminister i ei regjering som skal representere heile Norge. At ho kunne komme med ei uttale som er så absurd. Alle skal ha rettssikkerheit, og ingen skal straffast før dei faktisk er dømt. Det er domstolane, og ikkje politikarane som skal dømme folk. Politikarar som utfordrar domstolane si sjølvstendige rolle i ein rettsstat er noko som ein ser i land som vi ikkje likar å samanlikne oss med.
  11. No har allereie Storbritannia og USA folk inne i Ukraina - rett nok ikkje på oppdrag for NATO. Eg meiner elles at det ikkje har så mykje å seie. NATO er allereie tungt inne med støtte i krigen, enten ein vil det eller ikkje. Om NATO sendte personell for å trene ukrainarar inne i Ukraina ville dette vere noko ein har all rett til. Kanskje er dei der allereie?
  12. Men dersom Russland skal bestemme kven som skal styre Ukraina vil jo landet bli nettopp det.
  13. Mykje kan seiast om Kaur og rød ungdom. Men her er det etter mi meining du som er klønete til å lese ein heilt vanleg norsk setning. Born vart drepne fordi dei ynskte seg ei betre verd.
  14. Ein liten ting som eg reagerte på: Om ikkje dette nettopp ville vere eit lydrike, kva legg du då i det ordet?
  15. "Nøytralt" i gåseauge med andre ord. Eller eit nytt Belarus.
  16. Det ser ut til at Utøya var stikkordet som skulle til for at ho kom seg ned att på jorda.
  17. https://www.nrk.no/norge/mimir-kristjansson-raser_-_-na-er-jeg-flau-og-sint-1.16870589 Det er oppvask i Raudt etter at leiaren i Raud ungdom har gått ut på TikTok og kalla Støre, Stoltenberg og sentralbanksjefen for "terroristar". Det er greit at krigen i Midtausten engasjerer, men skal raddisane bli tekne det minste seriøst (av andre enn PST) får dei komme seg ned på jorda, ta av seg skylappane og prøve å finne ut både kva for verd vi lever i, kva som truar Europa og kva det var for noko som utløyste krigen på Gaza.
  18. Det er vel vanskeleg å tolke svaret på nokon annan måte enn at han meiner at Ukraina vil tape på ein måte som inneber slutten på Ukraina som nasjon.
  19. Eg har Gebyrfri kredittkort og sparekonto i Santander. Også der brukar ein kid når ein overfører til sparekontoen. Det som er litt tungvint er at ein ikkje kan overføre direkte frå sparekontoen til kredittkortet, men må la overføringa gå via ein normal bankkonto i ein annan bank.
  20. Med andre ord: Den eines død, den andres brød. Nøkkelen er å ha minst to kort å velje mellom. Det kortet som gjev mest bonus når ein handlar på nærbutikken er ikkje det kortet som ein bør bruke når ein har bruk for fysiske pengar i utlandet - og omvendt.
  21. https://www.nrk.no/ostfold/foreslar-tettere-krisesamarbeid-med-sverige-1.16866035
  22. https://www.nrk.no/urix/har-putin-flyttet-blikket-til-dette-landet_-1.16868427 Utdjupande artikkel om situasjonen i Georgia.
×
×
  • Opprett ny...