Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    9 214
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Det var eit langt innlegg som ikkje var heilt godt å vite kva ein skal svare på. Ein har brunne fossile energikjelder sidan den industrielle revolusjonen for snart 200 år sidan, og verda har ikkje gått under. Samstundes er det også klart at dersom ein skulle halde fram på same måten og la heile verda si befolkning ureine like mykje som den rike delen av verda har gjort til no vil verda før eller sidan bli totalt forandra. Problemet er alvorleg, men ikkje alvorleg nok til at ein er villig til å gå tilbake til førindustriell levestandard. Men ein har avgrensa tid ved at endringane vil føre med seg stadig større kostnader og ulemper di lenger tid det går før ein får bukt med problemet. Skal ein hindre mest mogeleg skade må politikarar og leiarar vise handlekraft, slik at ein kjem raskast mogeleg vekk frå fossil energi og over på det tredje årtusen (og ikkje 1800-talet) sine løysingar. Dette vil m.a. innebere satsing på atomkraft. Etter kvart vil det kanskje tvinge seg fram eit tilnærma totalforbod mot bruk av fossil energi, slik du er inne på. Så spørst det om ein greier å få heile verda med på dette, enten det er eit splitta USA, eit autoritært og imperialistisk Russland som ikkje skyr nokon midlar, eit autoritært Kina som krev sin del av ressursar og velstandsutvikling, oljeproduserande land som Gulf-landa, Norge osv. Det beste håpet er kanskje at fossile energikjelder med tid og stund kan bli utkonkurrert på pris av nye og reinare energikjelder.
  2. Så det var der du har brukarnamnet frå?
  3. Det finst reglar for krig, og ingen av partane i krigen på Gaza følgjer desse reglane. Elles finst det allereie ein lang diskusjonstråd om krigen på Gaza:
  4. Ein kan meine kva ein vil om innvandring, men når det fyrst er bestemt at ein skal ha innvandring må ein ta vel imot våre nye landsmenn (-/kvinner) og integrere dei så godt som mogeleg. Det er vel også det kongen er oppteken av, og det er vel heller ikkje du ueinig i?
  5. Det var noko anna ja. Ein kan ikkje oppnå klima-rettferdigheit utan at ein også har menneskerettar.
  6. Ein kan vere kor kynisk ein vil, men dei fleste ynskjer seg likevel ei betre verd når alt kjem til alt. Har kongen sagt noko konkret som du er ueinig i?
  7. Det er vel heller ikkje opplest og vedtatt at det var eit angrep på sivile mål, sjølv om russartrolla hevdar dette. Eg tykkjer at forklaringa som vart gitt i denne videoen var interessant:
  8. Det du nemner her er vêr, og ikkje klima. Men om det skulle bli kaldare i Norden endrar ikkje det på faktumet at det går føre seg ei oppvarming globalt.
  9. Med andre ord ingen konkrete forslag til handlingar som kan bidra til å løyse klimaproblemet. (Då ville ein ha vore over i partipolitikken eller ingeniørane si verd).
  10. Dette meiner eg er direkte feil. Det er regjeringa som bestemmer utanrikspolitikken, men vi har tradisjon for at det er stor grad av konsensus i utanrikspolitikken. Det var vel også statsministeren som vart konsultert i samband med spørsmålet om korleis ein skulle reagere på terroren i Israel? Ein vart då einige om at det var statsministeren som skulle kondolere, slik det er vanleg i mange situasjonar. At ikkje også kongen skulle kondolere, slik som også er vanleg kom vel av at ein meinte at ordet "Israel" saman med "kondolerer" kunne vere kontroversielt. Her meiner eg at ein har eit godt eksempel på at ein har vore altfor redd for at det kongen seier kunne bli teke "politisk", altså motsett av utgangspunktet for tråden.
  11. Kor tid har kongen fri frå rolla som konge?
  12. Akkurat her er Greta Thunberg eit godt føredøme ved at ho prøver å leve som ho lærer. Likevel: Alle kan gjere litt. Det er urealistisk at ein toppolitikar skal leggje ut på ein båttur på fleire veker for å besøkje folk på andre sida av jorda. (Men videokonferansar burde kanskje ha vore brukt i større grad?) Likevel kan den same politikaren bidra ved f.eks. å ta trikken i staden for bilen (slik kongen gjorde då han skulle til Holmenkollen under oljekrisa på byrjinga av 70-talet), ikkje kaste mat, ha lågt personleg forbruk, vere nøye med å kjeldesortere osv.
  13. Klimaproblemet er alvorleg, men å forby co2-utslepp ville skape andre problem som også ville vere alvorlege. Vi har ei energikrise knytt til klimakrisa, og det er ikkje realistisk å gå tilbake til hest og kjerre for å seie det slik. Politikk vil alltid innebere balansegang mellom ulike problem, behov eller løysingar.
  14. Det kjem vel an på samanhengen det vart sagt i. Redigert: Og som går fram av @Evil-Ducksitt innlegg:
  15. Planeten vil overleve, men det er ikkje gitt at det vil finnast menneske på jorda dersom alt går til helvete.
  16. Kva for løysingar kom kongen med 😉
  17. Dette: Men han snakkar derimot ofte om dugnad eller inkludering, enten det gjeld etniske eller seksuelle minoritetar, unge som føler at dei ikkje blir høyrt (f.eks. i klimasaka, som ved sida av tap av natur er vår tids største utfordring), folk som har det vanskeleg osv. Hadde det vore ein tale frå f.eks. 60 år tilbake i tid ville den ha vore annleis, f.eks. ville den garantert ikkje ha innehalde noko om seksuelle minoritetar fordi dette var kontroversielt og til og med straffbart. I dag er slike ting ukontroversielt. Men å ynskje meir integrering eller mindre fattigdom er absolutt politikk. Kongen kom ikkje med nokon konkrete forslag til kva ein kan gjere for å få bukt med klimaproblemet. Hadde han gjort det ville han lett ha komme over i (parti)politikken. Men dermed har ein slik tale heller ikkje så stor verdi, anna enn som ei vennleg påminning om dei utfordringane ein står ovanfor. Eg tykte alt i alt at det var ein god tale.
  18. Spørsmålet er: Endar skyttargravene og minefelta ved grensa? Eller har russarane førebudd seg på at ukrainarane kunne finne på å okkupere eit lite område for å falle russarane i ryggen? Eg håpar elles at @Brother Ursus dukkar opp att med nye bidrag etter ein velfortent ferie.
  19. Nrk-sak med liknande tema: https://www.nrk.no/rogaland/trond-harald-haland-ble-tvangsinnlagt-pa-sykehus-etter-heftig-facebook-posting-1.16523010
  20. Ukraina har som målsetjing å jage Russland ut av Ukraina. Spørsmålet er då om det kan vere enklare å gå via Russland og bak forsvarslinjene enn å stange mot forsvarslinjene slik dei har gjort i sommar. Men Russland er sikkert førebudde også på dette, så det blir nok ikkje enkelt uansett.
×
×
  • Opprett ny...