Gå til innhold

Leie inn noen for å sjekke datasikkerhet


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Datasikkerheit er ikkje ein typisk synfaringsjobb.

Det beste alternativet for heimebruk er nok å melde deg på eit kurs i datasikkerheit der du lærer litt om kva du skal være oppmerksom på, korleis du lager gode passord, og liknande råd. Gjerne i kombinasjon av at du kjøper eit skikkeleg antivirusprogram og brannmur.

 

Datasikkerheit er mest eit spørsmål om sikkerheit målt opp mot funksjonalitet. Eg er ganske sikker på at ein datasikkerheitsekspert som skal sikre at du ikkje kan bli overvåka løyser det ved kutte internettilgangen, eventuelt let deg behalde eit svært redusert kabla nett som knappast nok kan brukast om du er villig til å ta litt risiko.

Den beste måten å sikre seg på er gjennom kunnskap, det er ingen hjelp i å sikre seg med software og hardware om du er typen som dobbelklikker på "document.doc.bat" og som loggar seg inn som administrator når "worddokumentet" ber om skrivetilgang til PCen.
Husk også at som privatperson så er kanskje den enklaste måten å overvåke deg på ved å bryte seg inn i huset ditt og stjele PCen, så gode passord og fast rutine med å alltid logge seg ut er kanskje det som er viktigast for ein privatperson.

  • Liker 3
Lenke til kommentar

Ok, takk for svar.

Nei jeg vet ikke helt hva jeg mistenker, men det er nå et sameie her da, det bor mange folk i blokka her. Jeg har et kamera stående her som jeg skrur på via egen app hver gang jeg går ut. Kan den hackes, for eksempel?

Så det er absolutt umulig å leie inn noen bare for å sjekke litt enkle ting i noen timer? Og det vil uansett koste 5000 - 10 000 kr?

Lenke til kommentar

Når det gjeld webkamera så vil det alltid være ein fare for at andre kan kome seg inn på kameraet, enten ved å lure deg til å gi virus eller skadevare tilgang til å installere programvare som lar andre styre webkameraet, eller ved at uvedkommande har installert slik programvare direkte på PCen medan du var ute av rommet.
Om det er mulig å bruke webkameraet utan at du veit om det vil være avhengig av kva slags webkamera du har. Mange webkamera varslar med lys når kamera eller mikrofon er aktivert, og dei tryggaste webkameraene har kopla lyset slik at einaste måten å få straum til kamera/mikrofon er via ledninga som også aktiverer lyset.

Det svakaste punktet er programvare som er installert på din eigen PC og/eller ditt trådlause nettverk. Du bør sjølvsagt ha eit godt passord og kryptering på wifi, og så må du være oppmerksom på at prisen du betalar for å kunne styre webkameraet trådlaust direkte frå ein app er at sikkerheita er lavare når webkameraet får være tilkopla wifi direkte. Det tryggaste er å bruke kabla webkamera slik at eventuelle angrep må gå via PCen som kameraet er tilkopla til.

Du er heilt sikkert mogleg å betale ein teknikkar (som vanlegvis rettar seg mot bedriftsmarkedet) til å kome på besøk for å sjekke enkle ting, men då snakkar vi stort sett om ting som er så enkle at du med litt grunnleggande kunnskap kan gjere det sjølv. Har du eit godt wifi-passord, passar på at ruteren har aktivert WPA2 kryptering, og kanskje viktigast av alt passar på at admin kontoen har anna brukarnamn og passord enn admin/admin så har du komt langt. Du bør også deaktivere alle fjerntilgangsfunksjonar på ruteren og alle funksjonar for enkel tilkopling av nye einheiter som WPS (om du aksepterer å gjere dette manuelt for å gjere nettet ditt sikrare).
Passar du i tillegg på å oppdatere firmware regelmessig så blir også eventuelle svakheiter reparert etterkvart som at dei blir oppdaga.
Det vil sjølvsagt alltid være ein fare for at du har skadevare på PCen som brukar nettilgangen som du har gitt PCen til å overvåke deg, men her vil eit godt antivirusprogram være den beste løysninga. Ein sikkerheitsekspert kan ikkje gjere så mykje anna enn å hjelpe deg med å installere programvaren då manuell gjennomgang av alle filene dine er ei håplaus oppgåve.

 

 

Med tanke på tid og pengar målt opp mot sikkerheitsbehovet ditt så har eg tre enkle lavterskel råd:
1) Trygg deg gjennom dei gratis nettkurs til nettvett https://nettvett.no/kurs/ her vil du få mykje god informasjon frå Nkom.
2) Gå over alle passord. Aktiver tofaktorinnlogging der du kan. Bruke lange og komplekse passord der du brukar både store og små bokstavar samt tal, unngå å bruke det same passordet for fleire tenester. Unngå å bruke fraser som er lett å assosiere med den aktuelle tenesta. Det er ikkje vanskeleg å gjette at passordet ditt til Netflixkontoen er Netflix123 og at passordet til Outlookkontoen er Outlook123. Om nødvendig skriv ned passorda i ei bok som du passer godt på, dersom du er redd for å miste passorda dine så kan du bruke eit passordhandteringsprogam der passorda dine ligg beskytta bak eit sterkt passord med tofaktor. Husk også at du dei fleste stadar kan generere nye passord så lenge du har tilgang til epostkontoen din (og mobiltelefonen der du har tofaktor), det er derfor ingen krise om du logger ut av Netflix og oppdagar at du har gløymt passordet, berre generer nytt passord på epost og sett eit nytt avansert passord.
3) Invester i eit godt antivirusprogram, styr unna gratisalternativa om du vil ha høg sikkerheit.

  • Innsiktsfullt 1
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...