Gå til innhold

Ny harddisk til Ps3


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

WD7500KPVT er 12,5 mm høg, og passar ikkje i PS3 (tynn eller feit). Du kan skru opp den feite og fjerne ein del av harddiskdekslet slik at den får plass, men du mistar garanti (du mistar ikkje garanti ved å bytte harddisk). Kjøp ein disk som er 9,5 mm høg, med mindre du ikkje bryr deg om garanti.

 

Og akkurat no - ikkje kjøp WD-diskar til PS3. PS3 støttar kun SATA-150, og dei fleste diskar i dag er SATA-300-diskar ("SATA2"). Normalt vil disken falle tilbake til SATA-150 når den er tilkobla ein enhet som kun støttar SATA-150, men PS3 fiksar ikkje dette. Med diskar frå Samsung og Seagate kan du bruke verktøy for å tvinge disken i SATA-150-modus (ESTool for Samsung, jumper for Seagate). WD har ikkje noko verktøy eller metode for å tvinge disken til SATA-150-modus endå, kanskje det kjem, kanskje ikkje (det ville eigentleg ikkje forundre meg, med alt eg har sett frå WD dei siste åra).

 

Kvifor er dette eit problem? Disken vil virke, men mange opplever særs plagsom hakking i både spel og film/lyd frå SATA-300-diskar, som ikkje går tilbake til SATA-150-modus i PS3.

 

Eg har sjølv nettopp bestilt ein Samsung HM640JJ (7200 RPM, 640 GB, 16 MB), det var den største kompatible disken eg fann som er tilgjengeleg no. Seagate kjem med ein 750 GB-disk litt seinare i år (ST9750420AS), men den er ikkje tilgjengeleg endå.

Lenke til kommentar

Ein disk som det står SATA-300 (SATA2, SATA-II etc.) kan brukast, men du kunne tvinge den til å køyre SATA-150-modus. SATA-150-diskar fungerar sjølvsagt fint, men har ikkje like stor kapasitet. WD har ikkje verkøty for å tvinge disken til SATA-150-modus, så desse bør du ikkje kjøpe før WD kjem med eit verktøy.

 

Eksempel på diskar (ingen 750 GB akkurat no, det er kun WD som har 9,5 mm 750 GB (WD7500BPVT), dei andre kjem vel ein gong):

Seagate Momentus 5400.7 640GB

SEA MOMENTUS 5400.6 640GB 2.5" SATA2 8MB

Samsung 640GB 2,5" 7200RPM SATA

 

For å tvinge Samsung-disken til SATA-150 må du koble den til PC-en din og køyre eit verktøy (ESTool), så er den klar. For å tvinge Seagate-diskar til SATA-150 kan du sette ein jumper mellom to pinnar på disken (sjekk diagrammet på disken om du kjøper ein av desse).

 

Alt innhald du har kjøpt på PSN kan du laste ned igjen til ein ny disk ved å logge inn med den same PSN-kontoen du kjøpte innhaldet med.

Endret av enixitan
Lenke til kommentar

Linkar med illustrasjonar. Dette er for interne diskar i stasjonære PC-ar (3,5"), men prinsippet er akkurat det same for disken du har kjøpt.

 

Serial ATA Jumpers and Cabling

Hard Drives

Setting Hard Drive Jumpers

 

Poenget er å kortslutte to punkt (ved å koble dei saman med metall) for å gje disken ein spesifikk kommando. Om det ikkje følgjer med ein jumper på disken du kjøper kan du sjekke om du har nokon andre interne diskar, som du kan låne frå. Du kan òg lage ein av noko du måtte ha, du skal bare skape kontakt med metall mellom dei to punkta. Om du lagar noko sjølv, pass på at den sit godt (denne festar du på før montering, og skal vere på så lenge disken er i bruk), og at den ikkje har kontakt med anna enn dei to punkta du skal kortslutte.

Endret av enixitan
Lenke til kommentar

KPVT er 12,5 mm, BPVT er 9,5 mm.

 

Google: ps3 wd7500bpvt stuttering

 

Gjev ein del treff, og det er bare dei som er smarte nok til å ta med heile modellnummeret sitt. Heavy Rain ser ut til å vere eit vanleg problem. For nokon går det greit, men for mange har problem med dette til at eg kjøper WD til formålet, eg går heller for ein disk med ei løysing som mange opplever at virkar (tvinge SATA-150).

Lenke til kommentar

KPVT er 12,5 mm, BPVT er 9,5 mm.

 

Google: ps3 wd7500bpvt stuttering

 

Gjev ein del treff, og det er bare dei som er smarte nok til å ta med heile modellnummeret sitt. Heavy Rain ser ut til å vere eit vanleg problem. For nokon går det greit, men for mange har problem med dette til at eg kjøper WD til formålet, eg går heller for ein disk med ei løysing som mange opplever at virkar (tvinge SATA-150).

 

Har lest meg klok nå, mye info å hente på psx-scene.com. Det virker som mange 2,5" SATA disker sliter på PS3, og western digital er hardt rammet siden de tilsynelatende mangler en funksjon for å tvinge SATA-300 ned til SATA-150. Det ser ut som at andre produsenter har lignende "problemer" Det er vist heller ingen garanti for å unngå etterslep selv om du finner rett setting via jumpere. Noen har også problemer med spindrive funksjoner for strømsparing (finnes på mange 2,5" disker) som treger ned systemet i PS3. Naturlig nok har slike harddisker disse funksjonene da de normalt sett skal sitte i en liten laptop.

 

Har bestemt meg for å kjøpe ny disk selv, og går for den sikreste løsningen. Kjøper en 3,5" 1TB disk og kobler den til SATA sloten internt i PS3. På denne måten unngår jeg alle problemene som oppstår på 2,5" diskene og får mer MB/Kr.

 

Bakdelen er kassa til 3,5" disken, egen strømkabel og en ledning stikkende ut av PS3, ikke fullt så elegant, men safe.

 

HDD

Kabinett

 

Ellers trengs det småkabler i form av SATA/eSATA og et adapter.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...