Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    9 092
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Kvifor tok dette over 2 år og 3 månader?
  2. Eg tippar det at folk har fått føle på russisk okkupasjon vil vere nok til at dei vil vende Russland ryggen den dagen Ukraina er samla og fritt. Det er betre med ytringsfridom og demokrati enn å frykte fengsel og tortur fordi ein opnar munnen og seier noko som makthavarane ikkje likar. Frie media vil også opplyse om kva som verkeleg har skjedd dei siste ti åra, frå Maidan-opprøret (som i russisk propaganda blir framstilt som eit vestlegstøtta kupp) til bombinga av Mariupol, massakren i Butcha osv. osv. Nokon vil nok støtte Russland uansett, men i mykje mindre grad enn før 2014. Russland sin krig har vart i 10 år, og har i stor grad samla ukrainarane og fått dei til å vende seg mot vest. Russland har oppnådd det motsette av det som var planen. Alle russarar som har slått seg ned i områda etter 2014 som del av russifiseringa vil måtte sendast tilbake til Russland, evt. søkje om ukrainsk statsborgarskap.
  3. Er det framleis sanksjonar mot Argentina på grunn av Falklands-krigen? Kvifor er ikkje desse blitt fjerna på over 40 år?
  4. Han er omtrent jamngammal med meg. Dette er den generasjonen som voks opp med glasnost, perestrojka, murens fall, oppløysinga av Sovjetunionen - og kaoset som kom etterpå, men der det trass alt var eit ferskt demokrati med ytringsfridom og frie media.
  5. Norge har ikkje bilproduksjon, og då er det vel likegyldig om folk kjøper elbilar frå Kina eller Elon Musk.
  6. Russiske media rapporterte fritt om ulukka med ubåten. Putin "løyste" problemet ved å ta kontroll over russiske media.
  7. Det viktigaste er likevel nok luftvern. Det blir mykje billegare enn å måtte byggje opp att ukrainsk infrastruktur etter kvar gong Russland bombar.
  8. Er det fleire merkelege begrensningar USA har lagt på Ukraina, slik at dei må kjempe med ei hand på ryggen?
  9. Er det tven eller dekoderen du treng fjernkontroll til? Korleis ser den gamle fjernkontrollen ut?
  10. Han meinte nok at dersom ein har aksjar eller fond før ein skaffar seg ASK er det ikkje mogeleg å flytte desse utan å realisere gevinsten.
  11. Det eg meinte er at eit rentefond vanlegvis ikkje er opp ein prosent den eine dagen og ned ein prosent den neste. Dermed er også pengane meir tilgjengelege. (Jf. kort sparehorisont).
  12. Så lenge fonda står på ASK-konto kan du ta ut alt du har investert og la gevinsten stå att, utan å skatte ei krone bortsett frå evt. formueskatt dersom du betalar det.
  13. Ein må her vere klar over at risikoen ligg ein stad mellom vanlege rentefond og aksjefond. F.eks. fall mange high yield fond omtrent like mykje ved starten av pandemien som indeksfond. Men dei fonda som overlevde(!) gjekk opp att i løpet av nokre månader, slik at dei samla sett gjekk omtrent i 0 for året samla sett. Eg har sjølv mesteparten av sparepengane mine i high yield-rentefond. Det er ikkje så god butikk, men pengane er meir tilgjengelege enn om dei var i aksjefond. Og risikoen er passeleg, slik at eg søv godt om natta.
  14. Hva betyr det? Dere prater tross alt med en kvinne som aldri har spart i fond før..😂 Det vil seie at dersom du har bestemt seg for å ha 50% i indeksfond og 50% på høgrentekonto (hypotetisk eksempel), så må du flytte pengar frå indeksfondet til høgrentekontoen når fondet går bra, og i andre retninga når fondet går dårleg, slik at du heile tida har den fordelinga (balansen) som du i utgangspunktet har bestemt deg for. Kombinasjonsfond gjer litt av det same.
  15. https://www.nrk.no/ostfold/atomavfall-bygger-seg-opp-i-norge-1.16912854
  16. Dette kjem også an på kor mykje meir det kostar med eit større anlegg enn eit som berre dekkar eige behov. Er det sjølve etableringa som kostar mest kan ein like godt dimensjonere anlegget godt når ein fyrst er i gang.
  17. Parti som har hatt makta gjer det dårleg. Heldigvis ser dette også ut til å gjelde for høgrepopulistane i Ungarn.
  18. Og det kan du heilt sikkert også sjekke i ein eller annan app.
  19. Her om dagen vart det sagt at magasinfyllinga var 48,1% i snitt. Samstundes opna ein flaumlukene og slepte mest mogeleg vatn forbi turbinane for å kunne ta imot regn og flaum som kunne komme. https://www.nrk.no/vestfoldogtelemark/vassmagasina-blir-fylte-opp---gir-fare-for-skadeflaum-1.16902096 Det er lite hjelp i at solcellene produserer for fullt på same tid, samstundes som at dei produserer lite i den årstida ein har bruk for straumen.
  20. Eg er einig i at solceller på tak er ein del av løysinga på klimakrisa, på same måten som utbygging av atomkraft, magasinbasert vasskraft, elvekraftverk, effektivisering av gamle vasskraftverk, utbygging av vindkraft på land og hav, bioenergi og energisparing/energieffektivisering. Men det er heilt andre ting enn solceller på tak som må til for at ein skal nå klimamåla i framtida.
  21. Kor mange tak og fasadar må til for å oppnå dette? Kor mange av desse TWh kjem til nytte i den mørke og kalde årstida, når ein verkeleg treng krafta? Og kvar finn du parkeringsplassar som verken blir brukt til bilar eller som det ikkje er bruk for til utbyggingsføremål? Politikarane sin feilslåtte strategi har ført til at det ikkje er realistisk å nå klimamålet for 2030. (Dette var også utgangspunktet for denne tråden). Om ein ikkje snarast vedtek å byggje ut atomkraft vil ein heller ikkje nå klimamålet for 2030 i 2040.
×
×
  • Opprett ny...