Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    9 078
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Men dette er i så fall handlingar som dei har gjort på vegner av USA som "commander in chief". Det vi snakkar om no er evt. brotsverk som dei gjer mot USA og/eller i strid med amerikansk lov. At stormakter som USA, Russland, Kina osv. hevdar at dei står over internasjonal rett er ein heilt annan diskusjon. Det er forresten heller ikkje nokon overnasjonal domstol som faktisk har dømt USA for det du nemner.
  2. Kven bestemmer over franske bidrag til Ukraina? President eller statsminister?
  3. Putin brukte Belarus som oppmarsjområde for å invadere Ukraina. Kan det tenkjast at han også vil bruke Belarus til å sprenge ei atombombe over Ukraina? Og kva vil i så fall USA gjere då? Eg er redd at den noverande administrasjonen i USA er så nedsylta i "eskaleringsfrykt" at ein vil gjere fint lite før Russland startar 3. verdskrig og sender atombomber mot USA.
  4. Det er vel like mykje USA som gjev Ukraina berre akkurat nok våpen til å halde linjene nokonlunde, og som framleis legg begrensningar for korleis amerikanske våpen kan brukast. Dersom krigen går dårleg nok gjev ein meir eller legg færre begrensningar, men ein vil aldri gje Ukraina det som skal til for å vinne krigen. For då er ein redd for at Russland vil kollapse. Russarane bombar Ukraina i filler, medan Ukraina ikkje får lov til å bruke amerikanske ATACMS for å ta ut flybasane. Om ukrainarane til slutt skulle miste motivasjonen til å halde fram kampen ville det ikkje vere vanskeleg å forstå. Vi treng ein Trump-variant kompetent president som støttar Ukraina, og som er villig til å setje hardt mot hardt. Det er ille at USA har ein president som ikkje fungerer, og at alternativet (sannsynlegvis) vil vere enno verre for Ukraina.
  5. Ein viss mann på 78 år sa iallefall i ein debatt på amerikansk tv for eit par dagar sidan at Europa hadde gitt halvparten av det USA har gitt. Diverre fekk alle løgnene stå uimotsagt fordi den andre debattanten knapt greidde å snakke.
  6. Europa har vel gitt minst like mykje støtte som USA.
  7. Eg fryktar Trump, men eg er ikkje på nokon måte fornøgd med det Biden har gjort i forhold til å støtte Ukraina.
  8. Dersom Biden får halde fram vil Ukraina få akkurat nok støtte til at det held krigen gåande. Dersom Trump blir vald kan kva som helst skje. Mest sannsynleg vil amerikansk støtte minke, slik at Russland får eit overtak. Men det er også ei mogelegheit for at det motsette kan skje. Eg trur at Trump vil ha ein snarleg slutt på krigen, og tvilar på at republikanarane vil leggje nokon begrensningar på korleis eventuell amerikansk våpenhjelp kan brukast.
  9. Og medan Biden-administrasjonen i USA framleis nektar Ukraina å ta ut flybasar inne i Russland med ATACMS kan russarane halde fram med å bruke desse til å angripe Ukraina. Noko som ein ser dagleg om ein følgjer med på Ukraina-tråden her på diskusjon.no:
  10. Retting: Det var Michael McCaul, republikanar og sjef for utanrikskomiteen i representanthuset som påpeika at kongressen ikkje hadde lagt begrensningar på våpenstøtta til Ukraina. Dersom ein blar fram til ca. 5:10 kan ein sjå korleis han ordlegg seg. Men også Mike Johnson har argumentert for å fjerne begrensningane, på same måten som Blinken, Stoltenberg og mange andre). Med ein svekka Biden er det Sullivan som førebels ser ut til å ha styringa.
  11. Mike Johnson, speakeren i representanthuset (som også trenerte støtta til Ukraina i over 1/2 år) gjorde iallefall eit nummer av dette etter at støttepakken endeleg var vedteken. Han sa at kongressen ikkje hadde lagt begrensningar på korleis amerikanske våpen skulle brukast. Sannheita er vel heller at det eigentleg er Biden sin rådgjevar, Jake Sullivan som styrer krigen i Ukraina, og at han er altfor redd for atomvåpenspøkelset. Retting: Det var Michael McCaul, leiaren i utanrikskomiteen i representanthuset som påpeika dette.
  12. Feil. Biden vil at Ukraina skal kjempe krigen med ei hand på ryggen.
  13. Jeltsin var vel fyrst og fremst dritings.
  14. Stemmene vart vel talt på nytt i fleire delstatar også i 2020?
  15. Men då kan kanskje du forklare kva Biden gjorde som ikkje var i samsvar med planen til Trump. Var planen gjennomførbar?
  16. Utanrikspolitisk har Biden vist seg å vere svak. Afghanistan-exiten (som Trump starta) enda slik den måtte gjere. Israel gjer som dei vil, enten amerikanarane likar det eller ikkje. Iran, Hizbollah og huttetu-militsen gjer det same. Ukraina-hjelpa har vore for lita og for treg (dette må både Europa og republikanarane som trenerte våpenhjelpa ta sin del av skulda for). Russland bombar sivile, kraftverk, infrastruktur og stillingar på fronten meir eller mindre fritt. Samstundes får ikkje Ukraina bruke amerikanske våpen til å ta ut flyplassane inne i Russland som russarane opererer frå. Biden vil ikkje at Russland skal vinne krigen, men vil heller ikkje la Ukraina vinne. Resultatet er eit blodbad, samt at Ukraina til slutt kan bli pressa til å godta ei audmjukande våpenkvile eller fredsavtale.
  17. Her skjønar i det minste dei fleste at Trump snakkar tull, og at det er humor. Men likevel med eit visst alvor. Trump viser at han har overskot. Kontrasten er stor til ein stotrande Biden som mistar tråden, ser ned i golvet og prøver å komme på ordet som han skulle seie... "Medicare" var det visst.
  18. Frykta kjem vel av at historia viser at ein ikkje kan ta demokrati for gitt. Weimar-republikken var demokratisk. Også Russland hadde eit slags demokrati ein periode etter at Sovjetunionen gjekk i oppløysing. Det har også hendt andre stader at diktatorar har komme til makta gjennom demokratiske val. USA skulle i utgangspunktet vere eit stabilt demokrati, men den sterke polariseringa og mangel på respekt for spelereglane (slik ein såg fram mot 6/1 2021) er farefulle teikn.
  19. Biden har heller ikkje starta nokon krig, det er det Russland, HAMAS og andre som har gjort. Tvert imot fullførte Biden exiten frå Afghanistan som Trump sa han ville gjennomføre. Amerikansk økonomi er bra, men det er inflasjon over heile verda på grunn av etterverknadane av pandemi og krigen i Ukraina. Trump hevdar at Putin aldri ville ha invadert Ukraina dersom han var president. Men Ukraina vart invadert allereie i 2014, utan at verken Obama eller Trump gjorde noko for å styrke det ukrainske forsvaret eller å kaste Russland ut av Ukraina. Tvert imot prøvde Trump å drive utpressing mot Ukraina for å få dei til å hjelpe til med å sverte Biden med falske anklager mot sonen. Er amerikanske veljarar så dumme at dei ikkje ser dette?
  20. Kan det vere slik at ein dømmer Trump etter kva han seier og at løgnene blir gjennomskua, medan ein dømmer Biden etter kva han har gjort eller kjempa for?
  21. Og det er heller ikkje nemnt noko om russiske raid mot ukrainske grensebyar. Det er ein viss skilnad på at krigen kan ramme dei som bur på grensa og Russland som jamnleg bombar Kyiv og andre stader langt frå fronten heilt bevisst.
  22. Sjølvsagt. Det var vel mange som gjetta at då Russland ikkje kom nokon veg med å konstruere eit nytt flyktningeproblem i Europa vart desse i staden sende rett i kjøtkverna. Men det er greit å få dette stadfesta.
  23. Han er flygar (passasjerfly) og er vel russiskspråkleg ukrainar som kjem frå Krim. Elles er han vel ein vanleg mann, akkurat som vi som diskuterer her i denne tråden.
  24. Det er eit par ting eg la merke til i meiningsmålinga til CNN. I utgangspunktet var det vel 55/45 som trudde at Trump ville vinne debatten. Forventningane til Biden var med andre ord ikkje gode. Etter debatten var vel stillinga 67/33. Er dette eit uttrykk for at det Biden faktisk sa var meir fornuftig enn det som Trump sa? Eller er det "grunnfjellet" til demokratane som står att? Hadde det vore heilt krise burde vel dette heller ha vore f.eks. 95/5 til Trump? Har Biden ein sjanse til å rette opp att det dårlege inntrykket seinare?
  25. Litt om Vovtsjansk, litt om russisk framgang i aust. Men det meste av tida brukte han på å snakke om den amerikanske presidentdebatten og prestasjonane der. Dommen var klar. Biden burde trekkje seg som presidentkandidat, elles kjem Donald Trump til å vinnne valet. Og det ville neppe vere bra, verken for USA eller for Ukraina. Samstundes burde det ikkje vere vanskeleg for nokon som er talefør å debattere mot Trump.
×
×
  • Opprett ny...