-
Innlegg
10 092 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av torbjornen
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Problemet er at om Ukraina trekkjer seg ut av Kursk vil russarane følgje etter inn i Sumy. Då er det trass alt betre at fronten ligg inne i Russland, slik at det er russiske- og ikkje ukrainske område som blir øydelagde av krigshandlingane. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Både Biden og Trump ser ut til å ville kjempe til siste ukrainar. Ein må gje nok våpen fyrst. Så kan ein evt. kalle inn ytterlegare soldatar. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Feil svar. 1. Russland sjølv har det fulle ansvaret for at dei invaderte Ukraina. 2. Eg er einig i at USA burde ha gått føre som eit godt eksempel, og latt vere å drive krig i strid med FN-mandat eller blande seg inn i eige nabolag. Det siste har dei då heller ikkje gjort på lenge. Men å vise svakheit for Russland har ikkje fungert, så i staden for å la vere å utvide NATO austover burde ein heller ha gått raskare fram. Hadde ein gitt Ukraina sikkerheitsgarantiar og etter kvart NATO-medlemsskap på eit langt tidlegare tidspunkt slik ein gjorde med dei baltiske landa hadde heile krigen vore unngått. Den store feilen er at vi her i vest har sett på Russland som eit normalt land som respekterte folkeretten og som heldt inngåtte avtalar, og at ein ikkje har teke tidlegare truslar på alvor. Ein trudde at Russland ville vere fornøgde etter at dei blanda seg inn i Georgia, og hadde aldri trudd at dei ville gå til krig mot- eller gjere krav på deler av Ukraina. 3. Nettopp. Avskrekking fungerer, medan det å vise svakheit ovanfor Russland ikkje har fungert. Difor er det viktig at Europa rustar opp, samt at land som grensar til Russland blir invitert inn i varmen medan Russland er opptekne i Ukraina. Sverige og Finland har allereie nytta høvet.- 86 220 svar
-
- 12
-
-
-
Jentene på vidaregåande var ikkje særleg imponerte over resultatet av at eg ikkje klipte neglene, samstundes som at eg hadde reinska ugras i potetåkeren heime i hagen. Resultatet vart ei svart stripe med jord mellom neglene og huda som ikkje let seg vaske vekk. Så mi erfaring er at grøne fingrar bør ha nyklipte negler. ... men kanskje feilen var at eg skulle ha lakka neglene? Eller nei, då hadde nok alle trudd at eg var homo. Dette var midt på 90-talet.
-
Kvar sin smak... Det som eg tykkjer er verst er tatoveringar, særleg når dei dekker store deler av kroppen. Det er stygt, enten det er snakk om mann eller kvinne. Overdriven bruk av sminke virkar litt på same måten.
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Her er vi på bølgjelengde, men det eg svarte på var flisespikkinga om USA og Canada som "europeiske" land. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Dei krigar på ein måte som inneber at dei blir brukt som kjøt, i enno større grad enn russarar. Ingen av dei er udugelege, tvert imot gjer offerviljen det vanskeleg å stanse den russiske framgangen. Russisk framgang har ein høg pris, og den einaste måten Ukraina kan vinne krigen på er å krige på ein "smartare" måte med betre våpen og høg grad av automatisering. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
At europeiske land har gitt betydelege bidrag er eit faktum. At også ikkje-europeiske land er inne eit stykke nede på lista over bidrag per bnp endrar ikkje på dette. -
Kva synest folk på Grønland om at Donald Trump vil kjøpe Grønland? https://www.nrk.no/video/8a74dc06-b52b-4077-9473-a41d2c13a385
-
Menn i Felleskjøpet-kjeledress i forretningsmøter eller på Stortinget ville ha sett like rart ut som dresskledd bonde i fjøsen. Men olabukse og strikkagenser hadde kanskje vore godkjent?
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Desse oppdateringane er absolutt av interesse. Sannferdig informasjon er alltid viktig å få med seg, enten det går bra eller dårleg for Ukraina. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Ei overskrift utan samanheng seier fint lite. Faktum er at det ikkje har gått så bra med mange land i Afrika etter at koloniveldet vart erstatta av diktatorar, krigar og konfliktar og/eller opprørarar og islamistiske terrorristar. Om du lenkar til artikkelen kan ein gjere seg opp ei meining om kva han eigentleg meinte. Dette rokkar uansett ikkje ved at Storbritannia under Boris Johnson var blant dei sterkaste støttespelarane for Ukraina. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Den russiskortodokse patriarken tilber ikkje Jesus, men Putin. -
Hvorfor er du kunde hos Norges verst omtalte bank? (DNB)
torbjornen svarte på PosteMonopolet sitt emne i Privatøkonomi
No har eg fått følgjande melding i DnB-nettbanken: Er det nokon her som framleis er med i Sbanken-konseptet? Har de fått liknande melding om prisauke? -
Kling namnet Scholz noko særleg betre? Elles er det vel eit faktum at sjølv om Trump har gjort mykje rart var han tidleg ute med å kritisere europeiske politikarar for å gjere Europa alt for avhengig av Russland. Han har også heilt rett i at Europa må bruke meir pengar på eige forsvar.
- 627 svar
-
- 1
-
-
Det er vel iallefall lettare å tilfredsstille krava til EØS-medlemsskap enn til EU-medlemsskap. Nokon nordamerikansk frihandelsavtale er vel ikkje noko å satse på, så lenge den påtroppande presidenten i det eine medlemslandet truar med å bryte avtalar, høge tollsatsar eller til og med militær invasjon av naboland.
- 627 svar
-
- 1
-
-
Men no er det min tur til å stille eit spørsmål. Arvelatar hadde eit hus som var bygd på 60-talet, og som ho budde i fram til ho melde flytting for nokre år sidan. Deretter stod huset tomt. Kvitteringar på kjøp av materialar, arbeid osv. finst ikkje. Vil arvingen då måtte betale gevinstskatt for heile verdien på huset? Og kva med tomteverdien? Kjøpesum står vel i grunnboka, men pengeverdien er ein heilt annan i dag enn då.
-
Konklusjonen er vel at dersom ein skal sleppe gevinstskatt må arvelataren ha budd der fram til for mindre enn eitt år sidan. Om ein somlar aldri så mykje med å få selt bustaden skal ein vel ikkje skatte av gevinsten frå før arvelataren døydde dersom arvelataren kunne ha selt skattefritt?
- 29 svar
-
- 1
-
-
Jau, det må du. https://www.skatteetaten.no/person/folkeregister/dodsfall/egen-skatt/
-
Norge, Island og Lichtenstein kan vel fort få selskap av Grønland som EØS-land.
-
Logaritmer og algoritmer er to ulike ting.
- 627 svar
-
- 1
-
-
Finst det noko hinder for at nordmenn kan drive bisniss der i dag?
-
Dette er blitt ein lang tråd, så i tilfelle dette er nemnt før må eg berre beklage. VG hadde ein NTB-artikkel her om dagen, som nemnte at det danske kongevåpenet er endra frå 2025: Det artikkelen ikkje seier noko om er kva dei tre kronene symboliserte i utgangspunktet, og at ei slik oppfatning slår tilbake på svenskane sjølv. Men nok om det. Så då spørst det då kor lenge det går før svenskane feiar for eiga dør og endrar riksvåpenet frå tre kroner til berre ei. Lenke til artikkelen: https://www.vg.no/nyheter/i/73QPW4/danmark-fjerner-svenske-kroner-fra-riksvaapenet Det danske riksvåpenet inneheldt i tidlegare tider også ei norsk løve og islandsk klippfisk eller falk. https://no.m.wikipedia.org/wiki/Danmarks_riksvåpen
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Søkjer ein på Google etter "General staff of the ukrainian armed forces" får ein treff på Facebook-sida, og der pleier denne grafikken å bli lagt ut kvar morgon. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Mi meining er at desse daglege oppdateringane er interessante å følgje, og at dette absolutt høyrer heime her i denne tråden.
