Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    10 277
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Dette. Norge er eit demokrati og ein rettsstat, og ein kan ikkje dømme nokon før ein kan ta dei for å ha gjort noko som ikkje er lov å gjere.
  2. 1. Og så hadde ein del bedrifter gått dukken, både på grunn av renta i seg sjølv og at folk flest reduserte forbruket. Ein ville ha fått nedgang i økonomien og folk flest ville ha fått dårlegare råd. Og så hadde inflasjonen gått ned på grunn av dette. Danske kroner er vel knytt meir eller mindre fast til Euro, medan den norske krona har vore flytande sidan Norges Bank ga opp fastkurspolitikken på byrjinga av 90-talet. Den svenske krona er flytande slik som den norske. Om norske kroner skal vere stabil i forhold til Euro er løysinga EU-medlemsskap og å låse krona til Euro.
  3. For min del er det mange gode grunnar til å stemme Høgre, eller evt. Venstre som er dei som ivrar sterkast for å auke støtta til Ukraina. Men eg likar ikkje høgrepopulistane i Frp. Eg meiner at å leggje til rette for bedriftene er det viktigaste ein kan gjere, men vil ikkje ha kulturkrig, innvandringsskepsis, nei til EØS eller tulledebatt om livstidsstraff vs. forvaring med på kjøpet. Sidan Frp ser ut til å bli klart større enn Høgre vurderer eg å stemme Ap i år, trass i alt som står ovanfor og trass i at eg slett ikkje er begeistra for partia til venstre for Ap og Sp, og som kan ende opp som ein del av grunnlaget for ei raudgrøn regjering. Eit alternativ er vel at eg hamnar hos sofaslitarpartiet.
  4. https://www.nrk.no/sapmi/asylsokeren-andrei-far-stemme-i-sametingsvalget-1.17523713 Artikkelen er uklar, men eg forstår det slik at ein har gjort eit unntak frå reglar om norsk statsborgarskap for at russaren skal få stemme ved sametingsvalet.
  5. https://www.nrk.no/urix/putin-moter-trump_-_-stormaktene-som-setter-premissene-1.17524610 Lang artikkel, som konkluderer med at Noko anna i artikkelen som er interessant er dette: Det er vel nettopp i Sumy at det har gått dårlegast for russarane i det siste. Spørsmålet er kor heilhjarta den operasjonen var i utgangspunktet? Uansett ser det ut til at Russland oppnår lite ved å ha offensive styrkar her. Det er vel fyrst og fremst i Donetsk russarane pressar på, og Russland kan då oppnå meir ved å flytte styrkar frå Sumy hit. I tillegg oppnår ein med dette å leggje ytterlegare press på Zelenskyj i samband med møtet mellom Trump og Putin i Alaska.
  6. Om eg hugsar rett var lønsemda avhengig av nye kraftkablar til utlandet. Når den raudgrøne regjeringa sa nei til kraftkablar gjorde ein ei havvindsatsing som kunne ha vore økonomisk lønsam til eit subsidiesluk.
  7. Vi er også ramma av feilslått tysk energipolitikk over mange år som gjekk ut på å kvitte seg med "grøn" atomkraft og å erstatte den med fossil gass frå Russland.
  8. Difor er det å håpe at Putin blir villeia i trua på at han kan vinne krigen militært, samstundes som Europa, NATO og helst også USA held fram med å støtte Ukraina fram til eitt eller anna raknar på russisk side - As long as it takes! Men europeiske leiarar må bidra med meir enn berre prat. Elles taper Ukraina krigen, og blir tvinga til å signere ein dårleg fredsavtale som legg landet ope for neste krig.
  9. Då måtte Trump ha vore ein svært god skodespelar som greidde å føre alle bak lyset. Så god skodespelar er ikkje impulsive Trump.
  10. Både Biden og Trump har vore feige. Biden venta alt for lenge med viktig støtte, og la allslags merkelege restriksjonar på bruken. Men europeiske leiarar har også vore altfor feige. Eit eksempel er Tyskland under Scholz. Hadde Biden sett ned foten allereie før invasjonen, slik som med Taiwan kunne heile krigen kanskje vore unngått. Kanskje hadde det noko å seie at ein trudde at Ukraina ikkje ville halde ut meir enn nokre dagar.
  11. Eit problem med å sende soldatar til å vakte ei våpenkvile er at det då blir færre soldatar att til å vakte andre europeiske grenser slik at det blir lettare for Russland å angripe i neste krig.
  12. Dette blir ikkje noko av. Putin har kravd begge deler, og har så langt ikkje rikka seg ein tomme. I tillegg må Ukraina ruste ned og stå utanfor NATO, slik at det blir enklare for Russland å okkupere resten av landet i neste krig.
  13. Vindmøller, straumprisar, "grønt" hydrogen eller datasenter som brukar opp krafta vår er saman med EU-direktiv, innvandring og kriminalitet saker som tek fokus vekk frå andre saker som er vel så viktige. Desse sakene svekkar partia i midten og styrker parti som Raudt og Frp. Det same er tilfellet om ein greier å importere amerikansk kulturkrig. Det mest positive med partiet FOR er at dei stel ein del stemmer frå Raudt, slik at sistnemnde risikerer å få færre representantar på Stortinget enn dei kunne ha fått. Å promotere FOR kan dermed virke mot si hensikt frå eit russisk perspektiv. Når dette er sagt, så har også Frp vore tydelege i støtta til Ukraina. Så er spørsmålet om dei er til å stole på i lengda.
  14. Nettopp den saka er godt eigna til å skape splid. Det er ikkje tilfeldig at FOR likar å snakke om Gaza (som ingen norske eller europeiske politikarar får gjort noko med, sidan det er USA som bestemmer), samstundes som dei ikkje vil støtte Ukraina.
  15. MDG og Venstre har vore dei to partia som har vore tydelegast i si støtte til Ukraina.
  16. Ukraina vil aldri anerkjenne okkuperte område som russiske. Det dreier seg derimot om kvar konfliktlinja skal liggje i ein fastfrosen konflikt etter ei eventuell våpenkvile. Russland ynskjer som kjent å behalde dei områda dei okkuperer, og at Ukraina i tillegg skal trekkje seg ut av område som enno ikkje er okkupert, og som heller ikkje vil bli det i nærmaste framtid. Dette er sjølvsagt urimeleg, og ein seier difor at dersom Ukraina skal trekkje seg ut av nokre område vil Russland måtte trekkje seg ut av andre.
  17. https://www.vg.no/nyheter/i/zAqanq/trump-kan-skyve-india-i-armene-paa-kina
  18. Putin har med andre ord ikkje rikka seg ein tomme, medan amerikanarane framstår som idiotar.
×
×
  • Opprett ny...